Volvo
Duett
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 19.12.2004
I 1952 bestemte Volvo-grunnleggjar Assar Gabrielson seg
for at fabrikken skulle lage ein skapbil. Den som fekk jobben med å
gje bilen si form var konstruktøren Erik Skoog.
Berre eit år seinare, 4. juli 1953, rulla den første
PV 445, eller Duett som den seinare vart kalla, ut frå fabrikken
i Gøteborg.
Dette var ei herregårdsvogn med glasruter bak, plass
til fem personar og eit lyst og luftig interiør. Seinare på
hausten var den første varebilen klar.
Duett var ikkje ein stor bil, men med sin firkanta form
slukte den store mengder last og bagasje. Under panseret i dei første
bilane var det ein 1,4 liters motor på 44 hestar.
Seinare kom både ein B16 motor på 60 hestar og ein B18 på
75 hestar.
Før den siste bilen rulla av samlebåndet
19. februar 1969, vart det produsert til saman 97 298 Volvo Duett/P210
bilar. |