Kirkebyggeren i Fonna
Forfatter: Gulen kommune
Publiseringsdato: 04.06.2003
Byggmeister Anders O. Korsvold (1856 - 1912) vart kalla
"Kirkebyggeren i Fonna".
Mellom anna bygde han kyrkja på Mjømna i
1901, i Gaupne 1907 og den engelske kyrkja i Balestrand.
Der bygde han óg fleire av dei store villaene i
sveitserstil, m.a. huset til professor Dahl.
Anders O. Korsvold bygde óg fleire store hotell,
m.a. Fretheim i Flåm i 1904, Maristuen i Lærdal, Nystuen på
Filefjell, Mundal i Fjærland og det kjende Kvikne Hotell (Balholm)
i Balestrand.
Om ikkje det skulle vera nok, bygde han óg gjestgjevarstaden
Skjerjehamn i 1891, prestegarden i Eivindvik (hus og løe) i 1905,
lensmannshuset Solvang, bustadhuset på Krossvoll o.s.v. I stor grad
tok han med seg arbeidsfolk frå Gulen.
Anders vart gift 25/10 1883 på Krossvoll med Orlaug
Andersdtr/Sjurson, f. 1855 på Krokenes i Solund. Han døydde
i Balestrand 14/10 1912, berre 55 år gamal. Orlaug døydde
i 1944.
Anders og Orlaug hadde 9 born. Den eldste, Ole Andreas
var målarmeistar og målte dei fleste av byggverka til faren.
Tekst og foto er henta frå bygdeboka Gulen
i gammal og ny tid, band 1 |