Brekke Samyrkelag
Forfatter: Bjarne Dåe
Publiseringsdato: 20.07.2004
1930-åra er ikkje berre kjend for si arbeidsløyse
og for sin kapitalmangel. Naud har alltid lært naken kjerring å
spinne, og i desse åra voks det fram innkjøpslag både
på Takle og i Brekkebygda.
Her vart nok ein del arbeid gjort på dugnad, men
denne måten å handle på, gjorde det mogeleg å spare
pengar på det som trongst på gardane.
Brekke Samyrkelag (COOP) Foto: Ingolf Austgulen.
Med røter i desse innkjøpslaga vart Brekke
Samyrkelag skipa den 5. nov. 1945 med 23 medlemer. Tomtespørsmålet
var ikkje enkelt og økonomien ikkje så sterk rett etter krigen.
I 1947 fekk laget tilbod om å kjøpe ei barakke
i Rutledalen for 650 kr. og laget fekk løyve til å setje ho
opp på kommunen sin eigedom, "Trekanten", nedanfor kyrkja i Brekke.
På denne tomta hadde floren og løa på
eitt av dei eldste bruka i Brekke stått, og staden var sentral i
høve til vegar og tilkomst den gongen.
29. april 1948 vart butikken opna med Normann Gausemel
som styrar. Sidan har laget hatt 7 styrarar, der dei to siste bør
nemnast særskilt. Ingunn Ynnesdal og Aud Berit Raae. Dei delte styrearbeidet
i mange år etter at laget hadde økonomiske vanskar i 1982.
Dei samarbeidde på ein flott måte og med oppslutnad av medlemene
berga dei drifta. I dei siste 6 åra har Aud Berit vore styrar åleine,
og attåt tenesta som butikkhjelp er ho den som har arbeidd lengst
i Brekke Samyrkelag.
Eit samyrkelag har både årsmøte og
styre, og Brekke Samyrkelag har hatt stor samanheng i styringa. På
dei snart seksti åra har det berre vore 6 formenn eller leiarar som
det heiter no.
På 40- og 50-talet var det stor tilslutnad til årsmøta
som gjerne vart markerte med store festar. Men i seinare år reknar
nok mange med at livet og butikkverksemda går sin gang om ein ikkje
tek del i styringa. Oppslutnaden om butikken har no likevel vore aukande,
kanskje mest fordi mange ser verdien av å ha 2 butikkar i bygda.
I mange år var laget på leit etter høveleg
tomt til ny butikk. Men vegplanane bar tidleg bod om endring, og kommunikasjonane
skifte fort på 60- og 70-talet, slik at noverande plassering vart
rimeleg sentral, endå nærleiken til kyrkja hindra utbyggingsplanane
noko.
Den nye butikken vart opna 27. november 1979. Og i 2001
vart namnet endra, nærmast etter diktat, til COOP Brekke BA, og vart
frå 1. jan. 2003 med i Marked-kjeda.
Det fyrste styret i Brekke Samyrkelag saman med den fyrste
styraren då butikken vart opna i 1948.
Sitjande f.v: Johannes J. Takle, Sigvald Oppedal (form.1945-62),
Mons Hjelmå.
Ståande f.v: Olav Wergeland, Harald Takle (form.
1964-82), Normann Gausemel (den fyrste styraren), Endre Takle (form. 1962-64)
og Erling Østerbø.
Styre og tilsette i Brekke Samyrkelag ved opning av den
nye butikken i 1979:
Ståande f.v. Harald Underdal, Harald Takle (form.),
Anna wergeland, Magnar Høydal, Bergljot Ynnesdal, Bjørn Takle,
Aud Berit Raae (butikkmedarb.), Thor Kolås (styrar).
Sitjande f.v. Selma Kolås og Ingunn Ynnesdal (butikkmedarbeidarar)
Nora Haugland (reinhaldar).
|