Den
viktige gnisten
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 06.02.2004
Det er få komponentar i bilen som ein tar som sjølvsagt
i same grad som tennpluggen. Likevel må den utføre eit ytterst
nøyaktig arbeid under dei mest ekstreme forhold.
Oppgåva til tennpluggen er å leie tenningsspenninga
rett inn i motoren og gi dei viktige gnistane som er nødvendige
for å antenne drivstoff / luftblandinga.
Tennpluggen blei oppfunnen i 1885 av Etienne Lanoir, og
den var temmeleg lik den vi brukar i dag. Allereie i 1777 hadde italienaren
Volta kome med idéen om å antenne gass ved hjelp av ein gnist,
og det same foreslo Isaac de Rivaz for ein eksplosjonsmotor som han laga
utkast til i 1807.
Tennpluggen virkar svært enkel i konstruksjon, og
er heller ikkje særlig vidareutvikla sidan den vart oppfunnen for
snart 120 år sidan. Likevel har den ei vanskeleg oppgåve å
utføre. Ein av påkjenningane tennpluggen skal tåle,
er dei enorme temperatursvingningane.
Ein kald vinterdag kan tennpluggen sin temperatur være
under 30 minusgrader når motoren er kald. Når motoren blir
varma opp, kan temperaturen inne i forbrenningskammeret stige til over
2500 grader. I denne temperaturen må tennpluggen gi gnist kanskje
50 gonger i sekundet.
Det er difor lett å forstå at tennpluggar
blir konstruert med den største omtanke. |