Bila nr. 1 - Ytre Osterfjord, Nordhordland. Ukjend
smed og alder. Nytt skaft. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 2 - Indre Osterfjord, Nordhordland. Ukjend
smed og alder. Nytt skaft. Opphaveleg skaft som på nr. 3. Foto: Arne
Høyland.
Bila nr. 3 - Ytre Osterfjord,
Nordhordland. Ukjend smed og alder. Nytt skaft, kopi av gamal skafttype
frå Indre Osterfjord. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 4 - Ytre Osterfjord, Nordhordland. Ukjend
smed og alder. Nytt skaft. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 5 - Austfjorden, Nordhordland. Ukjend
smed. Gamalt, litt skeivt kort skaft. Dekor og inskripsjon: 1856 H.E. Foto.
Arne Høyland.
Bila nr. 6 - Ein fjellgard i Masfjorden, Nordhordland.
Ukjend smed. Gamalt ? litt skeivt langt skaft. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 7 - Lurefjorden, Nordhordland. Ukjend
smed og alder. Nytt beint skaft. Dekor: XX...... Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 8 - Osterfjorden Ytre, Nordhordland.
Ukjend smed og alder. Gamalt skaft. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 9 - Austfjorden, sørsido, Nordhordland.
Om smeden: Eigaren seier dette om smeden og bilo: Da kan vera han oldefar
so har laga ho. Han var i læra i Bergen og han hadde smia her heima
på garden. Oldefar kom her i 1868, va den fuste so sette seg te her,
han rydda bruket her, kom frå Almelid i Modalen. Kan henda bilo kjem
frå Modalen ?? Alder: siste halvdel av 1800 ?? Ingen dekor eller
påskifter. Foto:Arne Høyland.
Bila nr. 10 - Austfjorden, sørsido, Nordhordland.
Ukjend smed og alder. Dekor. Ingen påskrift. På den eine sida
av øksekjeften ligg ikkje stålet slett med bladet. Det kan
tyda på at bilo opphaveleg kan ha vore smidd for å berre brukast
på eine sida, altså den slette sida. (nederste bilete) Foto:
Arne Høyland.
Bila nr. 11 - Indre dalstrok, Masfjorden, Nordhordland.
Lokal smed ?? Alder: 1873. Påskrift : MRSH. Skaft: gamalt, litt skeivt
for å koma betre til med bilo. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 12 (Snikkarbila) - Indre dalstrok, Masfjorden,
Nordhordland. Same lokalitet som bile nr. 11. Smed og alder ukjend. Gamalt
skaft. I Masfjorden har dei hatt nokre økse som enkelte informantar
har kalla for ”Båttnøks” som m.a. vart brukte når dei
øksa tønnebotnar for sal. Eg kan ikkje med sikkerheit sei
at dette er ei botnøks, men forklaringar eg har fått kan tyda
på at dette er Masfjorden si botnøks. Dette namnet har eg
førebels berre registrert på tre gardar i Masfjorden. Andre
stader i Nordhordland har eg og høyrd ordet snikkarbila brukt om
denne øksetypen. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 13 - Austfjorden, Nordsido. Masfjorden.
Nordhordland. Smidd på heimegarden? Ukjend alder. Nytt skaft, truleg
kopi av det gamle. Klypp frå intervju med eigaren: På dette
bruket har det vore fleire generasjonar med smedar, både oldefar
og bestefar til Birger lagde navrar. Smio er i kjellaren på stovehuset
ved sida av grua. Dei var m.a. kjende for å smi gode navrar. Birger
og faren var bygningssmenn. Dei bygde her i området. Det var og bygningsmenn
på nabobruket. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 14 - Austfjorden, Nordsido. Masfjorden.
Nordhordland. Ukjend smed og alder. Spesiell dekor som går att på
fleire biler, truleg same smeden eller smedslekta som har smidd desse bilene
som har lik dekor. Jamfør bile nr. 7. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 15 - Osterfjorden, ytre strok, nordsido.
Nordhordland. Eigaren trur bilo kan vera heimasmidd. Alder ukjend. Gamalt
og beint kort skaft. Ingen dekor eller påskrift. Dette er ei av bilene
som vart dokumentert av tømrarar frå Bryggen i Bergen hausten
2005, d.v.s. ho vert teikna opp, vegd, målt og fotografert. På
den måten får dei meir kunnskap om biler frå Nordhordland
som kan ha vore nytta under bygginga av Bryggen. I dag krev Riksantikvaren
at freda bygningsmiljø som t.d. Bryggen skal vedlikehaldast med
materialar og verktøy av gamal lokal type. Det betyr og at tømrarane
ved Bryggen skal bruka biler av vestnorsk type, gjerne av Nordhordlandstypen
sidan folket frå Nordhordland har vore dominerande som bygningsfolk
i Bergen. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 16 - Lindåsområdet. Nordhordland.
Ukjend smed og alder. Ingen dekor eller påskrift. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 17 - Fensfjorden indre, sørsido.
Nordhordland. Ukjend smed og alder. Nytt skaft. Dekor av same type som
bile nr 7 og 14. Inga påskrift. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 18 - Osterfjorden, indre strok, nordsido.
Nordhordland. Ukjend smed og alder. Påskrift : …..IO. Vanskeleg å
tyda, nokre av teikna manglar, kan det t.d. vera 1810 ??? eller forbokstavane
til eigaren ??? Skaftet er gamalt og av lang type og det er uvanleg mykje
utlagt til eine sida, d.v.s. uvanleg skeivt. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 19 - Lurefjorden, nordsido. Nordhordland.
Ukjend smed og alder. Dekor: Ser ut til å vera ein variant av bile
nr. 7, 14, muligens lik nr.17, truleg smidd av same smed eller smedfamilie.
Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 20 - Bolstadfjorden, Nordhordland. Ukjend
smed. Alder: Påskrift 186….. Vanskeleg å tyda siste talet.
Skaftet er gamalt, langt og beint. Foto: Arne Høyland.
FLEIRE BILER PÅ SIDE 2