Byrknes - den folkerike øya ut mot havet
Forfatter: Margot Grimeland
Publiseringsdato: 04.04.2004
Karl og Marta Birknes
Bestefar min, Karl Severin Endresson var fødd 28.september
1871, og overtok garden etter far sin. Då var han alt utdanna bakarsvein,
og starta opp med bakeri og handel i Nesevågen på slutten av
1800-talet. Plassen blir kalla ”Bakarmuren” den dag i dag, endå om
det berre er murane som no står att. Attåt handelen dreiv han
fiske og kjøpte opp skråmetare.
Rutebåten "Lindås" ved kaien på Byrknes.
I 1895 starta han med landhandel på bulemmen lenger
ute i vågen. Etter som eg har høyrt vart bua flytta frå
Børholmen, men det er noko usikkert kva tid dette var.
Brørne Karl E. og Martin E. starta sildesalting
i bua. Karl E. bygde kaia i 1902 og blei ekspeditør for rutebåtane.
Bustadhuset vart bygd i 1917, og då vart butikken flytta til kjellaren
der. Det var eige straumaggregat (dilkoaggregat), så der var lys
både i bua og butikken. Samstundes vart det strekt linje til krabbefabrikken
til Martin E.
LANDHANDEL OG SILDEKONTOR
Karl E. dreiv ein assortert landhandel med både
oljeklede, støvlar og elles det meste som fiskarane trong. Mange
notbruk vart utrusta med proviant og anna hos han. I landnotstida var det
samling av både snurparar og andre båtar.
Martin E. var tillitsmann i Noregs Sildesalslag, og hadde
eit lite sildekontor der fiskarane meldte inn sildefangsten. Samstundes
kjøpte dei proviant frå Karl E.
Det vart kjøpt mykje på ”borg” (kreditt),
og det var ikkje alltid like lett å få inn pengane.
Jenny og Tarald Birknes
Bestefar vart sjuk i 1940, og det gjekk fort nedover.
Då vart sonen, Tarald K. Birknes ( f.27/6 – 1909), som var far min,
henta heim frå fiske for å overta butikken.
MÅTTE TIDLEG KRØKJAST
Eg kom tidleg med i arbeidet på butikken,; 11 -12
år gamal. Det var vanskeleg å nå opp til vekta, så
far måtte byggja krakk som eg stod på.
Det var ikkje noko som heitte opningstider på den
tida. Kom der folk, så opna vi butikken kor seint det var, eller
om det var søndag.
Den gong måtte vi vega opp alt; sukker, mjøl,
havregryn – var alt i lausvekt og stod i store skuffer innanfor disken.
Artikkelforfattar Margot Grimeland
SIRUPSTØNNA OG EG
I størjesesongen var det mykje liv på hamna.
I helgane og når det var stygt vêr, kunne det liggja så
mange båtar at vi nesten kunne gå over vågen frå
kaia til Kalvøyna på andre sida.
Handelen var god når fiskebåtane kom inn.
Ofte kom dei inn og låg frå fredag til søndag. Vi fekk
då lange handlelister som skulle lagast til. Det var min jobb.
Eg hugsar spesielt ein episode: Vi hadde eit stort sirupsfat
med propp, og ein båt skulle ha eit femliters spann med sirup. Eg
tok ut proppen og sette spannet under, men syntest det gjekk veldig seint.
Det var dans på Larskaia, så eg ville bort
og berre ta éin dans medan sirupen rann. Det var nok moro, for eg
gløymde heile sirupen! Då eg hugsa på det, var det runne
ut over golvet både innanfor og utanfor disken. Gode råd var
dyre….!
Eg spadde sirupen i bøtter og kasta på sjøen;
eg arbeidde i mange timar. Utanfor disken var det sementgolv, så
ein kan tenkja seg sjølv…… Eg grudde meg for å seia det til
far, men han tok det fint. Han sa at dette kunne ha skjedd med alle, og
at eg måtte ha vekt han så han kunne ha hjelpt meg. Eg gjekk
aldri meir frå sirupsfatet under fylling!!
FRÅ ”MJØLHUS” TIL MEIERI
Vi hadde eit lite hus som vart kalla ”mjølhuset”,
der det var lager for 50 kg sekkar med diverse mjølsortar og anna.
