Stø kurs mot Furenes
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.07.2003
Foto: Scandion.
På laurdag vart det, for andre gong, arrangert veteranbåttreff
i Furenes. Inn på den lune hamna kom dei i tur og orden: M/S "Børøysund",
M/S "Atløy" og M/S "Granvin".
Bygda har ikkje all verda av parkeringsplassar, men her
bur eit gjestfritt folk - så parkeringsvakt Bjørn Håkon
Rasch losar oss opp i det nye byggjefeltet.
- Parker berre på tunet, seier han før han
tek hand om neste bilist, som også er seint ute.
Foto: Scandion.
Utanfor "gamlebutikken" til Einar´n står folk
i hopetal. Langs kaia og rundt den vakre vågen ligg små og
store fritidsbåtar så tett at ein mest kan gå tørrskodd
over.
Reketrålaren "Gulaskjær" er på plass,
og Svein Kvamme er i full sving med å levere ferske nykokte reker
til utstrakte hender med hundrelappar på kaikanten.
Foto: Scandion.
Folk kosar seg med kaffi og vaflar under telt som er sett
opp som ly for sol - eller styggevér. Telta kom vel med i fjor då
regnet ausa ned. I dag er det gråvér, men sola glyttar fram
og det er varmt.
I utkanten høyrer ein taktfaste slag frå
Radøymotorar, og karane har samla seg omkring dei for å få
vite alt om desse maskinene.
På kaien trakterar familien Bårøy toradarane,
noko som set ein ekstra spiss på ventetida.
Foto: Scandion.
Dei kjem....
Fleire kraftige støyt i fløyta på
D/S "Børøysund" får båtane på hamna til
å helse tilbake. Og så kjem dei sigande inn mot kaia, først
D/S "Børøysund", så M/S "Atløy" og sist M/S
"Granvin".
Mange var nok komen eins ærend berre for å
sjå - og komme ombord i D/S "Børøysund". Ein slitar
på norskekysten, men no stasjonert i Oslofjorden.
Ein liten prat med ein av mannskapet på brua er
interressant. Der vert det hevda at folk langs vestlandskysten har eit
heilt anna forhold til desse veteranbåtane enn folk på austlandet.
Mannskapet gler seg til å få koma rundt til dei små bygdene
våre og vise fram båten - og prate med folket. Etter turen
til Furenes set dei kursen attende til Oslofjorden og rutefart der.
Foto: Scandion.
Einaste i sitt slag
D/S "Børøysund" er landets einaste passasjerskip
med original kolfyrt dampmaskin. Skipet vart bygd ved Trondheim mekaniske
Værksted i 1908 som kombinert passasjer- og slepebåt.
Fartøyet heitte opprinneleg "Odin" og traffikerte
Trøndelagskysten fram til 1923. Deretter kom det til Vestlandet
med namnet "Skjergar", før det i 1925 vart seld til Vesteraalens
Dampskipsselskap.
Der fekk skipet namnet "Børøysund" - og
ein lang og stabil periode som lokalbåt i Lofoten og Vesterålen.
I 1960 vart skipet seld til yrkesskulen på Melbu som endra namnet
til "Hyma" og brukte det til opplæringsfartøy for maskinist-aspirantar.
I 1969 vart så skipet redda frå opphogging av Norsk Veteranskibsklubb
i Oslo.
Folk synest det er artig og nostalgisk å komme ombord
i desse veteranbåtane, med trange korridorar, knøttsmå
salongar og lugarar, stupbratte leidarar - og eit styrehus utan dagens
tekniske hjelpemidlar. Men veteranbåtane klarer seg fint med dei
hjelpemidlane dei har, og folk ønsker å oppleve båtane
slik dei eingong var då dei traffikerte fjordane langs kysten.
Foto: Scandion.
Årets veteranbåttreff i Furenes kan skrivast
inn i historieboka som ein ny suksess for driftige lokale eldskjeler i
bygda. Eit arrangement som folk på land og mannskap på båtane
set stor pris på. Om du ikkje fekk ta turen i år - så
vert det sikkert ein ny anledning neste sommar.
Les og artikkel om veteranbåttreff i Furenes i 2002
Sus
av gamle dagar i Furenes |