Grip
fyr
Tekst og foto: Scandion.
Grip fyr blei tent den 15. oktober 1888. Det er eit støypejernfyr
og det høgaste i landet med 47 meter. Det ligg på Bratthårskollen,
eit skjær som ikkje er større i flatevidde enn 150 x 60 meter.
Fyret blei avfolka og automatisert i 1977. Tre år tidligare hadde
dei siste innbyggjarane på Grip flytta frå fiskeværet.
I 1932 blei fyret elektrifisert med straum frå eigne
aggregat.
Fyret er freda etter lov om kulturminner. I dag er det
Norsk Fyrhistorisk Forening saman med Kystdirektoratet og Riksantikvaren
som står for restaurering av den utsette stasjonen. |