Austgulen Innkjøpslag
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 13.09.2004
I året 1946 etablerte gardbrukarane i Austgulen
sitt innkjøpslag. Ein vesentleg grunn til dette var at bygda då
ville få rutebåten til å ta Austgulen opp som stoppestad.
Til næraste handelshus var det 7 km veg, noko som
folk følte var mykje tidkrevande og slitsomt. Med eit innkjøpslag
ville det bli så mykje lettare på mange måtar og noko
ville dei og spare på vareprisane.
AUSTGULEN.
Håkon Austgulen var den første styraren i laget.
I første fase vart det nytta passande lokale i skulehuset i Austgulen.
Etter nokre år overtok Magnus Austgulen denne jobben og flytta salslokala
til passande bygg heime på sin eigedom.
I 1950 fekk dei oppført eit bygg på kaia
slik at det vart lettare både ved mottak og salg av dei varene dei
hadde valt å satse på.
Tida endra seg fort, - det kom vegsamband over Takledalen
og vidare utover mot riksvegen Halsvik - Rutledal.
Innkjøpslaget vart lagt ned i 1955. |