Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Haugesund
Attraksjonar
 

 

   
Haugesund rådhus
Tekst og foto: Scandion

Haugesund rådhus er eit av byens fremste varemerker. Bygget er teikna av arkitektane Rudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas.

Skipsreiar Knut Knutsen OAS og fru Elisabeth Knutsen gav, på Knutsens 60-årsdag 6. oktober 1921, ein million kroner til bygging av nytt rådhus. 10 år seinare, 1. oktober 1931, var 4 - 5.000 menneske samla til innvielse og gje Knutsen O.A.S og frue ein varm takk og hyldest.

Arbeidet starta opp i desember 1924, og året etter var underetasjen i granitt ferdig. Dette var ei tid med bankkrise, og rådhuskomiteen fekk problem med å få ut pengar. Arbeidet måtte avsluttast, og då banksaneringa var over, var ein del av rådhuskapitalen tapt. 

Då arbeidet tok til att  i 1929, kunne rådhuset likevel fullførast, fordi prisar og lønningar hadde gått ned i 1920 -åra.

I 1947 gav Elisabeth Knutsen 1 million kroner til opparbeiding og utsmykking av rådhusplassen. Pengane strakk og til utsmykking av saler og rom i Rådhuset.

I 1954, ved byen sitt 100-års jubileum, gav Knutsen sin næraste familie ei gåve i bordsølv, porselen, glass og tekstilar, slik at det kunne dekkast til festbord i bystyresalen ved særleg store anledningar.

Rådhusørnene
Dei to rådhusørnene som står på kvar sin sokkel ved inngangen, blei 15. februar 1933 kjørt frå kaia til rådhuset av folk frå vegvesenet. Sidan kvar ørn veg 1.000 kg - var dette ingen enkel jobb. Billedhoggar Dyre Vaa, var også tilstades.

Rådhusplassen
Rådhusplassen blei innvia den 28. august 1949. Ei bankbok pålydande 1 million kroner frå fru Elisabeth Knutsen sette fart i arbeidet. Vedlagt var også ei brev der fru Knutsen gjorde det kjent at det var ho og hennar då avdøde mann sitt ønske å betale for arbeidet med Rådhusplassen og gi eit bidrag til utsmykking av rådhuset. Med denne pengegåva fekk kommunen også råd til å flytta husa som stod på rådhusplassen til tomtar i nabokvartalet.
Haugesund kommune arangerte om kvelden ein middag for 150 gjestar til ære for fru Elisabeth Knutsen. Under festmiddagen kunne ordførar Einar Osland fortelje at fru Knutsen, som den første kvinna frå Haugesund, var tildelt ridderkorset av St. Olavs orden.
 
Det gjekk med 220.000 brosteinar på den 3.300 kvadratmeter store plassen - som er omkransa av 2 kilometer med kantstein.

Fontena
Fontena på Rådhusplassen er laga i raud Grorudsgranitt etter eit utkast av billedhoggar Nils Flagstad.  
 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal