Ferieår
på Austgulstølen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Draumen om "der heime"
( 19.08.2007 08:18 )
Forfattar : Ingolf Austgulen.
I
tida etter andre verdskrigen var det svært mange av dei unge i Gulen
som drog heimefrå for å finna seg arbeid eller gå på
skule. Frå desse kantar var det gjerne Bergen eller byen sitt nærområde
som freista. Andre drog til sjøs for kortare eller lengre tid, ut
i verda for å læra og å sjå seg om.
Bygningsarbeid var det mange som forstod seg på,
og ungdomen var ettertrakta til slikt. I Bergen var der ekstra mykje bygg-aktivitet,
grunna all skade som vart påført i krigsåra. Husværa
i byen var heller usle, og fleire lengta til heimstaden, sjølv om
der var smått med utkome. Så vart dei verande i byen, budde
dårleg, mange vantreivst, men dei fekk no lagt til sides nokre kroner,
litt etter litt. Dei bar på ein draum!
Draumen om "der heime"
Etter som tida gjekk fekk dei betre hus, somme fann seg
koner, fekk barn og livet gjekk vidare. Og draumen følgde med! Kvar
ferie drog dei attende til heimbygda for å vitja familien sin. Besteforeldra
fekk sjå barnebarna veksa opp, og dei vaksne gjorde som før:
arbeidde på heimegarden i slåttonna, drog utpå og fiska
til hushaldet, og kom saman med andre kjende som var på ferie. Dei
tok til å sjå at foreldra vart gamle og slitne. I mange hus
vart det etter kvart overfylt med stort og smått heimvendt, og "byfolka"
tok til å sjå seg om etter hyttetomter eller fråflytta
hus der dei kunne leiga seg inn.
Foreldra gledde seg over at dei oftare skulle få
sjå sine, så tomter vart ordna. Og når ein mest fritt
kunne velja stad sjølv, fann folk seg plass der det var livd for
vind og vêr og samstundes fritt utsyn og gode båtplassar.
Til å begynna med var hyttene små og enkle.
Eit slit var det ofte å få fram material til bygginga, og mang
ein dugnad vart gjort for å mura grunn eller rydda tomtene.
Men slitet var fort gløymd; dei fekk sitt eige
der dei kunne rå seg sjølv.
Kommunen har no nære på 1000 hytter / fritidshus,
og når dei er fullsette med folk sommarstid auka folkemengda monaleg.
Regulering - og vi får hyttegrendene
Det var nok dei tidlegare som ikkje var like begeistra
for all hyttebygginga. Då låg tomtane spreidde; litt her og
noko der. Men gulingane tenkte gode tankar denne gongen og! Dei fann at
beste løysinga på problemet var å innføra ei
regulering av bygginga ved å lage hyttegrender. Dette ville verta
det beste både for hytteeigarane og bygdesamfunna. Og slik vart det!
No ser ein at hyttegrendene har ført mykje positivt
med seg i bygdene. Dei utflytta får koma heim med sine, og dei kjem
i lag med gamle vener som er fastbuande.
Venskap oppstår mellom nye naboar, og dette får
dei fleste til å trivast og finna saman om felles gleder i feriane.
Ser ein på kommunikasjonane, har desse betra seg
umåteleg etter at hyttebygginga tok til. Vegar, bruer og auka båt-
og ferjeanløp set no sitt preg på fleire stader som var truga
med avfolking.
Det er ikkje berre hyttefolk som har oppdaga idyllane
som finst i Gulen mellom holmar og skjer. Store motorbåtar finn seg
ei lun vik for overnatting og fiske. Badelivet florerer i godt vêr,
og det er ikkje måte på trivnad. Store seglbåtar frå
Tyskland, Nederland og Sverige kjem også. Her er stilt og roleg for
dei som ønskjer det, og meir livat på land med fiskefestivalar
eller felles måltider med sjømat for slike som føretrekk
dette. |