Utstilling av gamle økser (biler)
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 31.03.2006
Bila nr. 41 - Lokalitet: Voss, Hordaland. Eigar:
Voss Folkemuseum. Registreringsdata frå museet: Bila, gåve
1935 frå Nils Hemre Ringheim. Merknad: Denne bila er truleg berre
brukt på den eine sida av øksekjeften, d.v.s. den som er slett,
sidan motsett side av kjeften ikkje er slipt kvass og slett. Foto: Arne
Høyland.
Bila nr. 42 - Lokalitet: Bordalen, Voss, Hordaland.
Eigar: Voss Folkemuseum. Registreringsdata frå museet: Bindøks,
kjøpt mars 1924 av Kvitne, Bordalen. Merknad: Sjå bile nr.
41. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 43 - Lokalitet: Voss, Hordaland. Eigar:
Voss Folkemuseum. Registreringsdata frå museet: Øks, bile,
brukt ved lafting, av stål. Gåve frå Arnfinn E. Finne
i 1994. Var bygningsarbeidar. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 44 - Lokalitet: Voss, Hordaland. Eigar:
Voss Folkemuseum. Registreringsdata frå museet: Bindøks, gåve
frå ukjende 1931. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 45 - Lokalitet: Voss, Hordaland. Eigar:
Voss Folkemuseum. Registreringsdata frå museet: Bindøks, gåve
frå Torbjørn A. Kvale i 1930. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 46 - Lokalitet: Skutle, Voss, Hordaland.
Eigar: Voss Folkemuseum. Registreringsdata frå museet: Øks,
bile, snikkarøks, smidd, skaft av bjørk. Gåve frå
Lars A. Skutle. Øksa etter far hans, Anders Skutle. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 47 - Lokalitet: Vinje, Voss, Hordaland.
Eigar: Voss Folkemuseum. Registreringsdata frå museet: Øks,
bile, tømmermannsbile, nytt hikori skaft, smidd, frå ca 1890.
Gåve frå Lars Olsen Vinje 1981. Han var smed, budde i Rognshagen.
Øksa etter far hans, Ole Larsen Vinje, frå Vinje. Foto: Arne
Høyland.
Bila nr. 48 - Lokalitet: Voss, Hordaland. Eigar:
Voss Folkemuseum. Registreringsdata frå museet: Bindøks, gåve
frå Røte 1923. Langt og litt skeivt skaft. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 49 - Lokalitet: Voss, Hordaland. Eigar:
Voss Folkemuseum. Registreringsdata manglar. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 50 - Lokalitet: Voss, Hordaland. Eigar:
Voss Folkemuseum. Registreringsdata frå museet: Bile, bindøks,
tømmermannsbile, snikkarøks el. liknande. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 51 - Lokalitet: Voss, Hordaland. Eigar:
Voss Folkemuseum. Bindøks, kjøpt 1923 på auskjon på
Herre. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 52 - Lokalitet: Voss, Hordaland. Privat
eigar. Bila med kort og beint skaft. Eigaren har ikkje kunna spora opp
kven som har smidd ho. Dekoren er spesiell men har ein del til felles med
nokre av bilene på Voss Folkemuseum. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 53 - Lokalitet: Bergen. Hordaland. Bila
med gamalt, kort og skeivt skaft. Bilo kjem opphaveleg frå Framfjorden
i Sogn og har ein XX dekor som går att på fleire biler, truleg
same smeden eller smedslekta som har smidd desse bilene. Jamfør
bileutstillinga nr. 14. Foto: Arne Høyland.
Bila nr. 54 - Lokalitet: Ofoten, Nordland. Privat
eigar. Denne bila kom til utstillingen som ein respons på bileutstillingen.
I ein epost til meg fortel eigaren dette om bila: Denne har min bestefar
funnet/tatt vare på. Hvorfra er usikkert, men sannsynligvis en eller
annen gård i Hamarøy/Tysfjord. Den er mer klassisk bile å
se til, drøyt 1 kilo, eller halvannet tenker jeg. Den har et bredt,
men "stort" skjegg. Du får knapt fingrene mellom skaftet og skjegget.
Det er mulig den er feil skjeftet. Der er smidd holk et lite stykke opp
på skaftet. Du ser tydelig skillet der skjegget har vært smidd
til resten av øksestålet. Dette er nok et resultat av korrosjon,
mer enn dårlig arbeid.
Bila nr. 55 - Lokalitet: Ofoten, Nordland. Privat
eigar. Denne bila kom til utstillingen som ein respons på bileutstillingen.
I ein epost til meg fortel eigaren dette om bila: Jeg TROR den er av tysk
herkomst, da den visstnok skulle ha vært funnet i wehrmachts etterladenskaper
på Hamarøy. Det er en svær greie som mest får
meg til å tenke skarpretting... Eggen er over 30 cm, og sakseslipt.
Den er skjevt skjeftet, og jeg tenker den er spesielt lagd for å
ry stokker. Den er tung - sikkert nærmere 3 kg.
SIDE 1 - 2