Steinbygningar i Gulen
Forfatter: Gulen kommune
Publiseringsdato: 21.06.2004
Midt-Taklestølen. Foto: Scandion.
Stein er mykje brukt i byggjeskikken langs heile den skogfattige
norskekysten, men ingen stader har så mange og varierte steinbygningar
som Nordhordland og Gulen. På fleire av gardane i Gulen er det innslag
av steinmurar i alle bygningane, i tillegg til flotte steingardar, gjerne
med innebygde gardflorar (fjøs), i skiljet mellom utmark og innmarksbeite.
Ein del av steinbygningskunsten i Gulen har gått
tapt dei siste 50 åra, men fleire og fleire skjønar kva imponerande
fagkunnskap og arbeidsinnsats som ligg gøymt i dei solide og snorrette
turrmurane, og ynskjer å ta vare på desse viktige kulturminna.
Husmurane vart bygde som doble kistemurar utan nokon form
for bindemiddel, anten som vernemur mot kald vind, som på Tynning
i Brekke, eller som beremur, som på Molde på Dalsøyra.
Murane er gjerne tjukke i botn, og smalare mot toppen.
Vatnet vert drenert vekk frå innerveggane, og veggane på mange
er utruleg jamne. Nokre av dei er rekna mellom det mest avanserte og beste
murararbeid som finst i dei norske bygdene. I dei store steinløene,
t.d. på Midtun i Eivindvik, er beremurane ofte kombinert med grindverk
i tre, same teknikken som finst i stavkyrkjene.
Sjølv om byggjetradisjonen strekker seg attende
til middelalderen, tyder mykje på at dei fleste steinbygningane i
Gulen er frå tida etter utskiftingane på 1800-talet fram til
omlag 1900.
-----------------------------------------------------------------------------------------------
Stone buildings in Gulen
Information: Gulen Municipality
(27.12.2002)
Stone has frequently been used in the building traditions
along the Nowegian coast where trees are seldom, but no area contains as
many and varied stone buildings as Nordhordland and Gulen.
On several of the farms there are elements of stone walls
in all the buildings in addition to stone fences, some have integrated
cow barns separating the home fields from the raugh grazings.
Some of the knowledge of the art of stone building in
Gulen has been lost in the last 50 years, but more and more people are
beginning to realise what impressing amount of knowledge and work effort
which hidden in the solid and straight dry walls and wish to preserve these
important cultural monuments.
House walls were built like double walls without any binding
material, either as a form at protection wall against the cold wind, such
as at Tynning in Brekke, or as a supporting wall like Molde at Dalsøyra.
The walls are often thick at the bottom and narrower at the top. Water
gets drained away from the inner walls, and the walls are often incredibly
even. Some are reckoned to be amongst the most advanced brick work to be
found in the rural areas of Norway. On some of the largest stone barns,
like at Midtun in Eivindvik, the inner walls are often combined with wicket,
the same technique which is present in the stave churches.
Although the building tradition reaches back towards the
middle ages, indications show that most of the stone buildings in Gulen
are from 1800 and up ta approx. 1900.
-----------------------------------------------------------------------------------------------
|