Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Kyrkjer
Brekke kyrkje
Gulen kyrkje
Mjømna kyrkje
The churches in Gulen
Gulen kyrkjelydsblad
Bjørgvin bispedøme
Reisebrev
       
Kyrkjeskip til Gulen kyrkje
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 25.08.2002

Under gudstenesta 18. august kunne soknerådleiar Halvor L. Brosvik ta imot ein tru kopi av sognejekta Svømmianna av Eivindvik Ungdomslag. Det var Magnor Midtun som sette ungdomslaget på idéen om kyrkjeskipet. 

Med Kjell Solheim i spissen for dyktige medlemmer i laget stod modellen ferdig etter meir enn 300 dugnadstimar. 


Kjell Solheim med kyrkjeskipet Svømmianna. Foto: Scandion.

Kyrkjeskipet er, til minste detalj, ein kopi av sognejekta Svømmianna som Iver Dingen frå Dingja bygde rundt 1880 - og som var i bruk like til 1967. Den orginale Svømmianna ligg på Kystmuseet i Florø for restaurering. 

Elisabeth Armand, barnebarnet til Iver Dingen, var tilstades i Gulen kyrkje under overrekkinga. 

Vi har opplysninger om rundt 250 kyrkeskip i Noreg. Omlag halvparten er framleis i god behold, og nye kjem stadig til. Svømmianna, kyrkjeskipet i Gulen kyrkje, føyer seg verdig inn i denne rekka. 

Historie og symbolikk 
Eit kyrkjeskip er ikkje berre ei skute, eit dekorativt utsmykningsobjekt. Det har sterk symbolikk og lang tradisjon. Alt i dei første århundrer etter Kristus, i oldkyrkja, møter ein den tanke at fellesskapet av dei truande er som eit skip i opprørt hav. 

Kyrkja er som eit skip som seglar gjennom denne verda med Vårherre som styrmann og menigheten som besetning. Masta med rå er korset, seglet er vår tru. Guds Ord er det retningsgivande kompass, ankeret symboliserer håpet, ankertauet er bøna og ankergrunnen er Guds trufastheit. Stevnen vender mot alteret, mot øst og lyset. Skipet med menigheten er på veg mot Gud og lysets land. 
 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal