Barentshavet
Forfattar: Scandion
10.06.08
Barentshavet er havet mellom Svalbard, Frans Josefs land,
Novaja Semlja og Øst-Finnmark. Havet er forholdsvis grunt, og varme
straumar som kjem opp langs norskekysten forgreinar seg også inn
i Barentshavet.
Det fører til at Barentshavet, 1 300 000 km²,
er isfritt store delar av året. Djupna er ca. 300 m - men der er
også grunne bankar på rundt 100 m. Største djup er ca.
500 m. Om vinteren er det drivis. I det sørlege Baentshavet er det
godt fiske etter torsk og kveite.
Havet har fått namnet etter den nederlandske oppdagar
Willem Barent som i slutten av det 16. århundre vart sendt ut frå
Nederland for å finne ein ny sjøveg mellom Europa og Øst-Asia.
Barent kom i 1594 til Novaja Semlja og vart tvinga til å overvintre
der. Han omkom under overvintring saman med fem av sine menn på Novaja
Semlja to å seinare. |