Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

     
Varehandel i Gulen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.02.2004

I Gulen og Brekke etablerte dei fleste handelsmenn seg i takt med det rutenettet Fylkesbaatane og Lindås Masfjorden Dampbåtlag la opp til utover på 1800-talet og kanskje særleg i første halvdel av 1900-talet. 

Båtrutene var sentrale i dette opplegget, for dei stod for transporten av dei fleste produkta som vart selde. Men det var ikkje lett å få rutebåtane til å stoppe langs leia på kysten og inne i fjordane. 

Fleire stader måtte i mange år nøye seg med å få borde rutebåten ute i sundet eller på fjorden, og laste om både varer og folk til dei storbåtane som vart nytta i det høve. Det oppstad i denne samanheng det som vart kalla "tjuaruter"; slike som tok frakting til dei mindre stadane. 

Desse båtane kunne legge til mindre kaianlegg - og hadde gjerne lågare fraktesatsar, noko som hadde mykje å seie for handelsmennene. 

Men etter kvart som bygdene, gjerne med handelsmenn i spissen, fekk oppført skikkelege brygger slik at større båtar kunne legge til, så overtok Fylkesbaatane snart både rutene og dei båtane som hadde trafikkert i konkurransen. 

Det var helst unge menn som fann grunnlag for å starte butikk i heimtraktene - og då var det ein handelsskule og litt praksis som måtte til for å få handelsbrev, noko som var pålagt for etablering av handel. Bygdefolket og handelsmenn "jobba" vanlegvis på lag - dei trengde kvarandre og dei ville gjerne skapa utvikling i bygda. 

Men nye tider og nye behov endra seg etter kvart på mange strukturar, og folk måtte ha betre kommunikasjon. Det vart bygt vegar med bruer som knytte samfunn saman. Og gradvis vart varetransporten flytta frå sjø til land. Dermed slutta mange handelsmenn si forretningsdrift på kaiområda rundt om. Nokre butikkar som låg lagleg til, kunne likevel halde fram, men stort sett har dei siste åra skapt rasjonalisering, sentralisering med sikker bedriftsøkonomi som overordna mål. 

Dette er historia om den rolla butikkane i Gulen hadde for folket. Stor takk til alle som har sendt innlegg - der dei fortel om opplevingar i og omkring butikken, og har med historie om start- og utviklingsfasar vidare. 

Du kan også lese innlegg frå kundar, spesielt dei som hadde dagsreise for å kome til handelsmannen. Fraktefartøy og agentbåtar som hadde nær tilknytning til handelsstadane ute i distrikta har og fått sine sider. Til slutt vil eg takke Einar Nordgulen for god hjelp i arbeidet med hefte. 

Ingolf Austgulen 

Innhaldsliste - Varehandel i Gulen

Fargerike år.... 
Travle dagar med handel 
Handelsmann Henrik Haveland
Frå Hyllestad som butikkjente til filialstyrar på Oppdalsøyra 
Handelsmann Olav Sognefest 
Handelsmann Sigvard Rutledal
Rutledal Handelshus 
Handelsmann Trygve Nordgulen 
Straume ...over sjø og land
Austgulen Innkjøpslag
Thoralf Westervik 
Skjerjehamn .. ei historisk perle 
Eidsbotn Handel 
Næss Landhandel 
Vakker dal mellom fjord og fjell 
Ellingsen Dagligvarer 
Sæternes Landhandel
Bremnes Handel 
Brekke Samyrkelag
Eivindvik - møteplass i Gulen
Mjømna ....det nye kommunikasjonssenter i Ytre Gulen
Nyhamar - sentral samlingsplass på Hisarøy
Starta forretning i stova 
Dingja - handels- og feriestad
Småmagasinet i Midthunvågen 
Guløy - ein av dei eldste handels- og rutebåtstadane i Gulen 
Furenes - eit maritimt miljø og base for reketrålere 
Haveland Landhandel 
Det var på Øyra det skjedde
E. Sellevåg på Ånneland 
Trivelege grender mellom fjella 
E. Ellingsen AS 
Dalsøyra Landhandel 
Byrknes - den folkerike øya ut mot havet 
Byrknes ... i sentrum der gamalt og nytt møtast 
Den første bilen i Austgulfjorden 
Oppdalsøyra - der folket i fjorden møtast 
Oppedal Handel
Fraktefart i Gulen 
Agentbåtane langs kysten
Agentbåten Måken

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal