Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Amerika
 

 

  
Striper og stjerner
Tekst: Scandion
Publiseringsdato: 11.12.2004

I flagget til U.S.A. er det 13 striper til minne om dei 13 første statane ved Atlanterhavet som 4. juli 1776 skipa eit samband, og som lyste ut at dei ville vera sjølvstendige. 
 

Dei 13 første statane var : 
Connecticut - Delaware - Georgia - Maryland - Massachusetts - New Hampshire - New Jersey - New York - North Carolina - Pennsylvania - Rhode Island - South Carolina og Virginia. 

Dei som søkte fridomen 
På 1700-talet var det i Europa mange som leid vondt for trua si. Dei som våga å reise heimanfrå - og kom til det nye landet 
kunne tena Gud som dei ville. 

Koloniane hjelpte kvarandre mot indianarane og mot franskmennene. Kvar koloni hadde sitt storting og sin guvenør og styrde sine eigne saker. 

England var moderlandet deira, og vedtok mellom anna at kolonistane ikkje måtte byggja fabrikkar som tevla med dei engelske. Kvar einaste spikar og hesteskosaum måtte dei t.d. kjøpa i England. Like eins vart det bestemt at alle varer skulle fraktast med engelske skip. 

England hadde hatt store utgifter til kolonikrigane. Parlamentet meinte difor det var rimeleg at koloniane i Amerika svara skatt til England. Men koloniane nekta - dei ville ikkje betale skatt så lenge dei ikkje hadde utsendingar i det engelske Parlamentet. Det var etter engelsk lov, meinte dei. 

Benjamin Franklin 
Nybyggjarane hadde fått tilgang på aviser, og der kunne dei drøfte sakene. Ein av dei fremste bladmennene var Benjamin Franklin. Han var óg bokprentar og hadde skaffa seg mykje kunnskap. Han fann bl.a. opp lynavleiaren, og var den første som laga eit kart over Golfstraumen. Eit av måla han hadde var å spreie meir kunnskap til landsmennene sine og gjere dei til opplyste menneske. 

Tollen på te fører til krig 
Sjølvstyrekravet vart sterkare og sterkare i koloniane. Til slutt vart skattane avvikla. Berre avgifta på te vart ståande. Men dette var amerikanarane svært misnøgde med. Ein dag kom det eit teskip inn på hamna i Boston. Då varene skulle tollast, kledde nokre av bymennene seg ut som indianarar og gjekk ombord og kasta teen i sjøen. Det vart liknande uro nokre andre stader óg. Då sende England soldatar over, og krigen var snart i full gang. 

Stjerner 
Den 4. juli 1776 skipa koloniane eit samband, og lyste ut at dei ville vera sjølvstendige. Til general valde dei George Washington. 

Washington var ein klok og djerv mann. Likevel sa han; - "Eg seier frå at eg slett ikkje er vaksen nok til denne oppgåva." Han hadde vore landmålar og merkt seg ut i krigen mot franskmennene og kjende difor landet godt. 
Når heile folket leit slik på Washington, var det først og fremst fordi han var så ærleg. Han skulle no føra nybyggjarane fram mot ei stor og rik verdsmakt. Ofte sat han attmed bålet om natta medan dei andre sov, og tenkte for å finne ein utveg. 

Franklin reiste til Frankrike og fekk hjelp der. Og både Frankrike, Spania og Nederland byrja krig mot England. I 1783 vart det fred. Statane fekk fullt sjølvstyre. 

Statane vart på engelsk kalla "United States of Amerika. Avkorta til U.S.A. Flagget har i dag 50 stjerner, ei for kvar stat. 

George Washington var fyrste presidenten i Sambandstatane, "den første i krigen, den første i freden og den første i hjarta til landsmennene sine". 
--------------------------------- 
Kjelde: Folket vårt - 1950 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no