Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Hytteliv i Gulen

 

            
Ferieår på Austgulstølen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Kjelde for denne artikkelen: Lars Kvamsdal 
 Publiseringsdato: 21.08.2007

Lagdomar Otto Maalstad og kona Hildur fann draumestaden sin i ei seterbu på Austgulstølen. Det heile tok til med at Edel Bjørseth, ei av kontordamene på Tinghuset i Bergen, fortalde domaren om sine feriar i Austgulfjorden, der mor hennar kom frå. Dette var Oppdalsøyra. 


Seterbua i forgrunnen der familien Maalstad ferierte. 

Vidare snakka ho ofte om Austgulstølen som ei skikkeleg naturperle, og gav lagdomar Maalstad tips om at der inne låg ei turisthytte, og at det elles var ein fin støl der oppe. 

Familien Maalstad var naturglade menneske, og tinga seg plass på turisthytta i 1950. Men dei fann seg ikkje heilt til rette der. For mykje uro i miljøet, og lite ro for avslapping og søvn. Medan dei var på hytta, fekk dei høyra om at der låg ei tom seterbu i nærleiken. Det var Arne Kvamsdal og kona, foreldra til Lars Kvamsdal, som eigde bua, og no var den ikkje lenger i bruk. 

Maalstad og kona flytta så ned på setervollen i dette sælet, og fann seg svært godt til rette der. Så godt treivst dei der at dei kom attende kvar sommar i mest tolv år - frå 1950 - 1961. 


Bernt Austgulen, Hildur Maalstad, Josefine Austgulen, Otto Maalstad og Lars Austgulen. 

Fiske og kunstmaling 
Lagdomar Maalstad var ein mann med stor interesse for fiske. Særleg likte han å driva med flogefiske med stang, og i setervatnet ved Austgulstølen var det fint med fisk den tid. I Kløvtveitvatnet, ein halv times veg sørover i fjellet, var det endå finare og større fisk. Med andre ord var dette reine bingoen for lagmannen. 

Kona hans, Hildur, hadde maling som hobby, og ho fann mange flotte motiv der oppe. Fleire stølsjenter kom med på hennar maleri, og meir til. Nokre maleri gav ho bort til familiar i Austgulen, for det oppstod etter kvart eit veldig godt tilhøve mellom Maalstad-familien og bygdefolket. 


Vegen til Austgulsetra. 

Maalstad gjorde seg godt kjend oppe i fjella. Han drog bortover mot Brekke, fann Langevatnet der, og her drog han ein kjempeaure på over to kilo! Kvar sommar medan dei ferierte på setra, tok dei ei heil natt med fiske og tur, spesielt ved Kløvtveitvatnet. Dette var visstnok den heilt store opplevinga i ferien. Men skulle dei ha full uttelling i fisket, måtte dei ha seg ein båt når dei fiska. Dei hadde nemleg eit fiskegarn dei nytta av og til, for fisk var hovudretten under ferieopphalda. 

Kjøpte båt frå Nordfjord - fekk den frakta til fjells 
 

Maalstad kjøpte sin båt frå båtbyggarfirmaet Brødrene Aa i Nordfjord, og fekk den sendt innover med rutebåten til Austgulen. Derfrå vart båten rodd til Kløvtveit, og nokre sterke ungdomar gjorde det meisterverket å bera, heisa og draga båten oppover bratte fjellet til Kløvtveitvatnet! Kløvtveit-gutane Jakob, Kåre, Ragnar og Bjarne sto for denne bragden. 

Gutane hadde med seg øks, sag og tau til å hjelpa seg med, for dei måtte både rydda veg og draga båten etter seg i bratta. Heile prosjektet var eit meisterverk, og gutane fekk mykje ros og vart beundra for verket sitt. Frå Kløvtveitvatnet til vatnet nedanfor Austgulstølen vart båten transportert når dei fann behov for det, og der var alltid nokon som kunne hjelpa. Båten vart kalla LUKSUS, for dette var nok langt på sida av det som var vanleg på landet ! 

Båten vart transportert opp denne fjellia, som er langt brattare enn bildet viser. Her er nå den nye kraftstasjonen Kløvtveit plassert. Arbeidsinngrep viser på dette bildet. 

Lars Kvamsdal, sonen til eigaren av sælet, fekk mange oppdrag i samband med ferieopphaldet til Maalstad. Når dei kom til Austgulen laurdag kveld og ferien skulle starta oppe på stølen, så måtte Lars ha ordna med hjelp til å bera dit det som skulle til av alle slag. Ikkje minst provianten som dei hadde med seg frå byen. Det var den beste kaffien, godt pålegg, marmelade og mykje anna velsmakande. Men brød og gardsprodukt skulle og måtte koma frå Austgulen. Astrid Kvamsdal hadde fast bestilling på nybakte brød og nykinna smør, egg og liknande. Familien meinte det var viktig med god kost i fjellet, og så veit vi jo at eit fjellopphald styrkar appetitten i seg sjølv! 

Og Lars var fast bodbringar. Om han trong medhjelparar, var det ikkje noko problem å få gutar med seg. Ein tur til støls, opp bratte lia og vidare innover med fullpakka ryggsekk, vart betalt med kr. 35,- og det var stort. Det vart mange turar for Lars med post og aviser, for dette var viktig for lagdomaren der oppe i fjellheimen, så klart. 


Båten frå Nordfjord på ny vandring i fjellet. F.v. Lars Kvamsdal, Steinar Austgulen og Bernt Austgulen d.y. og ein tilreisande. 

God kontakt med bygdefolket 
Kontakten med bygdefolket var særs god. Når nokon feira dagar, høgtida konfirmasjon eller liknande, så vart dei alltid hugsa på av lagdomaren og kona. Faktisk opplevde folk endå til å få besøk av dei om dei låg på sjukehus i Bergen, noko som gledde bygdefolket mykje. 

Kom "støttespelarane" eller anna folk til støls, vart dei gjerne bedne inn til familien Maalstad, der dei vart oppvarta med det beste dei hadde. Både sigarettar og sigarar kom gjerne fram i slike stunder. Dei hadde elles god dialog med seterjentene som held til rundt dei i ferietida. 


Fru Maalstad var med, slappa av og malte sine bilder. 

Til byen att 
Familien Maalstad rekvirerte ofte fly frå Bergen til Austgulstølen. Første flytur med landing på Sætervatnet skapte problem med å koma seg opp i lufta igjen. Seinare nytta flygaren Kløvtveitvatnet som låg betre til for landing og start. 


På fiske- og badetur med båten Luxus. 

     
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal