L/L
Gulen Kraftlag gjennom 25 år
Forfatter: H. H. Tveit og Johs. Norstein
Publiseringsdato: 28.06.2003
Til sine tider har nok dei som stod i brodden for arbeidet
med kraftutbygginga i Gulen hatt ein kjensle av at det var meir kritikk
enn takk dei fekk for arbeidet sitt.
Litt historie om elektrisk utbygging.
Den store nytte menneskja har hatt av elektrisiteten på
mange måtar er vel få som er heilt klår over eller kan
til fullnads verdsetja. Det er sagt at Edison gjorde si største
oppfinning i 1879, då han etter lange og uthaldande prøver
fann opp glødelampa. Når ein i dag brukar slike lamper tenkjer
ein sikkert lite på kor mykje arbeid, tolmod og møda der ligg
bak. Det var Edinson som sette i gang det første el.verk for lys
i 1882.
Kva har ikkje el. som kraftkjelda hatt å seia for
Noreg. Noregs største industrikonsern (Norsk Hydro) var skipa 1905.
Laugstol bruk i Skien var det første el.verk i
Noreg som leverte straum til abonnentar. Oktober 1885 tok det til å
levera straum frå sitt tresliperi til innbyggjarar i Skien. Der var
installera 2 dynamoer kvar på 120 lamper.
I 1890 fekk Hammerfest sitt el.verk på 12 hk. Christiania
tok i 1912 til med å levera kraft frå sitt el.verk på
1200 hk. Lillehammer kom etter i 1894 og 2 år seinare Ålesund.
Sogn og Fjordane fylke
Første el. utbygginga i Sogn og Fjordane var ved
Luster Sanatorium. Det var bygt i åra 1899-1902. Det hadde sitt eige
el.verk, truleg sett i gang 1901 og det var sikkert likestraumsverk. Stongfjord
Elektrokemiske Fabrikker bygde sin kraftstasjon i 1907, 3000 hk. likestraum.
Det leverte kraft til auminiumproduksjon og til lys i næraste busetnaden.
I Sogn bygde Sygna Ullvarefabrikk, Hermansverk og Sognefjorden
Ullvarefabrikk A/S, Sogndal el.stasjonar 1912. Den førstnemnde ein
stasjon på 80 hk. for fabrikkdrift og lys til 10-12 abonnentar som
budde nær ved. I Sogndal bygde ein ut 300 hk. til fabrikken og til
nokre abonnentar i Sogndalsfjøra.
I 1912 eller 1913 fekk Flora el.verk sitt el.utstyr, men
det er noko uvisst kva tid det kom i gang. Litt tidlegare var det bygt
eit lite el.verk i Framfjord, Vik, for drift av talkummølle. Innvik
el.verk kom i drift 1913. Refsdal i Vik kom igang hausten 1913 med 250
hk.
Dei kommunale el. verk med vekselstraum for ålmenn
forsyning kom så med Førde el.verk sin utbygging i Brunlandsfossen,
sett i drift 18. desember 1914 med to maskiner kvar på 175 KVA, og
Eid kommunale el.verk, sett i drift desember 1915.
Gulen. Dingen Tønne- og Trevarefabrikk sette inn
dynamo og leverte straum til nokre få huslydar frå 1917.
Fylket tek opp elektrisitetssaka
Fylkestinget 1916 gjorde såvore vedtak:
«Der opnævnes en spesialkomite på 3
mand, som sammen med amtsutvalget og amtsskibenes administrerende direktør
bemyndiges til å træffe de fornødne skridt til å
sikre amtet vandkraft på 10-15.000 hk under saavidt mulig hensyntagen
til kraftens anvendelighet som drivkraft på skibe.»
Der vart oppretta elektrisitets forsyningskontor 1917
med overingeniør A. Mollo Christensen som leidar. Det vart i gangsett
etterrøkjingar for korleis ein på beste måten skulde
løysa el.spørsmålet i fylket. Det vart skipa interkommunale
kraftlag. Nord for Sognefjorden vart Ålfoten interkommunale og Gaular
interkommunale skipa. For Lærdal og Borgund vart skipa Lærdal
kraftlag.
Av dei tri nemnde kraftlag var det berre Ålfoten
interkommunale kraftlag som kom i gang berre med linjebygging. Det kom
opp i store økonomiske vanskar og det vart tap både for fylket
og dei interesserte herad.
På sørsida av Sognefjorden frå Vik
og vestover til Gulen, var det ymse planer. Vikebygda hadde eigen el.stasjon.
Elles hadde ein Arnafjordsvassdraget, Førdefalla og Østerbøelva.
Kløtveitelva i Gulen var også sterkt på tale som kraftkjelde
for dei ytre bygder. Kløtveitelva var handgjeva. Der var betalt
kr. 500,- for året ei tid. For Kløtveitelva var også
utarbeidde planer for utbygging og ein hadde pristilbod på maskiner
o.l. Men det var vanskeleg å koma lenger på grunn av elendige,
dårlege, økonomiske tider. Resultatet av det ein hadde opplivt
med Ålfoten og ymse andre liknande tiltak skremde. Til det kom at
her var grisgrendt, vanskeleg, og av den grunn kostesamt å få
bygt ut.
Dei som var heldige og hadde elektrisk kraft til serlege
føremål eller til ålmen forsyning i den første
verdenskrigen, hadde svære føremuner både når
det galdt produksjon og til lys i ymse hus og fjøs i oljerasjoneringa.
Likevel synte det seg at elektrisk utbygging slett ikkje gjekk fram med
stormskritt etter krigen og framover i 30 åra. Det hadde sikkert
sin grunn i den økonomiske depresjon den tida. Det gjekk difor ofte
slik at dei same menneskja som stridde med oljerasjoneringa i 1914-1918
fekk att same tilstandet i 1940-1945.
Gulen herad, førebuande arbeid
I dei grender der det var ei lita elv med litt fall vart
ikkje el.spørsmålet lagt ned. Frå tid til annan fekk
ein hjelp frå el.kontoret til etterrøkjing av slike småe
kraftkjelder med tanke på lokal forsyning. Ein hadde Dingevatnet.
På Mjømna var Mjømnevatnet og eit lite vatn på
Ramneberget med bra fall. Fallet mellom Svardalsvatnet og Langevatnet var
vel eit av dei beste med godt basseng og bra nedslagsfelt. Det sistnemnde
vassfall renn ut ved Eide mølle i Brandangersundet. Der er mykje
vatn, basseng og nedslagsfelt, men diverre så altfor lite fall. Svartevatnet
i Eivindvik og Storelva i Nordgulen var også nemnde. Feilen ved alle
desse vassfall var at dei gav forlite kraft og vilde ikkje vera nokor løysing
i framtida. I Gulen var også nokre olgjeaggregat og vindmøller
som dreiv småe dynamoer til litt lys.
Staten tek opp elektrisitetssaka
Det hadde tidlegare vore røyster som meinte at
skulde det verta ålmenn løysing av elektrisitetssaka (kraftspørsmålet)
i landet måtte staten hjelpa til eller ta saka opp. Fleire og fleire
såg det slik, så den tanken mogna litt etter kvart.
I 1937 vart det røyndom at statsmaktene vilde hjelpa
til med utbygging av el.kraft. Det vart teke opp løyving på
statsbudsjettet. Det var serleg gledelegt der det var så grisgrendt.
Gulen heradstyre var merksame på det og valde 23/3-38
ei nemnd på 5 mann som skulde førebu, leggja tilrette, spørsmålet
for løysing av el.saka i kommunen. Desse vart med i nemnda:
Vilhelm Bjørknes, A. Bredvik, Henrik Tveit, L.
J. Kjellevold og Ola Midthun. Varamenn: S. Randal og I. H. Kittelsvik.
I Gulen hadde ein Dingevatnet og Kløvtveitvatnet.
I Brekke hadde ein Taklevatnet. Busetnaden var spreidd og det var klårt
at det vilde verta kostesamt med den el.utbygginga. Kring eller nær
Dingevatnet var det fåe abonnentar. Dei som granska dette vart ståande
ved at ein hadde å velja mellom Kløvtveitvatnet og Taklevatnet.
Dinest var ein klår over at Gulen og Brekke måtte gå
saman om å løysa kraftspørsmålet.
Alle var klår over at Kløvtveitvassdraget
gav mest kraft og vilde vera den beste løysinga for framtida. Men
utbygginga kosta så mykje at etter det som førelåg var
det vonlaust å koma i gang med utbygging av Kløvtveitelva
i første omgang. Det galdt å finna eit anlegg som kunde finansierast
og byggjast ut snarast mogeleg, så ein kunde koma i gang med levering
av el.kraft.
Takleelva i Brekke hadde etter utsegn frå fagfolk
gode tilhøve for magasin og var billeg å byggja ut. Der kunde
ein ta til med levering av elektrisk kraft innan rimeleg tid.
Tinging av kraft
Både i Gulen og Brekke gjekk ein straks i gang med
lister for tinging av kraft. Det var dårlege økonomiske tider.
Ein hadde høyrt om kor ille det gjekk med ymse tiltak som kom i
gang tidlegare. Folk var difor særs varsame med å tinga elektrisk
kraft. Den samla tinging for Gulen og Brekke var så knapp at det
var reint vonlaust tenkja på utbygging av eit så kostesamt
anlegg som Kløvtveitelva. Det var ikkje på langt nær
tinga så mykje kraft at det vilde verta rentabelt med eit så
billeg anlegg som Taklevatnet. Men vassdragsstyret gjorde det på
den måten at statsstønaden ein skulde få vart gjeven
til bygging av kraftstasjonen i Takle. Føresetnaden var at ein skulde
få bygt kraftstasjonen for statsstønaden og at det skulde
skaffast så mykje lutmidel, andelskapital, at ein fekk stasjonen
bygd utan lånekapital. Dette for å få billeg kraft.
Tinging av kraft held fram. Lemene i nemnda reiste i kring
og tala med husstandene for å få mest mogeleg tinging av kraft
og teikna lutmidel.
Dinest måtte ein ha underskrifter på fri
grunn. Dette materialet vart innsamla og samarbeidt på kontoret til
lensmann Bredvik. Ein tok også lista over husstander som ikkje vågde
tinga kraft. Dette arbeidet var så godt utført og oppsett
at det fekk ros då det kom inn til vassdragsstyret. Det gjorde at
tiltaket med å byggja ut i Taklevatnet kom med i første omgang
- med i første statsløyving som vart gjeven for utbygging
av el.kraft.
Kraftlaget vert skipa
L/L Gulen kraftlag vart skipa 9. oktober 1939. Der var
teikna 350 luter a kr. 100,- av 105 luteigarar. Brekke hadde skipa sitt
eige kraftlag.
Til styre vart valde: lensmann Eikenes, formann, Henrik
Tveit, varaformann. Dei andre i styret vart Bernhard Hauge, Martin Birknes
og L. J. Kjellevold.
Styret i L/L Gulen kraftlag hadde sitt første møte
1. november 1939 og gjorde vedtak om «å få laget registrera
så snart råd var.»
Den 29. september 1940 var det sammøte mellom styret
for L/L Gulen kraftlag og styret i L/L Brekke kraftlag. Møtet vart
halde i Austgulen. Overingeniør Hysing var på møtet
og gav utgreiing og opplysningar, om at statsstønaden vert auka
noko på vilkår av at lumtidelen i kraftlaget vert auka, og
at det vart sikra turvande lånekapital til full utbygging etter dei
planane som førelåg. Lutmidelen i Gulen kraftlag måtte
i tilfelle aukast med kr. 10.000,-. Det vart gjort samrøystes vedtak
om å få dette gjennomført.
Vedtak om bygging av kraftstasjon
År 1941 den 19. april hadde styret i L/L Gulen kraftlag
møte i heradshuset i Eivindvik. Der vart gjort samrøystes
vedtak om å gjera desse framlegg til årsmøtet:
«1. L/L Gulen kraftlag er med å skipa eit
kraftproduksjonslag. (L/L Brekke og Gulen kraftstasjonar). Styret får
fullmakt til å møta på skipingsmøtet og til å
teikna luter for kr. 40.000,- i kraftproduksjonslaget.
2. Lutmidelen i L/L Gulen kraftlag vert å aukast
til høgst kr. 50.000,-.
3. Resten av lutmidelen som er teikna før og den
nyteikna lutmidelen vert innkravd innan 1. juli 1941.»
19/4-41, same dag, årsmøte i L/L Gulen kraftlag.
Formannen las opp framlegget frå styret. Overingeniør Hysing
og fylkesmann Seip var med på møtet. Overingeniøren
gav utgreiing om stoda og dei planer som førelåg. Fylkesmannen
gjorde greide for sitt syn på saka. I møteboka står:
«Ordet vart gjeve fritt og etter ei rekkje innlegg,
vart det føreteke røysting over framlegget. Dette vart ved
endeleg røysting vedteke mot 5 røyster.»
År 1941 den 18. mai heldt styret for L/L Gulen kraftlag
sammøte med styret i L/L Brekke kraftlag på Takle. Det vart
lagt fram skriv frå Vassdragsstyret at statsstønaden var auka
frå kr. 240.000,- til kr. 270.000,- og samtykkje til at kraftstasjonen
i Takleelva vart bygd for heile statsstønaden på vilkår
av at resten av anleggskapitalen vart dekka av lutmidelen og at det vart
skipa eitt kraftproduksjonslag til å ta seg av elektriseringa i dei
to kommunane. Det vart gjort samrøystes vedtak om å godtaka
alle vilkår med undantak av vilkåret om at det skal vera berre
eitt kraftlag for båe kommunane.
Det vart sett opp ei utgreiing, søknad, til vassdragsstyret
om at kravet om berre eitt lag for båe kommunane vart fråfalle.
Det vart gjort greie for at næringstilhøva, busetnaden, terengtilhøva
og delvis økonomisk ulikskap gjorde at kvar kommunen måtte
ha sitt eige lag, i alle høva fyrstundes, avdi det elles var vonlaust
med samarbeid.
Linjenettet
I styresmøte 28/3-42 vart det vedteke å be
årsmøtet om at styret fekk fullmakt til å setja arbeidet
med linjenettet i gang i den mun det kan forsvarleg finansierast, og etter
samråd med departementet.
Same dag, 28/3-42, årsmøte. Overingeniør
Hysing var tilstades og gav utgreiing om kostnadsoverslag og rentabilitet
for ymse linjer. Om framlegget frå styret er det bokført:
«Etter eit langt ordskifte vart framlegget vedteke mot 5 røyster.
13. mars 1943 vart halde årsmøte i L/L Gulen
kraftlag. Overingeniør Hysing var med på møtet og gav
melding om at staten hadde gjeve ei løyving på kr. 230.000,-
til kraftlaga i Gulen og Brekke. Vilkåret var at kraftstasjonslaget
bygde høgspentlina fram til Glosvikbakken, i staden for til Kløvtveit.
Vidare vart det vedteke å utvida lutmidelen til maks. kr. 100.000,-.
Styret fekk fullmakt til å ta opp eit lån på inn til
kr. 250.000,-.
Seinare auka til kr. 255.000,-. Godkjent av Bergens Sparebank
28/4-43.
Ymse
Ved å sjå gjenom møteboka frå
den tid merkar ein litt etter litt korleis trua på elektrisiteten
og med det interessa for el.utbygging aukar. Det var liksom betre tider
i kjømda. Som døme kan nemnast at det på møtet
28/4-43 vart vedteke å venda seg til heradet om hjelp til å
greida lutmidelen.
Det vart også valt krinsmenner som skulde ta seg
av lutteikninga. Men på styresmøte 18/3-44 er ført
i møteboka at lutmidelen er overteikna med kr. 10.400,-.
Styresmøte på Mjømna 8/11-43. Tyskarane
hadde sett fast formannen, lensmann Eikenes. Varaformannen måtte
overta formannsplassen. På same møtet oppsett kontrakt med
elektrikar Jac. Sande om lågspentnettet og installasjon.
Årsmøtet 18/3-44 tilrår samrøystes
å kjøpa Kløvtveitvassdraget i samsvar med tilbod som
førelåg. Det vart vedteke utvida lutmidelen til høgst
kr. 125.000,-. Det vart vedteke at ein inn til vidare skulde nytta same
straumpriser som gjeld for L/L Lavik kraftlag.
Styresmøte 8/5-44 vedtok at krinsane skulde røysa
lågspentstolpane utan ekstra kostnader for kraftlaget. Direktør
Fjalestad sa seinare at det var eit framifrå vedtak.
Olsokdagen 1944 var det ljosfest på Oppdalsøyra.
Styresmøte og ljosfest med rjomegraut same dag. Kjellevold krins
fekk også ljos til jul 1944.
L/L Gulen Kraftlag i drift og vidare utbygging
Aldri i vår soga har det vore lengta slik etter
lys på alle omkverve som i dei åra krig og okkupasjon rådde
i landet vårt.På dei stader der dei hadde el. lys, fekk dei
ikkje lov og sleppa den minste stråle ut i mørket der fienden
rådde.
Der oljelampa enno var lyskjelda, hadde ein ikkje noko
problem med å halda lyset innandørs. Oljerasjonane var så
små at ein ikkje hadde noko stråle som kunne koma på
avvegar. Under slike tilhøve såg dei i alle heimar, også
i Gulen, fram til den dagen då den el. krafta kunne nå fram.
Det var nå ein avløysar for oljelampa dei fleste rekna med
ein skulle få. Når ein så skulle tinga kraft, var det
naturleg å rekna kva utlegg dette ville verta, samanlikna med det
som olje og lampeglasa kosta. Sume rekna nå også at det skulle
vera fint å ha så pass mykje straum at dei kunne sleppa kveikja
i komfyren når dei skulle koke ein kaffiskvett. Å varme opp
husa med el. straum rekna dei fleste med ville verta for dyrt. Om ein rekna
trongen for el. kraft ut frå dette synet, var det lite truleg at
Brekke og Gulen nokonsinne ville ha bruk for meir kraft enn omlag 1.000
KW. straum tilsaman, når heile nettet var utbygt. Dei som skulle
skaffa pengar til kraftstasjon og linenett, kunne difor ikkje leggja stort
i veg. Det er like til å peika på mange ulemper vi kunne vore
forutan om vi hadde lagt større opp, men vi kan vel ikkje vera så
heilt trygg for at vi i så fall ikkje hadde kome opp i andre vanskar
som vi nå har vore spare for. Når vi skal sjå attende
på arbeidet i Gulen Kraftlag frå olsokdagen i 1944 og fram
til i dag, vil skorten på kraft syne seg å setje sitt merke
på drifta dei fleste åra i denne tida. Det var olsokdagen i
1944 at styret i Kraftlaget hadde møte på Oppdalsøyra.
Då vart linebrytaren i Takle slegen inn, slik at dei i heimane i
Austgulen og Oppdalsøyra kunne setje dei tome oljelampane på
loftet. Det var ikkje nett tider for fest, men i møteboka for kraftlaget
les vi på side 38:
«Styremøtet i L/L Gulen Kraftlag vart halde
på Oppdal i Gulen olsokdagen 1944. Norstein og M. Birknes hadde ikkje
høve til å møte. Møtet vart halde om kvelden
i huset til Jon Opdal der ein fekk nytta el. lys. Styret var samla i høvet
av at det el. lyset for fyrste gong vart påsett i Austgulfjorden.
Den nye driftsstyraren, Fjøsne, var tilstades. Det synte seg at
alt var i orden og gjekk etter føresetnaden. Ein var heilt nød
med resultatet. Det gav von om at det vil gå godt med den vidare
utbygging i Gulen.
Opdal skulekrins hadde skipa til lysfest i skulehuset
med rjomegraut og god mat elles. Styret og andre som hadde hatt med arbeidet
og gjera var innbedne til festen».
Det var utan tvil god grunn til å halde ein rjomegrautfest
den dagen. Men kraftlaget måtte vidare med straumen. Bankane som
hadde lånt stasjonslaget pengar til å bygge linene fram til
sentrum i Gulen og Brekke, kravde at ein måtte selje minst 290 KW.
av dei 500 som stasjonen i Takle kunne produsere. Ein måtte difor,
så snøgt råd var, freiste nå fram til dei bygder
der det var tinga mest straum. Straks før jul 1944 kunne ein setja
straumen på til Dalsøyra. Men endå gjekk stasjonen med
svært lita last. Då ein så julaftan 1944 fekk telegram
frå overingeniør Fjalestad om at det var gjeve løyve
til å strekkja spennet frå Glosvikryggen til Flolid, og over
Livresundet til lina i Nordgulen, stunda ein etter at jula var over, så
ein fekk spenna strekt.
15. januar 1945 kunne ein også slå brytarane
inn for Eivindvik og Nordgulen. Med dette var straumsalet i Gulen og Brekke
så pass stort at bankane var trygge for pengane dei hadde lånt
ut. Gulen Kraftlag hadde då bygd 19 km. høgspentline og 41
km. lågspentline. Det var ved utgangen av 1945 tilknytt 230 abonentar
som hadde tinga 275 KW. Innkoma var i 1945 kr. 28.584,-.
