DS «Lindaas»
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 29.08.2006
DS «Lindaas» vart bygd i 1909 av Kristiansands
mek. Verksted for Lindaas-Masfjorden Dampskibsselskab. Ruteområdet
båten tenestegjorde i vart for det meste Austrheim - Fedje - Byrknesøy.
I 1908 selde selskapet DS «Nordhordland» som
hadde gjort teneste i 28 år. Selskapet fekk kr. 13.000,- for han,
og desse pengane vart straks sette i ny båt som kom våren 1909.
Vi kan ikkje eksakt finna ut kva DS «Lindaas» kosta, men prisen
har truleg lege på rundt kr. 63.000,-.
Etter at Noreg vart med i andre verdskrig vart båten
overtatt av tyskarane som døypte den NB 03 OTTER.
Skipet vart levert tilbake til reiarlaget då krigen
tok slutt og fekk då tilbake det gamle namnet sitt.
I 1946 gjenomgjekk DS «Lindaas» eit større
moderniseringsarbeide - og etter det gjekk båten i trafikk til 1962.
Den vart då seld og omgjord til lastebåt og fekk namnet MS
«Gerlaug». Maskina vart då ein tosylindra oljemotor på
100 hk.
Båten gjekk som lastebåt under diverse eigarar
inntil 1987, då den sokk medan den låg i opplag utanfor Ålesund.
Båten vart heva og seinare senka utanfor Storfjorden. Kjelde : Wikipedia
Les om D/S «Lindaas»
si berging av «San Remo» |