Kvalvik Fort
Tekst: Scandion (05.01.09)
Kvalvik Fort ligg flott til nordaust på Freiøya,
ut mot fjorden med kanonstillingar, kanoner, andre installasjonar og er
utstyrt med informasjonstavler. Fortet, som er under restaurering, er eit
av dei best bevarte kystfort frå 2. verdskrig.
Kvalvik Fort blei bygd av tyske styrkar under okkupasjonen
1940 - 1945. Det var eitt av 400 kystfort i "Festung Norwegen". Det vart
starta bygd våren 1943, men var enno ikkje ferdig då freden
kom. Mannskapsstyrken var i november 1944 på 100 mann.
Publikum har adgang til fortet. Inne i dei ulike bunkerane
får ein eit innblikk i korleis det var å være utplassert
soldat under den 2. verdskrig.
Fort-området blir halde vedlike av Frei kommune
i tett samarbeid med Kvalvik Forts Venner. Venneforeninga er åpen
for alle interesserte.
Les meir om fortet på http://www.kvalvikfort.no |