Korleis linene vart bygde har vi nemnt i avsnittet om
utbygginga før drifta kom i gang. Transformatorar fekk ein ikkje
lov å tinga. Ein måtte difor kjøpe og tildels låne
5 KV. transformatorar hjå ymse andre kraftlag og nytta 5 KV. spenning
på høgspentlinene i Gulen. Sume av desse transformatorane
var altfor små, slik at sume krinsar ikkje kunne få så
mykje straum som abonnentane hadde tinga. Så snart det tyske herredømet
var slutt, vart det tinga nye 20 KV. transformatorar. I 1946 vart det skifta
ut 17 transformatorar frå 5 KV. til 20 KV. og ein fekk såleis
20 KV. spenning på heile høgspentnettet.
Alle abonnentane fekk då god straum. Det var klårt
at ein måtte freiste nå fram til Byrknes med krafta så
snart råd var. Brekke var komne langt med sitt linenett, og straumuttaket
frå Takle auka fort.
Ein var merksam på at når ein bygde lina fram
til Byrknes, ville straumuttaket frå stasjonen i Takle verta meir
enn den kunne levera. Likevel var det ingen som stemde imot å utvide
linenettet fram til Byrknes. Vassdragsvesenet gav tilsagn om kr. 210.000,-
i statsstønad til dette byggetrinet.
Arbeidet på lina til Byrknes vart sett i gang i
1947, men vanskane med å skaffe material til både høg-
og lågspentlinene gjorde at mange krinsar måtte vente langt
fram i 1948 før dei kunne få sett straumen på. Men det
vart lite innkome for laget på desse nye linene som det også
måtte lånast mykje pengar til. På trass av at det i 1947
vart tilknytt 128 nye abonnentar, auka innkoma til laget berre med kring
kr. 5.000,-. Utlogene hadde auka mykje, og det vart ikkje noko overskot
det året. Det var då ingen veg utanom auke i prisen, og på
årsmøtet i 1948 vart det vedteke å søkje prisnemnda
om å få auke kraftprisen med 35%. Men 18 røyster på
møtet var imot å auke prisen.
I 1948 var så det andre byggetrinet i Gulen ferdig.
Då hadde Byrknesøy, Mjømna, Ånneland, Fivelsdal,
Glenja og gardane langs austsida på Eidsfjorden og fram til Steine
fått kraft. Arbeidet på lina Steine-Halsvik var sett i gang.
Abonnenttalet var ved årsskiftet auka til 420, og tinga straum til
418 KW. Det var sjølvsagt uråd å halde brukande spenning
med så stort uttak frå Takle sine gode 500 KW. Til all lukke
var det rikeleg nedbør, slik at stasjonen kunne gå med full
last når det kravdest. Som stoda nå var, såg laget seg
ingen utveg til å gå i gang med å bygge nye liner. Meir
straum kunne ikkje skaffast, og høgre pris fekk ein ikkje lov å
ta for den dårlege straumen som vart levert.
Likevel var det grender som ikkje ville vente på
lyset til det laga seg med meir kraft. Laget bygde såleis line frå
Fivelsdal til Furnes utan statsstønad. Kommunen ytte kr. 2.000,-
til dette, og dei fekk straumen i 1949.
Det var mange i Gulen som framleis venta på å
få den elektriske krafta fram til heimane sine, men før kraftforsyninga
var løyst på ei eller onnor vis, var det uråd å
ta i ferde med fleire liner. Det kom stadig fleire abonnentar til i dei
grender linene var nådd fram til. På ein tabell side har ein
freist klårleggje korleis laget sin framgang arta seg i utbyggingstida.
Åra 1950 tl 1953, og 1955 og 1956 er ikkje tekne med.
I 1948 vart det teke opp arbeid for å skaffe kraft
frå Matre i Masfjord. Det var då på tale at Bergenshalvøens
Kommunale Kraftselskap skulle bygge ut dei store kraftkjeldene i Matre.
Dei hadde der inne ein mindre kraftstasjon som kanskje kunne skaffe laget
eit par hundre KW. om ein kunne få tak i det. Men der var ikkje bygd
noko linenett fram til Gulen si grense slik at ein kunne få krafta
hit. Ein arbeidde og med planar om å få Kløtveitvatnet
utbygd. Stasjonslaget gjekk difor til innkjøp av fallrettane på
Kløvtveit.
Å skaffe pengar og materiell til utbygging av dette
vassfallet i denne etterkrigstida, var ikkje å tenkje på. Løysinga
førebils måtte difor verta å kjøpe kraft frå
B.K.K.
Seinhaustes 1950 var spenning på lågspentnetta
i Gulen vorten så elendig at krafta var nærmast utenleg både
til lys og koking. Målingar synte at spenninga hjå brukar jamt
over låg på 180 volt i tida 15. oktober til 31. desember 1950.
Dei fleste abonnentane hadde straumen på «vippe-tariff».
Dette var ein vanleg måte å selje straum på den tid.
Dermed sikra ein laget ei fast innkome slik at bankar og andre kravsmenn
kunne kjenne seg trygge. Men avdi abonnentane måtte betale det same
anten dei brukte lite eller mykje straum, var ein slik tariff utenleg når
ein hadde forlite kraft og selje. Det vart difor vedteke på årsmøtet
i 1951 at ein skulle gå over til å selje straumen på
målar-tariff.
Då Brekke Kraftlag hadde bygt liner fram til 60
nye abonnentar i 1951, vart det naudsynt å finna fram til ei deling
av dei 550 KVA frå Takle mellom dei to laga. Vassdragsvesenet sol
fast at krafta skulle delast med 70 prosent til Gulen og 30 prosent til
Brekke. Gulen kunne såleis ikkje ta ut meir enn kring 350 KW. til
sine 470 abonnentar. Stasjonen greidde heller ikkje å køyre
for fullt med den nedbør det var det året. Ein hadde difor
nattutkopling eller sterkt redusert spenning om natta i tida mars-november
1951. Det tok og til på nytt å verta økonomisk vanskeleg
for laget, avdi utgiftene til vedlikehold av lågspentnettet vart
så store. Då det ikkje kunne skaffast impregnerte stolpar under
- og straks etter krigen var heile lågspentnettet bygd av uimpregnerte
stolpar. Desse stolpane måtte no skiftast ut. Å få lov
å auke straumprisen att var vanskeleg.
Driftsrekneskapen for 1952 synte at den økonomiske
stoda var slik at det måtte skaffast nye innkomer for at drifta skulle
vera forsvarleg. På søknad fekk ein så lov å auke
straumprisen noko, slik at drifta synte overskot att i 1953. Det vart då
avsett kr. 10.000,- til reservefondet. Det hadde tidlegare vore avsett
litt til dette fondet, slik at det i status 1/1 1954 var oppført
med kr. 16.000,-.
I 1953 fekk ein avtale med Masfjorden komm. Kraftlag om
at dei skulle levere 100 KW. til stasjonslaget over ein målestasjon
i Høyvik. I von om at dette skulle verta røyndom innan kort
tid, vart det gjort vedtak om å utvide høgspentnettet fram
til gardane Sande, Randal, Bremnes og Sørøyane. Desse fekk
straumen påsett i 1954.
I 1955 vart det bygt ei line frå Furenes til Brandanger,
slik at ein nådde fram til alle hus på austsida av Brandangersundet
med straum. Med dette rakk ein fram til 60 ny abonnentar. Men den lova
krafta frå Matre let vente på seg. Spenninga som i 1952 kunne
seiast å vera brukbar, fall nå att, slik at straumen var utenleg
til mange føremål.
