Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

    
Bremnes Handel
Forfatter: Berit Austgulen
Publiseringsdato: 15.08.2004

I 1949 tok Harry Bremnes til med landhandel på Bremnes. Den første tida leigde han eit buloft hjå ein nabo. Rutebåten måtte den tida borast med båt, både for varer, post og passasjerar. 

I 1952 vart det bygd kai i Naustvågen, slik at rutebåten kunne leggja til, og det vart bygd handelshus på kaia. 

Harry og Kathinka dreiv forretninga ei tid, men etter få år flytta Harry og familien til Bergen og vart verande der. Inga og Lars Bremnes styrde landhandelen ei tid etter at Harry med familien hadde flytta bort. 

Lars var mykje borte på fiske, så mykje av arbeidet fall på kona Inga og barna som var ei god hjelp for henne. 

Men etter kvart som barna blei vaksne og reiste bort, først på skular og seinare på arbeid ymse stader, vart det for tungvindt for dei som var att, attåt anna arbeid. 


Rutebåten "SÆBØ" - Bergen Nordhordland Rutelag. 
  

Forretninga gav for lite lønsemd, både for den som var eigar og den som styrte den. Ein vart samde om å leggja den ned. I 1964 vart forretningsdrifta avvikla. 

Berit Austgulen, dotter til Lars Bremnes, jobba på butikken i tidsrommet 1958-59. Ho fortel: ”Butikken var open frå klokka 14 til 16 og om kvelden då dampen kom. Det var alltid spennande å sjå kven som kom og reiste med båten. Ofte var det travelt på butikken, spesielt om kveldane, for då skulle alle ha ferske varer. Brød frå Fonnes Bakeri og kjøtvarer. Då måtte vi bak disken vera raske. 

Etterpå måtte vi henta posten på postkontoret, som låg i eit hus oppe i bygda. Ved dårleg ver, måtte vi bora båten. Men heldigvis skjedde ikkje det så ofte. Ein gong var det sterk vind med storflo. Båten skulle leggja til kaia. Mennene på kaia fekk båten fast, men så kom ein sjø og la båten hardt mot kaia og lagde eit stort merke på butikkveggen. Det såg nifst ut, men det gjekk bra den gongen også. Når levande dyr skulle sendast, vart dei tekne om bord med vinsjen. 

Om sommaren kom det ofte besøk av splint. Det var ikkje alltid så bra å vera åleine på butikken når dei kom. Ein gong såg eg at det kom eit heilt følgje. Då låste eg døra og ringte heim til pappa, slik at han kom og var saman med meg. Vi visste nemleg aldri kva dei kunne finne på”, fortel Berit. 

”Skulle vi ein tur til Bergen i veka, gjekk vi gjerne om bord i båten kvelden før og låg der. Elles måtte vi opp i 5-tida om morgonen. For båten gjekk frå Bremnes til Byrknes og låg der om natta, for å returnera til Bergen om morgonen. 

Då butikken og posten vart lagt ned, vart det eit stort sakn i bygda. Men vi som vaks opp då, har mange gode minne frå den tida”, avsluttar Berit Austgulen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal