Dalsøyra Landhandel
Forfatter: Thorbjørg Birknes
Publiseringsdato: 05.04.2004
Det er så mykje som kjem fram i tankane når
ein vert bedt om å skrive ned gamle minner. Kva skal ein ta med,
og kva skal gå i gøymeboka ? Men her er det altså handelsstaden
Dalsøyra det skal dreie seg om.
Far min, Ludvik J. Kjellevold ((08.02.1889 - 09.11.1971)
), starta som handelsmann i Lavik. Etter fyrste verdenskrig, ca 1918, flytte
han med familien sin til Kjellevold for å ta over garden. I 1933
kjøpte han handelsstaden Dalsøyra med butikken og d/s-(dampskips.)
kaia. Då hadde han fyrst leigd staden i over 10 år.
17. mai-feiring på Dalsøyra i 1950-åra.
Lærar Ivar Kleiva talar.
Posten hadde til no halde til i gamlehuset på Kjellevold.
Dalsørens postaabneri vart oppretta 01.07.1905, og farfar min, John
J. Kjellevold, (1864-1954) var den fyrste postopnaren.
I 1935 vart far min poststyrar, og posten vart då
flytta til eit lite kontor bak butikken. No var far både handelsmann,
dampskipsekspeditør og poststyrar, samstundes som han dreiv garden.
Det kom vel med at me var mange sysken, det var god bruk for alle. Arbeid
på garden var sjølvsagt, og dei fleste av oss måtte
ta nokre år i butikken og posten. Mor var ikkje med i butikken, det
var meir enn nok å ta hand om heime på garden.
Thorbjørg og Bergljot Kjellevold i butikkantrekk
framfor familiens forretning på Dalsøyra.
Sjølv var eg berre 13-14 år då far
lærde meg opp i posten, noko eg likte veldig godt. På same
tid tok eg til i butikken, helst morgon og kveld, i meieritida, då
var det alltid mykje folk. Ein kan vel trygt seia at butikken var viktigaste
møtestaden i bygda, slik til kvardags.
Etter kvart som eldre sysken reiste vekk på skular,
eller gifta seg, vart eg butikkjente på heiltid. Det var ein triveleg
arbeidsplass, sjølv om det var mange tunge tak og lange dagar. Fast
stengetid var det ikkje fyrste åra. Butikken vart brukt som venterom
når "dampen" var sein, og det var den ofte. Mangt eit verdensproblem
vart løyst på kassebenken inn for døra.
Benken ja. Den var lang med hengsla lok, oppdelt i store
rom inni. Nedi der var det kloggar og tresko, rivehovud, ljåar og
ljåskaft. Og dermed kom eg inn på vareutvalet : Det var reint
utruleg kva som fanst i hyller og skuffer i ein landhandel for 60-70 år
sidan. Hos oss var det t.d. ein heil vegg med metervarer, alt frå
gardiner og fint kjolestoff, til forkle-og skjortetøy.
Og sjølvsagt alt ein ellers treng til syarbeid:
tråd, nåler, glidelås, hekter og knappar m.m. Og mykje
strikkegarn. I ein reol for seg var det spikar, skruer og verktøy.
Ellers hadde me sko og tøfler, undertøy og herreskjorter
- populære julegåver. Der var og "krusetøy" av ymse
slag, koppar, skålesett m.m. Og kolonialvarer: alt var i laus vekt,
me vog opp i papirposar, og rekna ut prisen etterkvart. Posane vart lukka
med papir-limband som me hadde på ein rull.
Dette var i dei harde trettiåra,og det var lite
pengar blant folk, så mykje vart skrive i "kladden". Folk betalte
så sant dei kunne, men far min strauk nok eit og anna som det likevel
ikkje var von om å få inn. Eg hugsar at han sa: "Eg kan ikkje
nekte folk mat".
Kjellevold. Bustadhuset til fam. L.J. Kjellevold, der
postopneriet starta i 1905.
1940
So kom krigen. Varene minka fort, og lite kom inn att.
