Kulturminner
i
Gulen kommune
Foto: Scandion
Prestegardstien i Eivindvik
og kulturminna langsmed av Gulen kommune
Verna vindmølle av
Anne Mette Tuvin
Steinbygningar i Gulen
av Gulen kommune
Tripp, trapp tresko av Magnor
Midtun
Gulatinget
Vassbruksmiljø Takle
av Bjarne Dåe
Vetane av Gulen kommune
Skjerjehamn - idyll i barsk
skjærgård av Scandion
Treskofabrikken i Sellevåg
av Olav Aaraas
Krigsminne av Gulen kommune
Den Trondhjemske postveg og kulturminna
langsmed av Gulen kommune
Dingen tønne - og trevarefabrikk
i Dingja av Gulen kommune
Kulturminner
Tekst: Arne Høyland
Kulturminne og kulturmiljø er spor etter menneske,
ikkje berre fotspor i form av gamle stiar, men spor etter ymse aktivitetar
og levemåtar. Eit kulturminne kan såleis vera stort og det
kan vera veldig lite.
Ein skil og ofte mellom faste og lause kulturminne.
FASTE kulturminne er slik som fabrikkar, bygningar,
kaiar, vegar og andre faste installasjonar i landskapet.
LAUSE kulturminne er alt som er flyttbart slik
som fiskereiskapar, båtar, landbruksutstyr og anna lausøyre
som menneska har nytta.
Landskap med spor etter gamle åkrar, slåttemarker,
utslåtter, skogar og t.d. lyngheilandskap er og minne etter ein kultur.
Kulturminne er og å finna i sjø og vatn.
Alt dette som no er nemd er materielle kulturminne.
I tillegg til desse kjem kulturminna som ikkje er materielle
d.v.s. immaterielle. Det kan då vera tru og tradisjonar knytta til
landskapet. Stadnamn er eit døme på eit immaterielt kulturminne.
|