Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Amerika
 

 

  
Indianar og kvit
Tekst: Scandion

Dei fleste av oss har mykje av vår "viten" om indianarane frå utallige bøker og filmar som, frå midt på 1950-talet og utover, skildrar liv og kamp mot inntrengjarane. 

Bøker, blad og filmar har beretningar om eventyr og opplevelsar blant indianarane i den "ville vesten", og handlingane utspelar seg ofte blant folkestammane i den austlege del av Nord-Amerika, eller på dei store gras-slettene mellom Mississippi og Rocky Mountains. Indianarane som held til her var jegerar og krigarar, og jakt på bøfflar var viktig. Åkerbruk og fiske var heilt framand for dei. 

Vi tenkjer oss gjerne at indianarane på prerien var djerve ryttarar. Det var dei også, men vart det først i seinare tid. Dei fekk tak i hestar og skytevåpen gjennom byttehandel eller i kamp med dei kvite. Då dei eingong vart vande med å ri, blei 
prerieindianarane farlige, ikkje berre for dei veldige bøffelflokkane, men også for dei kvite kolonistane. 

Talet på dei kvite kolonistane auka raskt. Dei tok landet frå indianarane, som vart tvinga til å trekkje seg mot vest for å finne nytt land og skape nye heimar. Dermed kom dei også i strid med andre indianarstammar, men på grunn av at dei hadde skytevåpen var dei overlegne i kampar. 

Det er mange av desse hendingane som har gjeve stoff til dei fleste indianarbøker og filmar. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no