Norsk
klippfiskmuseum
Foto: Scandion.
Klippfisknæringa la grunnlaget for Kristiansunds
vekst - der velståande handelshus, seglskipsflåte, verft og
andre verksemder var sentrert rundt klippfisken.
Milnbrygga, sjøhuset som huser Norsk klippfiskmuseum,
er bygd i fleire etappar og den eldste delen blei bygd av William Gordon
i 1749. Bygningen fekk navn etter ein seinare eigar, også han ein
av dei skotske klippfiskkjøpmenn, Walter Miln.
Inne i brygga er det ein heilt spesiell atmosfære
med lukt av klippfisk og salt i veggane.
Museet er opent for publikum i sommarsesongen - og stikk
du innom blir du guida gjennom bryggas unike og urørte innreiing,
der gamle fotografi viser korleis framstilling av klippfisk gjekk føre
seg i gamle dagar.
Klippfisk kom til Norge som eit nytt og ukjent produkt
i 1690-åra. Det var skotske kjøpmenn som tok med seg kunsten
hit. Klippfisken har imidlertid sin opprinnelse blant portugisiske og baskiske
fiskarar i Newfoundland på 1500-talet.
Klippfiskfestival
Det blir arrangert Klippfiskfestival med bacalaokonkurranse
og bransjekonferanse på Milnbrygga kvart år i juni.
Kjelde:
Nordmøre museum
wikipedia |