Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Haugesund
Samferdsle
 

 

   
Risøybrua
Tekst og foto: Scandion

Arbeidet med Risøybrua, som kryssar Smedasundet og bind Risøya til fastlandet, blei starta opp 20. februar 1938. 15 månader seinare, i mai 1939, vart brua opna. 

Torsdag 14. mai 2009 kunne Risøybrua feire 70-årsjubileum og samtidig bli tildelt "Vakre vegars pris" for 2008. Vegdirektør Terje Moe Gustavsen var tilstades og avduka " Vakre vegars pris"- plaketten. 

Vakre vegars pris
Risøybrua fekk prisen for eldre anlegg som framhevar seg når det gjelder drift og vedlikehald. Det var første gang denne prisen blei delt ut og kandidatar til prisen må vera del av det offentlege vegnettet. 

I juryens si grunngjeving vart det vist til at:  - Rehabiliteringa av rv. 47 Risøybrua i Haugesund sikrar dette monumentet for framtida eit byggverk som er ingeniørkunst av ypperste klasse og eit identitetsskapande element for byen. 

Tekniske data
Byggeår: 1938 - 1939
Betongbru
Lengde: 361 meter
Seglingshøde: 22 meter
Prosjektering: Aas-Jakobsen A/S
Entreprenør: Stoltz-Røthing og Høyer-Ellefsen
Kostnad: 950.000,- kroner
Rehabilitering: 1991
Entreprenør: Selmer Vest AS
Kostnad: 3,9 millionar
Rehabilitering: 2004- 2005
Entreprenør: BM Overfl ateteknikk AS
Kostnad: 25 millionar
Rehabilitering: 2008

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal