Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Kulturminne
 

   

   
Utstilling av gamle økser (biler)
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 31.03.2006

Bila nr. 21 - Masfjorden, indre, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Gamalt og beint (?) skaft. Ingen dekor eller påskrift. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 22 - Masfjorden, indre, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Gamalt og beint (?) skaft. Ingen dekor eller påskrift. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 23 - Austfjorden, sørsido, Mykingsoknet. Nordhordland. Ukjend smed og alder. Spesiell dekor som går att på fleire biler, truleg same smeden eller smedslekta som har smidd bilene med denne dekoren. Jamfør bile nr. 7. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 24 - Fensfjorden, midtre, sørsido. Nordhordland. Ukjend smed og alder. Nytt langt skaft. Inga påskrift. Dekor: Same dekor som nr.17, truleg smidd av ein kjend smed eller smedfamilie. Foto: Arne Høyland. 
 

Bila nr. 24 
Eigaren seier dette: 
Eg fann bilo på ei lita berghylle då eg grøfta og skaut ut ei myr like ved. Bilo låg på ei berghylle under rota på ein stor raun som vart flytta vekk med gravemaskin. Bilo var i god stand etter å ha lege der i mange år. Det at ho ikkje var noko rusta kan tyda på at det har vore iblanda eit anna stoff i bilo, kanskje bronse, det er nett som det glinsar litt av bronse i ho seier eigaren. Etter at A.O. tok bilo med til Oslo og fekk ho undersøkt der, er dei komen til at bilo minst må vera 150 år. 

Smeden på Fjellsenna. 
På Fjellsenna va ein smed som eg kan hugsa, Olai Vabø, han hadde smia og vølte alt tenkjele, ordna kaffikjela, lagde stolkjerre, skodde kjerrehjul, lagde trillebåre, nesten alt vanleg te ein gard kunne han laga. Han arbeidde mest i kjellaren i stovehuset men grovarbeidet vart gjort i smio. Han va kjend for dette og folk frå Træland og Marås havna i kjellaren hass. Eg trur at dei gamle gardssmiena fyrst og fremst vart brukt til å kvessa minebørane. 

Smeden i Kvalvåg. 
Kona til eigaren fortel at det var ein gamal smed i Kvalvåg som døde i 1936, han vart kalla for Smed-Ola. 

Bila nr. 25 - Osterfjord Ytre, Nordsido, Mykingsoknet. Nordhordland. Ukjend smed og alder. Gamalt kort skaft som er skjefta litt skeivt. Denne bila er på ein gard det har vore ein del byggningsmenn. Eigaren seier: Ho må vera frå ca. 1850. Her på garden har da vore fleire byggningsmenn; Johannes Larson f.1858, plassmannsonen Anders Larson var byggmeistar og var gift i 1889, Gudmund g. 1883 dreiv som byggmeistar i Bergen. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 26 - Masfjorden, midtre strok. Nordhordland. Ukjend smed og alder. Nytt langt skaft, kopi av det gamle. Har ein dekor som går att på fleire biler, truleg same smeden eller smedslekta som har smidd desse bilene. Jamfør bile nr. 7. Eigaren kjenner til uttrykket botnøks som skal likna på bilo men er noko mindre. Sjå bile nr. 12. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 27 (holkøks) Salhusfjorden, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 28 - Fensfjorden, midtre strok, sørsido, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Ingen dekor. Påskrift: HISK ???. Vanskeleg å tyda. Nytt skaft, det gamle skaftet var av skeiv type. Eigaren seier: Bestefar ( 1880-1962) brukte bilo. Han starta i byn som snekkar-meistar. (Dette er den omtalte smeden på Fjellsenda, sjå bile nr. 24) Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 29 - Salhusfjorden, Nordhordland. Smidd på Fosse i Meland. Truleg smidd av Ivar Olsen Kjenes Fosse (1818-1899). Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 30 (snikkarbila) - Salhusfjorden, Nordhordland. Smidd på Fosse i Meland? Bila stempla Fosse ?? Nytt skaft, ikkje originalt. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 31 (snikkarbila) Hjeltefjorden, Meland, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Gamalt skaft? Øksenakken noko deformert. Telefonsamtale med eigaren: Eg veit ikkje kvar øksene opphaveleg kjem frå, men bilene har vore på denne garden og eg trur dei i alle fall kan vera frå han bestefar ( f.1886 ) si tid, han hadde ein del verktøy. Han far va bygningsmann, men eg såg ikkje at bilene vart brukt til å øksa tømmer med. Det einaste eg kan hugsa er at den eina bilo var brukt til å reinhogga surhåkabben med som stod attmed løo. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 32 - Hjeltefjorden, Meland, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Orginalt skaft? Same eigar og lokalitet som nr. 31. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 33 - Meland, indre strok, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Eigaren seier dette : Oldefaren min kom frå Nygård i Modalen, kanskje bilo skriv seg darifrå?? Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 34 - Masfjorden, midtre strok. Nordhordland. Ukjend smed og alder. Nytt langt beint skaft, kopi av det gamle. Har ein XX dekor som går att på fleire biler, truleg same smeden eller smedslekta som har smidd desse bilene. Jamfør bileutstillinga nr. 14. Eigaren fortel: Han far sette nytt skaft på bilo, same sort so da gamla. Bilo er prega med eit mønster so likna på ei bila som var avbilda i avisa ”Strilen” for ein del år sidan, og ho skulle visst nok vera smidd tå ein kjend smed i Mykingsoknet. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr.35 - Bolstadfjorden, Nordhordland. Eigar: Vaksdal kommune. Ukjend smed og alder. Påskrift ….SS ?? Vanskeleg å tyda dei fyrste teikna. Skaftet er langt og beint (i lodd) og av nyare dato, kanskje kopi av det gamle?? Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 36 - Mosafinn, Voss, Hordaland. Eigar: Voss Folkemuseum. Ukjend smed og alder. Museet skriv m.a. dette om bila: ”Denne øksa var funnen på garden Mosafinn i 1960 – åra. Då bonden, Nils K. Mossefinn, pløygde på eit stykke 100 meter søraust for våningshuset, traff han på øksa. Som jordfunn enda ho på Historisk museum i Bergen. Arekeologar tidfesta henne til nyare tid, etter 1550, og då ville dei ikkje ha henne. Sonen Lars S. Mossefinn ga øksa her til museet. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 37 - Eigar: Voss Folkemuseum. Ukjend smed og alder. Nytt skaft. Dekor. Museet skriv dette: Bila, innkomen 1935. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 38 - Lokalitet: Langeland, Voss, Hordaland. Eigar: Voss Folkemuseum. Timberbila, m. skaft. Ukjend smed, inskripsjon?? STEV? Alder ukjend. Gamalt kort skeivt skaft. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 39 - Lokalitet: Nyre, Voss, Hordaland. Eigar: Voss Folkemuseum. Registreringsdata frå museet: Bindøks, gåve frå D. & I. Prestegaard (frå Nyre) i juni 1926. Merknad: Museet brukar ordet bindøks om denne bila. Elles er det verdt å merka seg den prikka dekoren som føl langs eine kanten på bila, det har ei viss likheit med litt av dekoren som går att på fleire biler i Nordhordland. Jfr. Bile nr.14. Foto: Arne Høyland. 

Bila nr. 40 - Lokalitet: Bordalen, Voss, Hordaland. Eigar: Voss Folkemuseum. Registreringsdata frå museet: Bindøks, kjøpt mars 1924 av Kvitne, Bordalen. Foto: Arne Høyland. 

FLEIRE BILER PÅ SIDE 3
 


 
 
 
 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal