Amanda-prisen
Tekst og foto: Scandion
Amanda-prisen har sitt opphav frå viseskikkelsen
"Amanda fra Haugesund", ein ferm morsfigur for einslege sjømenn.
Prisen, oppretta i 1985, blir delt ut kvart år i fleire kategoriar
innan norsk film i forbindelse med Den norske filmfestivalen i Haugesund.
Prisen blei første gong delt ut den 17. august 1985.
Show-laurdagen er det også Amanda-løp i byen,
der berre kvinner står på startstreken.
I 1985 utlyste Haugesund Avis ein konkurranse om utforming
av statuetten. Den blei vunne av skulptøren Kristian Kvakland -
som også har utforma statua utanfor Haugesunds Avis, som biletet
viser. Avduka av skodespelar Liv Ullmann 17. august 1985. |