Dalsøyra
Tekst og foto: Scandion. Sjå staden på Google
maps
I bygdeboka "Gulen i gammal og ny tid" skriv Ivar Kleiva
at det skal ha vore busetnad ved "Dalsnøstet" frå 1670. Dette
året, den 19. oktober, var det på hausttinget i Halsvik føre
ei sak som viser at mennene i Dale, Jon og Johannes, hadde lova at Kristen
Søfrensen og Eli, kona hans, skulle få busetje seg ved "Dalsnøstet".
Det kan tyde på at Dalemennene har hatt ein rettsgild ålmenning
der når dei kunne love noko slikt, og jamvel merkesteinane er nemnde.
Etter at dette hende ser det ut til at det har budd folk
ved "Dalsnøstet" nokonlunde samanhengande i meir enn 100 år.
Den siste som er nemnd var ein Ivar Andersson. Han hadde båtstø
nord for d/s kaia, og støa heiter Vossestøa den dag i dag,
avdi Ivar og folket hans var fødde på Voss. Ivar og familien
hans flytte til Kjellevoll i 1784.
Vi må fram til tidleg på 1900-talet før
det vert ny busetnad på Dalsøyra. Isak Ananias Monsson Breidvik,
f. i Breidvika 16/4 1872, fekk i 1902 kjøpe to jordstykke like ved
"Dalsnøstet" av Lasse Lihaug og Ole L. Lihaug.
Isak sette opp hus på staden og tok til med landhandel.
Då Fylkesbaatane fekk Dalsøyra som stoggestad vart Isak også
dampskipsekspeditør. Frå 1904 fekk ein telegrafstasjon på
Dalsøyra - og Isak vart telefonstyrar attåt.
I 1905 vart Dalsøyra poststad, og postopnar var
John J. Kjellevoll. Posten held då til på Kjellevoll.
I 1911 vart det bygd dampskipskai, mest med dugnadsarbeid.
Stein til kaia vart frakta på ein pram frå andre sida av fjorden.
I 1919 bygde Isak Breidvik det huset som står på
eigedomen, men det er påbygt og ombygt fleire gonger sidan.
Kring 1920 vart telegrafstasjonen flytta, og Staten tok
over tenesta.
Parti frå Dalsøyra i farne tider.
Då Isak Breidvik selde eigedomane sine i 1921,
hadde Ludvik J. Kjellevoll ein tinglesen leigekontrakt på dei. Han
tok til med landhandel der frå 2/1 1922. I 1933 kjøpte Ludvik
alt, også kaia. Han var då både landhandlar og postopnar,
og attåt dreiv han gardsbruket på Kjellevoll. Dottera Thorbjørg
Birknes fortel den vidare historia til Dalsøyra
Landhandel
I juni 1928 fekk Sigurd Ellingsen, født på
Mjømna, og kona Borghild, f. Lihaug, kjøpe eit stykke av
naustgrunnen "Dalsnøstet" til tomt. Dei bygde to hus og tok til
med landhandel. Ingolf Austgulen / Einar Ellingsen har skrive ned historia
om korleis Sigurd, og seinare sonen Einar, utvikla staden til eit viktig
handelssenter for bygdene ikring. Les historia om E.
Ellingsen AS |