Sus av gamle dagar i Furenes
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 28.09.2002
Furenes. Foto: Scandion.
Fjordabåtane har betydd enormt mykje for Nordhordland
og Gulen, og i dag var Furenes pynta til fest for å ta imot veteranbåtane
M/S Granvin og M/S Atløy. Ingen av desse båtane har hatt rute
til Furenes. M/S Midthordland kunne ikkje ta turen i dag, men redningsskøyta
Christian Børs var ein verdig erstattar.
Tunge mørke skyer ligg truande over Furenes i morgontimane.
I kulissane jobbar arrangementskomiteen med forebuingar for å ta
i mot både veteranbåtar og folk. I samfunnshuset er flittige
hender opptekne med å lage flotte smørbrød med fristande
pålegg, der reka - sjølvsagt er med. På kaia er det
den siste finpuss. Telt kjem på plass for ly, i tilfelle vergudane
slår seg vrang.
Foto: Scandion.
Mange kikkar opp for å sjå om skyene lysnar.
Ikkje betring i sikte, men regnet heldt seg vekke. Fleire kikkar på
klokka. - Dei er seine, seier ein. Sjølv for ein veteran kan tida
gå for fort. Det er disig ute i sundet. Fleire kikkar forventningsfullt
utover i håp om å være den første som får
synet av ein veteranbåt.
Foto: Scandion.
To skøyter kjem tøffande rundt neset. Reketrålarane
M/K Gulaskjer og M/K Furenes, dei einaste som no driv aktivt med tråling,
legg til kai. På dekk står fleire isoporkassar og Svein Kvamme
lettar på lokket og kan friste med ferske nykokte reker og krabbar.
Så kjem dei. Redningsskøyta Christian Børs
er i tet - med M/S Atløy og M/S Granvin tett bakom. M/S Midthordland
kan desverre ikkje kome, men redningsskøyta, frå 1937, er
i dag ein verdig erstattar.
Dalsøyra songkor. Foto: Scandion.
Lenge sidan det har vore fjordabåt i Furenes no.
Den siste gjekk frå bygda i 1970. Men folk har ikkje gløymt
dei. Det vitnar det gode frammøte om. Fotoapparat og video - her
skal alt forevigast når veteranane sig inn på vågen og
legg til ved den gamle dampskipskaia. Landgangen kjem på plass, og
alt er klart for at folk skal gjennoppfriske mange gode minner ved å
ta ein tur ombord.
Søskena Baarøy trakterte toradarane. Foto:
Scandion.
Velkomst
- Det er historisk at veteranbåtane no kjem til
Furenes, seier Einar Austgulen, handelsmann på kaia i 40 år.
Han helsar båtar og folk velkommen. Som handelsmann kjenner Einar
fjordabåtane både ut og inn. Det var BNR sine båtar som
traffikerte her, og Furenes var både endestopp og overnattingsstad.
Som pensjonist har Einar brukt mykje tid på å
lage sitt eige museum i gamlebutikken, og alle vart innvitert innom for
å ta ein kikk. Historia om fjordabåtane har fått ein
sentral plass i samlinga til Einar.
Foto: Scandion.
Underholdning
Dalsøyra songkor, under leiing av Agnar Mostrøm,
framførte kjente og kjære songar. Søskena Baarøy
trakterte toradarane som dei aldri skulle ha gjort noko anna. Det frista
og til ein svingom på kaia. To av mannskapet på redningsskøyta
Christian Børs, Lars Fauske (gitar) og Eyolf Sylta (trekkspel) oppfordra
til allsang. Sjølv ikkje trommande regn på teltduk og pressenningar
kunne ta gnisten av den stemninga som dei fekk fram med ramsalte melodier
på rekke og rad.
Eit vellukka veteranbåt-treff som sikkert vert arrangert
også neste år. Kanskje kjem då D/S Børøysund
til Furenes. Denne veteranbåten frå 1908 er noregs siste kolfyrte
dampskip - like gamal som gamle Oster frå 1908.
Les og artikkelen - Stø
kurs mot Furenes |