Klubba er den ytterste pynten av Kirkelandsøya
mot nordvest. Når det bles frisk pålandsvind eller når
storm har piska opp havet kan du oppleve eit mektig skodespel når
havet møter svaberga. Klubba er eit populært utfartsmål
og det er tilrettelagt med stiar frå Kringsjå eller frå
Kirkelandet gravstad ned til havkanten.