Vetane
Forfatter: Gulen kommune
Publiseringsdato: 12.03.2001
Foto: Hallstein Midtun
Etter at Gulatinget på 900-talet innførde
leidangsordninga, som på sitt vis kan seiast å ha vore opphavet
til den norske marinen, vart det bygt eit nettverk av vetar (vardar) langsmed
kysten. Med lys- og røyksignal vart det varsla frå landsende
til landsende når ufred truga landet, slik at bygdene kunne ruste
ut skip og mannskap til forsvar.Vetane vart ofte i heilskap bygde av trevyrke
slik at berre oska låg att etter bruk. Andre vart bygde som innhole
steinvetar, fylte med brenntilfang av lyng og ofte kalla lyngvetar.
Lyngvetane vart såleis ståande og vart berre
etterfylte med lyng for seinare bruk. Ein av lyngvetane som kan ha vore
ein del av dette varslingssystemet i Gulen, var Svabergveten i lia under
Svabergfjellet. Denne veten er godt teken hand om og er eit interessant
og veleigna turmål. På Byrknesøy og Hisarøy er
også vetar som er synlege i mils omkrins, og truleg høyrde
til varslingssystemet sør-nord på kysten.
-----------------------------------------------------------------
THE BEACONS
Information: Gulen municipality
Photo: Hallstein Midtun
(15.01.2003)
After the Gulating courts decided around the year 900
that the king could control any ships owned by farmers - this was in a
way the origin of the Norwegian navy - a network of beacons were built
along the coast.
Warnings were sent out by fires or smoke signals from
one end of the country to the other when war was threatening.
The villages then had time to arm their ships and forces
in order to defend themselves. The beacons were aften built of wood, sa
that only the ashes remained after use. Others were built as hollow stone
beacons filled with heather. These were called heather beacons.
The heather beacons were therefore left standing and
were refilled with heather for later use. One such beacon which is likely
to have been part of the warning system in Gulen, is the beacon in the
mountain side under the Svaberg mountain.
This beacon has been well kept and makes an interesting
and suitable aim for a trip. The beacons which can be seen for many miles
and probably once were part of the warning system on the coast, can also
be seen at Byrknesøy and Hisarøy. |