Alle viktige varer vart rasjonerte. Folk fekk rasjoneringskort frå
forsyningsnemnda, eit for kvart vareslag til kvart menneske. Av desse måtte
me klippe merke når dei skulle handle. Ei lita saks i forklelomma
var alltid med.
Eg hugsar ei hending frå den tida: Det var ein mann
med stor familie, bl.a. hadde han mange gutar i verste veksealderen. Han
hadde merke til 17 kg mjøl som eg vog opp nede i bua. Han held i
sekken, og eg skufla oppi. Brått seier han: "Gje meg 20, så
kan eg ete meg mett ein gong óg! Eg greidde ikkje svare, men 20
fekk han.
Så fekk eg vone at dei i forsyningsnemnda ikkje
kontrollerte alle konvoluttane. Ja, for alle merka måtte teljast
opp og sendast i sine spesielle konvoluttar til forsyningsnemnda. Slik
fekk me att tilvising på nye varer.
Far min hadde gode forbindelsar i Bergen, og greidde bl.a.
å skaffe mykje dongeriklær,oljeklær og sjøstøvlar.
Dette frettest visst, for no fekk me mange kundar frå Solund. Eg
hugsar best familiane Eide og Lambrechts. Dei hadde store båtar,
og stundom var både kvinnfolk og ungar med. Frå Masfjorden
kom det óg nokon. Dei gjekk over fjellet til Virkesdal,og så
var det berre 3 km til Dalsøyra.
Dalsøyra med det velregulerte bustadområdet
på Lihaug bakanfor.
Dampskipsekspedisjonen m.m.
Eg nemnde meieriet: Mjølka vart for det meste
send til Manger Meieri i Bergen, men under krigen vart det óg sendt
mjølk til mange private i Solund. Båten frå Bergen gjekk
først til Gulafjordane, og sidan rundt heile Solund. Meierska kom
med ein bunke fylgjebrev, som alle vart ført inn på lista
saman med anna som skulle sendast. Tomspanna kom i retur.
Far min var med i diverse styre, bl.a. i Manger Meieri.
Det vart mange møte i Bergen då alle meieria skulle bli til
Bergensmeieriet. Samstundes var han i styret i Vestlandske Salslag, Kjøpmannsforeningen
og d/s-ekspeditørane sin forening, pluss diverse bondeorganisasjonar.
Dette gjorde at han var mykje vekke, og det vart travelt
heime. Me leigde alltid ein mann til å ekspedere "dampen", ta imot
og sende varer. Eg tok meg av posten. Mang ei natt sat han og eg på
postkontoret og venta på bybåten som nesten alltid var forseinka.
Neste morgon måtte posten sorterast, og to postbod skulle ut. Ola
L. Nordal hadde rute i Dalsbygda, og Benjamin Bjørklund, og seinare
Nils Glenja leverte post innetter fjorden og i Brandsdalen.
Og så måtte butikken opnast til meierifolket
kom, anten eg hadde sove eller ikkje. Likevel, eg ser med glede attende
på tida i butikken. Det var eit sosialt liv. Eg trur eg kjende alle
i bygda og innetter fjorden, berre greie og hyggelege folk, slik eg minnest
dei. Og når byfolka kom om sommaren, vart eg fort kjend med dei óg.
Den som stod bak disken i den tid, fekk vite alt som hende i nærområdet,
både direkte frå kundane, og frå praten mellom dei. Butikken
var, som sagt, ein viktig møteplass.
Ja, dette er slik eg hugsar denne tida. Eg må forresten
ta med at me hadde eit godt samarbeid med andre handelsmenn i Gulen. Det
den eine ikkje hadde, kunne den andre kanskje skaffe.
Bror min, John L. Kjellevold ((29.05.1920 -23.11.1993)
), overtok butikken etter far min. I 1959 vart han poststyrar. Postkontoret
vart utvida etter kvart. Butikken var ei tid bortleigd, og er sidan seld.
No er det frisørsalong i det gamle butikklokalet. Kaien er heller
ikkje mykje i bruk; i dag kjem varene landevegen, og posten kjem med eigne
bilar. - Og eg trur ikkje nokon sel tresko i butikkane lenger. |