Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

     
Ellingsen Dagligvarer
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 02.09.2004

Ei tradisjonsrik handelsbedrift i Brekke, ei av dei eldste i kommunen, tilhøyrer familien Ellingsen. I den gamle embetsmanns - garden Lovisendal starta Eiler M. Ellingsen - fødd 1854 - handel i 1887. 


Embetsmannsboligen Lovisendal, der handelsmann Berner Ellingsen dreiv forretning i mange år. 
Foto: Ingolf Austgulen. 
 

På same tid var han ekspeditør for Fylkesbaatane. Sonen, Berner Ellingsen fødd i 1900, overtok handelsdrifta i 1920, og dreiv forretning til etter krigen. Han hadde mange tillitsverv, bl.a. i kjøpmannsorganisasjonar og innanfor samferdsel. 

Harald og Ivar, sønene hans, bygde nytt og tidmessig forretningsbygg på kai-området i Brekke. Huset ligg lagleg til ved hovudvegen og nær det tidlegare ferjeleiet i bygda. 

Forretninga fører eit allsidig vareutval og har hatt ei fin utvikling. Ved sida av handelen i Brekke hadde brørne Ellingsen i nokre år filialdrift i Sygnefest i dei ledige lokala der. 

For Brekke-samfunnet har det hatt stor verdi at det framleis er to forretningar i bygda, Samyrkelag og Ellingsen. 


Det nye forretningsbygget på kaiområdet. Foto: Ingolf Austgulen. 


Ungdommar frå Brekke. Hans A. Bjordal, