Attraksjonar i
Kristiansund kommune
Foto: Scandion
Klippfisk-kjerringa
Sundbåten
Varden
Kongesteinen
Vainndammane
Festiviteten
Atlanterhavsbadet
Norsk Klippfiskmuseum
Nordmøre museum
Hjelkrembrygga
Mellemverftet
Folkeparken
Byen ved havet
Kristiansund er ein idyllisk hamneby. Langs kaia ligg
ikkje lenger berre reke- og fiskebåtar.
Oljeaktivitetane på Haltenbanken har skapt nytt
liv på hamna. Kristiansund er baseby for olje- og gassverksemda utanfor
Midt-Noreg. Forsyningsbåter, leitefartøy og oljeriggar er
blitt eit vanleg syn. To ganger dagleg kjem hurtigruta, og ferjene som
fraktar folk til og frå naboøyane er stadig innom.
Og når uværet herjer søker store og
små båter inn til den lune hamna.
Rundt hamna ligg dei karakteristiske klippfiskbryggene.
Dei fleste er kvite og gjev ein fin kontrast mot den ellers så fargerike
og moderne hamnebyen. Norsk Klippfiskmuseum held til i ein av dei eldste
og største av bryggene og det finst også brygger med bødker-
og blikkenslagerverkstad.
Kristiansund ligg på tre øyar rundt ei av
Noregs beste og vakraste naturhamn. Byens areal på 22 km2, er bunde
saman av bruer og har i tillegg forbindelse med ein rutegåande liten
passasjerbåt. Hamna har tre innløp og dei fire bydelane (som
kallast land) er Innlandet, Gomalandet, Nordlandet og Kirkelandet. |