Starta forretning i stova
Forfatter: Nora Gjerstad
Publiseringsdato: 07.07.2004
I 1927 starta Norvald N. Birknes som handelsmann på
Byrknesøy. Forretninga starta opp i den eine stova i privathuset,
og vart flytta til nytt forretningsbygg i 1940.
Heimen og forretningsbygget.
Norvald var gift med Helga, f. Gjerstad, og dei fekk fire
døtre. Varesortane var mange, men hovudtingen var kolonial.
I den tida måtte alt vegast - frå 25 gram
natron til kilovis med mjøl, sukker, kaffi, erter, gryn, kjøt
og pålegg m.m. Elles gjekk det på varer som knappar, nåler,
strikkegarn og -pinnar.
I taket hang oljekanner, kloggar, tresko og ymse andre
bruksting. Glasruter var og til sals; dei måtte kunne skjærast
etter mål.
Dei tjukke sjøkikkert-rutene var ikkje alltid like
enkle - runde var dei attpå til. I syskenflokken var det berre jenter,
så difor måtte dei lære seg å utføre dei
fleste gjeremål, for faren var tidvis mykje vekke.
Norvald
og Helga.
Før jul var det ekstra travelt. Dei spesielle
julevarene som dadlar, fiken, nøtter og mandlar var gjerne i lausvekt;
svært få varer var ferdig pakka den gongen. Druene kom i tønner
og låg pakka i kork - Ja, det var ei herleg tid.
På nyåret reiste gjerne karfolket på
fiske, men dei eldre, borna og kvinnene måtte jo ha til sin levemåte,
så det var alltid litt å gjere, sjølv om ein ikkje hadde
det like travelt.
Det viktigaste fisket, storsildfisket, var som regel avslutta
til påske. Dermed kom det ei hektisk tid med liv og røre utover
våren.
Då skulle heimefisket eller småfisket begynne,
og nøter måtte barkast, garn, nøter, ruser og teiner
ettersjåast. Såleis gjekk det mykje på tjøra,
kateku, blåstein og alle sortar tauverk. Inn imellom skulle einkvan
ha kloggesolar, spikar, måling (i pulverform) for å nemne litt.
Bruksbilen og Kirsten, eldste dotter i familien.
Om sommaren i størjesesongen kom det båtar inn
seint om kvelden for å proviantere. Då måtte butikkpersonalet
stille enten klokka var 24 eller 04 om natta.
Kjøpmannen hadde ikkje lov å nekte fiskebåtane
proviant same kva tid det måtte vere på døgnet. Dei
kjøpte sekkevis med skoft og kassevis med brød, margarin,
Viking-mjølk, kaffi og det dei elles trong.
Stengetid visste ein ikkje kva var.Når sommarfisket
var over, hadde ein gjerne "møtetid" i butikken. Karfolket kom dit
ofte i flokkar, og blei sitjande til langt på kveld.
I butikken var det både stolar og benker, ja - nokre
sat jamvel på disken. Mangt og mykje blei diskutert - og fortalt.
Karane løyste dei mest innfløkte verdsproblem, trudde dei.
Og for dei som ikkje tok del i "debatten" var det utruleg artig berre å
høyre på. Dessutan var slike stunder utruleg viktige som sosial
faktor. Det sveisa folk saman å kunne sitje slik å ha diskusjonar
om dagens problem som tidtrøyte.
Døtrene
Inger, Asta og Nora.
Stengetida skulle vere kl 20, og når butikkdama
kom med bytte og vaskeklut, hende det rett som det var at ein av karane
vaska golvet, slik at dei kunne sitje litt lenger utover.
Her skal vi ikkje gløyme den illeluktande spyttebakken;
den var som eit møbel på einkvar butikk.Men til og med innhaldet
i spyttebakken tok karane seg av - det var jo elles dei som forureina på
denne måten !
Handelsmannen sjølv var gjerne til stades så
seint på kveld, så jentene fekk oftast fri. Den dag i dag er
butikkmiljøet samtale-emne blandt folk som treffest igjen 40-50
år seinare.
Butikken låg halvannan km frå kaia,og transporten
gjekk med hest og vogn - seinare med traktor eller bil.
På båttur.
Norvald Birkenes dreiv også med fiskemottak; var faktisk
like oppteken av fiskebua som av butikken. Han var heldig som hadde jentene
å ty til.
Men Norvald var ein gemyttleg kar, god og snill som far
og medmenneske, og raus som arbeidsgjevar. Det var alltid god stemning
der han ferdast, enten han fór rundt og kjøpte opp hummar,
eller om sommaren tok imot tang og tare.
Alt skulle pakkast og transporterast, så han kunne
vel ikkje alltid få så mange timar søvn. Dei siste 10-15
åra satsa han elles på eggproduksjon. Ein del egg vart selde
i butikken, men mesteparten gjekk til Bergen.
I 1967 la Norvald Birknes ned forretninga på Byrknesøy. |