Laget hadde i 1954 ei brutto innkome på kr. 107.000,-
og kunne avsette nye kr. 10.000,- til reservefondet. Det synte seg at det
var vanskeleg for Masfjord Kraftlag å skaffe noko av den krafta som
ein hadde vore samde om at dei skulle levera. Fram på hausten 1955
vart Eide krins kopla til Masfjorden sitt nett og i jula og nyttårshelga
fekk også Byrkneslina kraft frå Masfjord.
Stasjonslaget hadde då fått avtale med B.K.K.
om levering av 2000 KW. Frå fyrstninga i desember 1956 fekk ein høve
til å ta ut den krafta ein hadde bruk for og å samkøyra
stasjonen i Takle med B.K.K. sitt linenett. For å få sikrare
og betre tilførsle av krafta frå Matre måtte Stasjonslaget
også bygge ei line frå Furebotten i Masfjord og fram til Brekke.
Til denne lina og målestasjon i Furebotten måtte kommunane
Gulen,. Brekke og Lavik gjeva munarlege tilskot. Ein fekk og noko statsstønad
til dette. Frå desember 1956 var ein såleis sikra brukbar spenning
alle stader på Gulen Kraftlag sitt høgspentnett.
Abonnentane kunne og få kjøpa all den straum
dei ville ha. Men den krafta ein kjøpte frå B.K.K. var mykje
dyrare enn den krafta som stasjonen i Takle produserte. Årsmøtet
1955 måtte difor gjera vedtak om å auka prisen på krafta
til abonnentane.
Det auka straumsal til auka pris gav laget ei innkome
på kr. 143.000,- i 1956.
Laget stod seg nå etter måten godt økonomisk,
men det var likevel uråd å skaffe midlar til å bygge
liner fram til alle dei heimar som endå ikkje hadde nådd i
krafta. I 1956 vart arbeidet på lina Breivik-Risnes sett i gang,
og den vart bygd ferdig i 1957. Likeeins fekk ein det året ferdig
ei line frå Randal til Skjerjehamn, Vasvik og Lie. I 1958 heldt linebygginga
fram, og det året bygde ein liner fram til alle heimar på Losna,
Hisarøy, Brandsdal og Vesetvik. Resten av det byggesteget ein tok
til med i 1958 vart gjort ferdig våren 1959. Då vart det sett
straum på lina til Grønevik, Navdal og Dingja.
Endå stod det att nokre øyar der det budde
frå ein til fire husstandar på kvar øy. Med dei prisar
som det nå var på material og arbeidskraft, såg det vonlaust
ut å nå fram til desse med høgpentliner. Avstandane
var for store til at ein kunne kome fram med lågspent straum.
Vassdragsvesenet hadde i lengre tid arbeidt med å
få liner som berre nytta 1000 volt spenning inn under lemplegare
krav enn for vanlege høgspentliner.
I 1959 vart det gjeve føresegner for slike i KV.
liner. Dette vart så løysinga for desse øyane i Gulen.
I 1960 bygde laget ei slik line fram til Svinøy og Risøy
og i 1962 kunne ein så gjera ferdig liner til Vatnøy, Vatsøy,
Glavær, Hille og Kvernøyane. Den 25. august 1962 var utbygginga
av linenettet ferdig. Straumen vart den dagen sett på til abonnentane
på desse øyane. Den elektriske krafta var nådd fram
til alle heimane i Gulen, 23 år etter at laget vart skipa og 18 år
etter at dei fyrste abonnentane fekk straum. I januar 1962 fekk ein store
stormskader på linenettet, slik at utlogene til vøling vart
store. Hadde ein ikkje fått mesteparten av skadane erstatta av Naurskadefondet,
ville det vorte svært føleleg for økonomien til laget.
Høgspentnettet er nå 136,5 km. Av dette er
8,7 km. sjøkabler. Lågspentnettet er på 86 km. med 81
transformatorar. Desse er alle montert i mast og er på tilsaman 2470
KVA. Ved årsskiftet1964/65 hadde laget 765 abonnentar som i 1964
tok ut 6.509.800 kWh.
Det stadig aukande forbruk av straum skulle ein rekne
med ville sikre laget sin økonomi frå år til anna. Diverre
syner det seg at fortenesta på straumsalet stadig vert mindre avdi
innkjøparprisen på krafta har auka sterkt. Såleis synte
det seg at rekneskapen for 1963 måtte gjerast opp med underskot.
Innkoma det året var auka til kr. 320.000,- men likevel måtte
ein nytte kr. 9.673,- av reservefondet for å få balanse i driftsrekneskapen.
Årsmøtet 1964 ville likevel ikkje gå
med på å auke straumprisen til abonnentane med meir enn 5%.
Heller ikkje 1964 gav laget balanse i rekneskapen. I sitt siste driftsår
måtte laget nytte kr. 12.637,- av reservefondet. Dette var ved årsskiftet
på kr. 32.665,72. Vedlikehaldet av høgspentlinene og mange
lynskader på transformatorar har dei siste par åra valda større
utloger enn ein hadde rekna med.
Kraft - forsyning
Utbygging av kraftkjelder har det ikkje vore laget si
oppgåve å setja i verk. Det har vore Stasjonslaget si oppgåve
å produsere eller kjøpe inn den kraft som fordelingslaga kunne
selje. Prisen på krafta frå stasjonslaget var svært rimeleg
så lenge dei slapp kjøpe kraft frå B.K.K. I 1948 gjekk
berre omlag 24% av Gulen Kraftlag si innkoma til kjøp av kraft frå
stasjonslaget. I 1953 gjekk det berre 20%, men i 1958 var det berre 20%,
men i 1958 var det auka til 43%. I 1963 gjekk heile 56% av laget si innkoma
til kraftkjøp. Skal det halde fram i den lei, vert evnen til å
halde vedlike og forsterke linenettet svært ring.
I Gulen er det berre ei kraftkjelde som det kan komme
på tale å bygge ut. Det er Kløtveitvatnet. I Kløvtveit
vil det truleg lata seg gjera å produsere fram mot 25 millionar KWh.
om alt vert bygd ut. I fall dette ikkje let seg gjera, må ein også
i framtida kjøpe det meste av den krafta ein treng frå B.K.K.
Finansiering
Så stort og kostesamt linenett som ein måtte
ha for å skaffe kraft fram til alle i Gulen, ville det vore ei vonlaus
sak å ta til med kraftforsyninga ved eigne midlar og lån. At
det er bygd 180 m. høgspentline og 112 m. lågspentline til
kvar abonnent fortel ikkje så mykje. At dei ferdige linene kostar
meir enn kr. 1.000,- for kvart menneske i Gulen fortel kanskje meir. Skulle
kraftlaget lånt alle desse pengane, ville rente- og avdrags-kontoen
synt eit utlegg på omlag kr. 200.000,- året. Det ville igjen
ført med seg at straumen hadde vore kring dobbelt så dyr som
nå.
Difor måtte det skaffast midlar til nedskriving
av anlegget. Til slik nedskriving har laget fått munarleg statsstønad.