Etter kvart kom varene pakka frå grossist, og dei vart då sette
rett i hyllene. Huset vart då ombygd til meieri, som vi leigde ut.
Mor Jenny var meierske der i mange år, til meieriet vart flytta lenger
nord på garden.
MINNE FRÅ 1950 – TALET
På 50 – talet gjekk rutebåtane Seimstrand,
Alversund, Lindås m.fl. frå Bergen til Byrknesøy. Det
var ein 5 -6 timars tur; ofte lenger dersom den skulle om Fedje. Båten
kom om kvelden i 20-tida, og låg til ca klokka fem om morgonen. Når
båten kom om kvelden med ferske brød og kjøtvarer;
vanlegvis fredagane, opna vi butikken som vi ofte heldt open til i 21 –
22 tida.
Laurdag kom båten oftast i 19-tida og låg
til søndag kl. 16. Det samla seg alltid mykje folk på kaia
både når båten kom, og når den skulle gå.
Mest folk var det søndagane.
Ofte var det ruskevêr, og båten kunne vera
timar forseinka. Med springflo og mykje vind, kunne det ofte vera utriveleg
medan rutebåten låg ved kaia. Var redd den kunne gjera skade,
for det var ingen molo då.
Posten vart utlevert på butikken. Ein gong i månaden
kom trygdesjefen frå Eivindvik og hadde kontordag på butikken.
BP (British Petroleum) sette på femtitalet opp ein
oljetank på kaia, slik at fiskarane fekk kjøpa solar til båtane
sine.
Midt på 50-talet starta vi opp med filial på
Kversøy. Butikken heldt til i kjellaren til Bernt Trovåg,
og det var eg som styrde butikken. Det gjekk veldig fint å styra
filialen, for her var mange kjekke folk som hjelpte meg med tunge tak.
Far hadde ein motorbåt som han frakta varer med. Var det stygt vêr,
leigde vi større fartøy. Eg hugsar spesielt ei jul det var
storm og regn, og det var problem å leggja til lands.
Om kveldane gjekk eg på vitjing til naboar; spesielt
på ”Jakta” til Asta. Då måtte eg over eit sund med robåt.
Konstanse Kversøy og Anne Marie Trovåg var og gode å
ha. Eg kan ikkje hugsa at eg var einsam her ute denne tida.Vi dreiv her
i ca to år, før butikken vart overteken av Georg Bårøy.
Eit vondt minne skriv seg frå tida kort etter krigen.
Fiskebåten ”Lindøy” gjekk ned ved Kversøy morsdagen.
Eg hugsar ”Lindøy” låg ved kaia laurdag, der dei provianterte
før dei drog ut. Klinton, fetteren min, var mellom mannskapet på
båten, og var ein av dei som omkom.
ORDNA ARBEIDSTID
Først på 60-talet fekk vi meir ordna arbeidstid.
Dei tre butikkane på øya vart samde om å ha felles opningstid.
Det vart lite å leva av for to familiar, så
i 1964 starta far min, Tarald, fiskemottak i bua i samarbeid med mannen
min, Odd. I 1967 overtok Odd og eg butikken åleine, og far min dreiv
fiskemottaket fram til han vart sjuk i 1973.
Vi kjøpte ein gamal bil som vi brukte til å
bringa varer til kundane.Vi hadde mange gode kundar frå øyane
kring Byrknes, så fredag og laurdag var det masse båtar som
la til kaia og handla. Det var moro!
På 60-talet bygde vi om butikken. Vi fekk bort spyttebakkane
og benkane som stod utanfor disken; noko som hos mange var lite populært.
Kvar dag etter kaffi kom gamlekarane og inntok benkane til ein god prat.
Butikken vart driven fram til 1974.
FRÅ SJØ TIL LANDTRAFIKK
På 60-talet vart det slutt på dei gamle rutebåtane.
Då var det buss Bergen –Fonnes, og ein mindre båt; ”Byrknesøy”,
som gjekk vidare til Byrknes. Den gjekk fram til byrjinga av 80-talet då
det vart ferjerute mellom Leirvåg og Sløvåg, og Gråvik
og Byrknesøy. |