Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Næringsliv
Kraftutbygging
Gulen Næringsråd
GMU AS
   
Næringsliv i Gulen kommune
Tekst og foto: Scandion

Næringslivet i Gulen har opp gjennom tidene vore prega av mange små verksemder. Omlag 170 gardsbruk i aktiv drift gjer landbruket til ei viktig næring. Tradisjonelt fiskeri har og lange tradisjonar.

I dei seinare åra har havbruk vorte ein viktig del av næringsgrunnlaget. Med 20 laksekonsesjonar i drift er Gulen den største havbrukskommunen i Sogn og Fjordane. Det vert også satsa på fiskeforedling.

Gulen kommune ligg innafor området til dei distriktspolitiske verkemidla, og har god tilgang til finansieringsordningar innafor næringsutvikling, m.a. gjennom Innovasjon Norge og kommunale fond til næringsretta tiltak.

Kommunen sitt vidare satningsområde for ny industri er i det godt etablerte Sløvåg-område. Sentralt i forhold til oljeindustrien på Mongstad har området hatt kraftig vekst etter at Wergeland-konsernet etablerte seg der i 1987. Først med sementvareproduksjon, frå 1989 eit behandlingsanlegg for oljeholdig avfall og i 1994 steinknuseverket Halsvik Aggregates AS, eit av Nord-Europas største. Denne verksemda er seinare seld til det britisk-kontrollerte Yeoman Aggregate Industries.

Wergeland konsernet sine forretningsområder er :
- Betong, betongprodukter, betongringer for oljeindustrien.
- Mottak og behandling av borekaks og slop.
- Reingjering av tanker supplybåtar
- Mottak og deponering av NORM
- Kabelferje / Fraktebåt / Slepebåt
- Base- og havnetenester
ISPS havneterminal har i dag 5 kaier med døgnkontinuerlig bemanning, av desse er 3 djupvasskaier.
I tillegg til aktivitet i Sløvåg driv konsernet også Repparfjord Eiendom AS i Repparfjord, Finnmark.

ANDRE BEDRIFTER

Baker Hughes
Johnny Birkeland Transport
Birkeland Entreprenørforretning
Sløvåk Utvikling
Miljøkompost
Alexela Sløvåg
Tess Sløvåg

Sløvåg kom i søkelyset i mai 2007 etter ei eksplosjonsulykke på det tidligare Vest Tank sitt anlegg. For helse og miljø har dei negative konsekvensane etter ulykka vore store.

Sløvåg Næringsbygg
29. juni 2009 vart selskapet Sløvåg Næringsbygg etablert. Aksjonærar er Johny Birkeland Transport AS, Birkeland Entreprenørforetning AS, Wergeland Holding, Mjømen og Berge Eiendom AS, Sætrelaks Eiendom AS, Eidsbotn Handel AS, samt Gulen og Masfjorden Utvikling AS.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no