Fylket har og gjeve noko stønad. Kommunen likeeins.
Den fyrste stønaden vart gjeve til Brekke og Gulen
Kraftstasjonar, slik at dei kunne levere sers billig kraft til dei to kraftlaga
og føra den krafta fram til nokonlunde sentral plass i kommunane.
Stasjonslaget fekk såleis kr. 500.000,- til dette føremål.
I 1945 fekk laget sin fyrste statsstønad med kr. 45.000,- som m.a.
vart nytta til bygging av høgspentline over Austgulfjorden til Hantveit.
Sin fyrste større stønad til linebygging fekk laget tilsagn
om i 1946, med kr. 210.000,- pluss tillegg 1948 kr. 48.000,-. Då
vart det vedteke å bygge line frå Dalsøyra til Byrknesøy
med avgreiningar til Steine og til Mjømna. I 1953 fekk laget stønad
kr. 110.000,- til Sørøyane. Når neste tilsagn om stønad
til linebygging fyrst kom i 1956, så er dette avdi det ikkje kunne
skaffast noko kraft til å selje over dei nye linene. 11956 fekk ein
så kr. 105.000,- til lina Breivik - Risnes og vidare til linene Randal-Skjerjehamn-Lid
vart det gjeve kr. 80.000,- i stønad. Men enno stod det att å
bygge line til mange på øyana i Gulen.
I 1957 fekk laget tilsagn om stønad til å
bygge liner frå Eivindvik til Hisarøy med avgreining til Dingja.
Vidare frå Undalsvk til Klokkeid-Brandsdal-Neverdal. Ein fekk også
stønad til å bygge lina på Losna i samband med Solund
Kraftlag sitt linenett.
Statsstønaden var på tilsaman kr. 516.000,-.
Fylket gav og stønad med kr. 20.000,-.
Til å bygge line fram til Vatnøy-Vatsøy-Glavær
og Hille, Koksøy og Kvernøyane fekk laget i 1961 tilsagn
om kr. 121.000, i statsstønad. Kr. 17.000,- frå fylket, og
kr. 50.000,- frå kommunen.
Laget har i alt fått kr. 1.248.000,- i statsstønad.
Kr. 136.193 frå kommunen, og kr. 37.000,- frå fylket.
Men abonnentane og andre som hadde interesse av at heimane
i Gulen fekk el. kraft har i alt skaffa kr. 402.800,- i lutmedel. Attåt
er det gjort mykje dugnadsarbeid. At dette arbeidet kan verdsetjast til
kring kr. 300.000,-, er truleg. Dette arbeidet er ikkje bokført
i laget sine rekneskapar.
Når ein såleis ved lutmedel og stønad
kunne selje kraft til rimeleg pris på liner som var nedskrivne til
under det halve av kva dei kosta, let det seg gjera å få låne
den restkapital ein trengde. Det er Bergen Sparebank som har skaffa laget
den meste lånekapital. Gulen Sparebank har og gjeve god stønad
både ved lutteikning og lån. Den samla bokførde byggesum
for laget sitt linenett er pr. 31/12-1964 kr. 2.578.882,-. Den bokførde
verdien kr. 545.073,-. Den samla lånekapital var kr. 715.000,-. Pr.
31/12-1964 er laget sin låneskuld kr. 210.149,-. Det er såleis
i denne tida avbetalt kr. 504.851,- på laget sine lån.
Straum - Tariffar - og rasjonering
Når borgaren av velferdssamfunnet av i dag minnast
tida for 30-40 år sidan, er det ikkje vanskeleg å sjå
at vi idag krev at kvardagen skal vere så langt lettare å kome
igjennom.
Det som har teke vekk mesteparten av slitet for oss idag,
er maskinene. Maskiner er ikkje noko som fyrst kom dei siste 30-40 åra.
Der var mange maskiner som tok tunge tak før den tid. Men fyrst
då det vart enkelt og billig å lata den elektriske straumen
drive maskinene, kunne kvar mann som rådde over elektrisk kraft,
skaffe seg god og billeg drivkraft. Det er ikkje i alle land at den elektriske
straum er så billeg. Men her i Noreg har vi noko så nær
den billegaste straum som fins. Kraftverk som vart bygd her i landet i
tjue- og tretti-åra, kan gjeva abonnentane sine store føremuner
ved å selje billeg straum. Bygder som måtte vente lenge på
krafttilførsla, sakka bakover i tevlinga med dei som var tidleg
ute.
Det er småindustrien - bygdeindustrien - som så
radikalt har endra næringsgrunnlaget i så mange bygder i landet
vårt.
Skal slik industri ha von om å vekse og trivast,
krevst det ymse vilkår. Eit av desse er at det på staden kan
skaffast rikeleg og sikker el. kraft.
Til rimeleg pris
Og det er ikkje berre prisen til teknisk bruk som må
vera rimeleg. Også til hushald må straumen vera rimeleg, om
industri skal ha vokstervilkår. Det er ikkje så liketil å
kunne tevle på dette omkverve for eit kraftlag som har 300 m. liner
til kvar abonnent å halde vedlike. Når ein så attåt
må kjøpe krafta til høg pris og føre den fram
på lange liner med stort tap, har kraftprisen til abonnentane lett
for å verta for høg. Laget har vore svært varsam med
å legge på straumprisane, men må likevel halde ein pris
som ligg litt i overkant av medeltalet for landsbygdene elles i landet.
Om ein kan makte å skaffe billigare straum ved å bygge ut Kløvtveitelva,
er det i dag uråd å seia noko sikkert om. At Kløvtveit
kunne skaffe sikrare kraftforsyning skulle det vel ikkje vera tvil om.
Dei fyrste 12 åra måtte ein rasjonere krafta
ut til abonnentane. Dei fyrste åra avdi transformatorane ein greidde
å skaffe under krigen var for små. Etterat lina til Byrknes
var koma i drift, kunne ikkje stasjonen i Takle med sine 550 KVA greie
å levere det som abonnentane ville ha. På årsmøtet
28. mars 1947 vart det vedteke å rasjonere straumen slik: ((Ingen
får kjøpa straum til oppvarming. Til lys og koking får
ein 80% av det ein hadde tinga 1. juli 1944 i indre strøk, og 1.
januar 1946 i ytre strøk. I tillegg til dette får ein 50 Watt
for kvar lut tingaren og huslyden hans har tilsaman. Høgst 1500
Watt. Skulle det syne seg at prosentsatsen vert for høg, får
styret fullmakt til å etja den ned.» Det synte seg snart at
ein hadde vore for raus ved fastsettinga av prosentsatsen. Ein ser i styret
si møtebok at 1. november 1947 oppmodar ein Brekke Kraftlag om å
avgrense overforbruket på målarane mest mogeleg. Det vart noko
«tautrekking» mellom dei to kraftlaga om kor mykje straum kvart
lag hadde krav på av det stasjonen i Takle kunne produsere.
Styret i laget hadde mykje strev med å rasjonere
straumen på ein rettvis måte til abonnentane.
Møteboka syner at styret har handsama i alt 118
søknader om straum utanom rasjonen. Dei fleste måtte ein avslå
avdi det ikkje kunne skaffast meir straum. I 1950 fekk så driftsstyraren
fullmakt til å ta avgjerd i slike saker.
