Hjulet, vegen og motoren
Forfattar: Scandion
(05.06.2005)
Hjulet, vegen og motoren er dei tre forutsetningane for
bilen. Utviklinga fram til eit effektivt samvirke mellom disse tre faktorane
har vore lang og dramatisk.
Hjulet er det elementæra. Når menneske
og firbeinte dyr forflyttar seg, skjer det ved hjelp av fram- og tilbakegåande
bevegelsar, som er tilpassa eit liv i naturen. Forflytning ved rotasjon
finst ikkje.
I byrjinga transporterte folk tung last på sledeliknande
framkomstmidlar. Etterkvart fann dei på å leggje rullar under.
At rullar mellom marka og lasta minska motstanden, var ei viktig oppdaging.
Glidefunksjonen vart avløyst av rullefriksjonen.
Neste utvikling var å forsyne rullane med nav som
vart festa til køyretyet, slik at ein skulle sleppe å flytte
rullane heile tida. Dermed var i prinsippet hjulet konstruert. Det første
hjulet var massive skiver. Neste etappe var eit bastant kors av eikar.
For å dempe støyt mot den ujevne vegbana
vart det på finare vogner sett på den massive gummiringen som
Goodyear hadde konstruert i 1839. Mot slutten av 1800-talet fann Dunlop
opp luftgummiringar for syklar, og brørne Michelin tilsvarande ringar
for bilar.
Vegen var sjølve forutsetninga for at hjulet
skulle kome til sin rett. I begynnelsen var vegane ikkje stort meir enn
rydda stiar i terrenget. Sjølve vegen oppstod ved bruken, men når
det regna, vart dei djupe hjulspora fylt med vatn og søle. Med tida
vart vegane forsterka med eit stabilt underlag.
Då motoren kom i bruk, vart farten ein heilt anna
enn før, og det stilte større krav til vegane. Det vart vegane
sin stand som bestemte bilen sin utvikling. At det var i Frankrike bilen
først kom i alminneleg bruk, skuldast for ein stor del det nett
av rette, gode vegar som landet hadde fått alt på Napoleon
si tid.
Motoren vart utvikla av dampmaskina, som innebar
at menneska omdanna varmeenergi til bevegelse. Dampmaskinene kunne brukast
i båtar og på lokomotiv, men var alt for tunge på landevegen.
Men den bensinmotoren som Daimler konstruerte i 1885, løyste problemet.
Alt før første verdskrig hadde bilmotoren og kraftoverføringa
nådd høg klasse. Sidan den tid har det vore ei fantastisk
utvikling.
Bilen sitt opphav er hestekøyretøyet. Lenge
var den berre ei primitiv plattform på to hjul. Styresystem og fjæring
var ukjent. For å ta litt av for støyt frå vegen vart
vognkurven hengt opp i reimar. Bilen (ein forkortelse for automobil, som
betyr sjølvbevegeleg) oppstod i og med at motoren erstatta hesten
som drivkraft. Det varte likevel lenge før bilen fann si eiga form.
Ein bytta rett nok hesten ut med ein motor, men ikkje
vogna med bilen. Den vart derfor lenge eit motorisert hestekøyrety. |