Fyrst mot slutten av 1957 kunne ein melde frå at
nå kunne alle få den kraft dei ville ha, - i den mun som lågspentnettet
makta å få den fram.
Vinteren 1960-61 måtte ein rasjonere krafta avdi
det var altfor lite nedbør i 1960. Målarane vart då
stillt ned med 25% i tida frå oktober 1960 til april 1961. Den fyrste
tida nytta ein vippe til å måle straumuttaket til abonnentane.
Ein betalte då ein fast årspris for tinga KW. Overforbruket
var det såleis ikkje høve til å ta ut. Seinare gjekk
ein over til overforbruksmålarar i staden for vippe. Då var
det høve til å ta ut meir straum enn det som var tinga og
til fastsett pris pr. KWh. Mange finn at det løner seg å nytte
straum til heil eller delvis oppvarming av husa. Dei vil som oftast finna
at den såkalla «blanda tariff» vil passe best til det.
Etter den tariffen betalar ein ei årleg avgift for retten til å
nytte avtalt antal KW. Men all straumen ein nyttar, vert då målt
og betalt pr. KWh. Prisen på krafta som laget har levert til abonnentane
sine, har nok auka ein god del sidan 1944. Likevel er ikkje auken så
stor som auken i levekostnaden elles. I 1944 kosta 1 KW. på vippe
kr. 129,- året. I dag kostar 1 KW. med rett til overforbruk kr. 315,-.
Tariffane til andre formål enn hushald har endra seg mindre. Såleis
kan ein nemna at prisen på straum til oppvarming av kyrkje, skulehus
o.l. var i 1945 6 øre pr. KWh. I dag er prisen til slike føremål
6,3 øre.
Men anten ein kjøper straum etter den eine eller
den andre tariff, så er ein like hjelpelaus når straumen til
sine tider vert borte. Den elektriske krafta er vorten ein tenar som ein
reknar med skal stå parat til å tene oss på så
mange felt og til alle tider, dag og natt.
Hus-spørsmålet
Dei som har vore med i styret har vore merksam på
at skal laget kunne arbeide godt, må det sytast for hus både
til lager, kontor og bustad for tenestemenn. Alt den tid lensmann Eikenes
var formann, vart arbeidet for å få bygd hus til laget teke
opp. Ein var i 1949 komne så langt at ein hadde både grunn,
mesteparten av materialane og byggeløyve for kontor- og driftsstyrar-bustad.
Men årsmøtet gjekk imot bygging med 34 mot 14 røyster.
Sidan har det vore gjort fleire vedtak som gjekk ut på at ein burde
bygge, i samarbeid med kommunen eller på onnor vis, men noko vedtak
om å setje arbeidet i gang, vart det ikkje til.
Installasjons-arbeidet
Skal abonnentane kunne nytte ut straumen som kraftlaget
leverer ved husveggen, må ein vera budd på at det krev store
utlegg til hus-installasjonar. I den tida laget skulle levere straum, var
det svært vanskeleg å få tak i material til slik installasjon.
Det var heller ikkje noko firma i nærleiken somkunne skaffe materiell
og ta på seg arbeidet med å installere. Kraftlaget måtte
difor freiste å få kjøpt alt materiell som kunne skaffast.
Ein måtte og syta for å få ein autorisert installatør
til å ta på seg arbeidet hjå abonnentane. Den 8. november
1943 vart det skrive kontrakt med installatør Jac. Sande, Lavik,
om installasjonsarbeidet. Han skulle og ha tilsynet med bygging av lågspentlinene.
Sande hadde så dette arbeidet fram til november 1946 då Anfinn
Norstein overtok som installatør. Kraftlaget hadde lager av materiell
denne tida. I 1948 overtok Norstein lageret og dreiv installasjonen for
eiga rekning til han vart driftsstyrar i slutten av 1948.
I mai 1949 vart så Johs. Sviggum tilsett som installatør
og dreiv for eiga rekning fram til april 1951.
Det synte seg nå å vera vanskar å få
installatør til å ta på seg arbeidet i Gulen på
dei vilkår ein kunne by. Det vart difor til at laget måtte
ta på seg å vera installatør, og så nytta montørar
til å gjera arbeidet. Sidan desember 1953 har Oddm. Sandnes vore
montør. Saman med ymse hjelpearbeidarar har han etter den tid utført
det meste av installasjonsarbeidet for laget.
Det er ikkje så liketil å halde vedlike installasjonane
hjå abonnentane i eit så vidsveimt og sundrive område
som Gulen. Det vil oftast verte urimeleg kostesamt å få retta
på små feil. Når vegnettet etterkvart vert utbygd, vil
det også verta lettare å driva installasjonsarbeid i Gulen.
Kontorhald og tenestemenn
Gulen Kraftlag, Brekke Kraftlag og Stasjonslaget, som
dei to kraftlaga skipa i 1941, har heile tida vore økonomisk bundne
til kvarandre. Drift og kontorhald ville vore enklare og billegare om dei
tre laga hadde vore slegne saman.
Då B.K.K. skulle selje kraft til dei to kraftlaga,
ynskte dei at laga vart slegne saman. Det let seg ikkje gjera å få
det i gjennom, den gangen.
Seinare har spørsmålet vore teke opp fleire
gonger, serleg frå Gulen Kraftlag. Fyrst i 1964, etterat dei to kommunane
var slegne saman, greidde ein å koma fram til vedtak som gjer det
mogeleg for dei tre laga å få sams rekneskap frå 1. januar
1965.
Men heile tida har ein måtte ha driftsstyrar og
seinare driftsassistent saman om ikkje administrasjonen skulle verta for
dyr. Det vart då slik at stasjonslaget skulle tilsetje og løne
den tekniske leidinga og få ein viss part av løna att frå
kraftlaga. Ei tid hadde driftsstyraren rekneskapen for Gulen Kraftlag attåt
rekneskapen for stasjonslaget.
Driftsstyrar
I 1944 vart Hans Fjøsne, Luster, tilsett som driftsstyrar
for dei tre laga. I 1948 sa han opp stillinga og flytte til Luster.
Anfinn Norstein som arbeidde som installatør i
laget vart då tilsett som driftsstyrar. Men han og fann seg etter
ei tid ein liknande stilling på ein stad der ein kunne nytte bil
i staden for båt. Frå nyttår 1952 til hausten 1955 var
Hermod Sagen driftsstyrar. Sidan den tid er det Jac. Sande, Brekke, som
har hatt stillinga.
Då ein hausten 1954 hadde von om å kunne setje
fart i utbygginga av linenettet, meinte driftsstyrar Sagen at han trengde
meir teknisk arbeidshjelp. Styret i stasjonslaget fann det difor rett å
få tilsett ein driftsassistent i utbyggingstida. Sverre Wergeland
vart då tilsett som driftsassistent. Han slutta i 1956 og tok til
med installasjonsverksemd i Brekke. Sidan den tid har Harald Norheim vore
tilsett i stillinga.
Kasserarar
Som fyrste kasserar i Gulen Kraftlag vart lensmannsbetjent
Olav Bøe tilsett. Han hadde det som attåt-stilling, og kontoret
var i huset til Norstein i Eivindvik. Då Fjøsne vart tilsett
som driftsstyrar, overtok han også som kasserar for laget. Likeeins
hadde Anfinn Norstein laget sin rekneskap då han var driftstyrar.
Kontoret var då i huset til Lydia Wevling i Eivindvik. Frå
1. januar 1952, på same tid som Sagen vart driftsstyrar, vart Kåre
Henriksbø tilsett som rekneskapsførar og kasserar i laget.
Han var då forretningsførar i forsyningsnemnda, og skulle
ha kasserarstillinga som attåt-stilling. Men då laget måtte
ta over installasjonsverksemda, vart stillinga etterkvart full stilling
med vanleg kontortid.
Kasserarkontoret var då i heradshuset. Då
laget i 1956 leigde kontor i P. R. Sandal sitt forretningsbygg, flytte
også kasserarkontoret dit.
Styreformenn
Laget sin fyrste styreformann var lensmann Jakob Eikenes.
Han var ei drivande kraft i det førebuande arbeid og fleirtalet
mellom luteigarane ynskte at han skulle halde fram med arbeidet.
Ved val på styre i 1945 nekta fylkesagr. H. H. Tveit
attval. Han hadde gjort teneste som formann etter at lensmann Eikenes i
1943 var teken av tyskarane. Til ny varaformann vart vald L. J. Kjellevold.
Han overok formannsjobben til Eikenes kom attende frå Tyskland.
I protokollen ser ein at Eikenes vart attvald som formann
ved alle val den tid han var borte frå Gulen. I 1946 flytte Eikenes
frå Gulen, og Johs. Norstein, Eivindvik, vart då vald til formann.
På årsmøtet 1949 sa Norstein frå seg attval, med
anna sidan sonen, Anfinn Norstein, då vart tilsett som driftsstyrarar.
Lærar S. Randal var å formann frå 1949 til Norstein på
ny tok på seg formannsplassen i 1957.
Styremedlemer
Desse har vore valde til styremedlemer av årsmøta
og sete i styret:
Jakob Eikenes, 1939 - 1946
Henrik H. Tveit, 1939 -1944 og 1949 til 1963
Bernhard Hauge, 1939 -1942
Martin Birknes, 1939 - 1947
L. J. Kjellevold, 1939 - 1962
Ludv. Opdal, 1943 - 1944
H. M. Haveland, 1945 - 1945
Harald Iversen, 1945 - 1947
Johs. Norstein, 1946 - 1948 og frå 1957
Ingv. Austgulen, 1946 - 1954
Konr. H. Rutledal, 1948 - 1956
Vilhelm Bjørknes, 1948 - 1948
Søren Randal, 1949 - 1956
Guttorm Kversøy, 1955 - 1957
S. T. Lie -1957, 1962
Marchall Unneland, 1958 -
John L. Kjellevold, 1962 -
Edvin Sellevåg, 1963 -
Trygve Brosvik, 1964
På omframt årsmøte 14. august 1964
vart det vedteke å løyse opp laget for saman med Brekke Kraftlag
å late det gå inn i L/L Brekke og Gulen Kraftstasjonar. Som
avviklingsstyre vart laget sitt styret 1964 valt. Det er: Johs. Norstein,
formann, John L. Kjellevold, varaform., M. Unneland, Edvin Sellevåg
og Trygve Brosvik.
Den 5. mai 1965 hadde L/L Gulen Kraftiag sitt siste årsmøte.
Der vart årsmelding og rekneskap for 1964 godkjent.
I årsmeldinga for 1964 merker ein seg at straumtilførsla
til abonnentane ikkje er så stabil som ynskjeleg kunne vere.
Rekneskapen syner at ein har nytta av reservefondet for
å få jamvekt.
Same dag hadde L/L Brekke og Gulen Kraftstasjonar sitt
første årsmøte der luteigarane hadde vanleg røysterett.
Sluttord
Ein kan vel ikkje seia at Gulen Kraftlag, med sitt arbeid
for å skaffe el. kraft til heimane i Gulen, har makta å stogga
«flukta frå landsbygda». Det er for mange ting som spelar
inn på dette omkverve, til at berre el. forsyning kan snu straumen.
Litt småindustri har nå freista slå
rot i Gulen sidan ein fekk brukande kraft, men diverre ikkje i den mun
ein kunne ynskje.
Nokre verkstader der de lagar dører, vindauge,
trapper og kjøkkendiskar har funne levevilkår. Nokre små
sagbruk, ein hermetikkfabrikk, ein fabrikk for sementvarer og eit mek.
verkstad er og i drift. Nokre bra arbeidsplassar gjev nok dette, men tiihøva
skulle liggja bra tilrette for meir industri om dei rette menn med tru
på framtida ville ta fatt. Ein har likevel grunn ti å tru at
Gulen Kraftlag har vore med å bremsa litt av straumen frå bygdene.
At arbeidet i hus og heim fell langt lettare og krev langt færre
hender, når ein kan nytte hjelperåder som kan drivast med elektrisk,
er tvillaust. Arbeidsplassane i heimane vert difor ikkje så mange.
Berre fleire heimar og livsvilkår for dei, kan stogga den nedgangen
i folketalet som Gulen, slik som dei fleste kystkommunar, har hatt i mange
år. Noko med kvart vert kommunen knytt til vegnettet så langt
fastlandet rekk. Dette skulle og gjeva vokstervilkår for litt industri.
Tilslutt vil vi og nemne, at når det gjeld utbygginga
av linenettet i Gulen, må det seiast at det har vore ei sak som har
kalla samla løft. Det har vore lite strid og dragkamp mellom dei
ymse grender, og offerviljen og samarbeidsviljen har vore stor. Ein må
vel kunne seia at her gjekk «Mann av huse» for saman å
skaffe lys og kraft til husa. Det var nok ikkje så liketil for mange
å skaffe dei kontantar som skulle til, både til luter og til
installasjonar, men det gjekk. Mykje dugnad vart og kravt med mange tunge
tak i bratte lier, men det og gjekk.
I dag er det vel ingen som tregar at dei var med å
yte sitt for å få denne gode og villige tenaren inn i heimane.
Til sine tider har nok dei som stod i brodden for arbeidet
med kraftutbygginga i Gulen hatt ein kjensle av at det var meir kritikk
enn takk dei fekk for arbeidet sitt. Men det er vel ein felles lodd for
alle som vert valde til slike ombod. På den lysfesten som vart halden
i Eivindvik i 1945, var det to «Budeier» som song ei vise om
kva goder lyset hadde ført med seg i fjøset.
Dei sa og fram si takk til styret for dette som hadde
gjort alt så mykje lettare. Og dei gjorde det slik:
No vil vi gjerne rette til dokke i styre, heisan, hoppsan
og falleri og ra.
Ei takk i frå oss sjølv og ei helsing frå
kyre, heisan, hoppsan og falleri og ra.
Burt i Amerika veit vi dar ska være, heisan, hoppsan
og falleri og ra.
Ein elektriske stole, som ska være so svære,
heisan, hoppsan og falleri og ra.
Ein slik vil vi kjøpe, sjølv om han er
dyre, heisan, hoppsan og falleri og ra.
Og gi han som gave til dokke i styre, heisan, hoppsan
og falleri og ra.
|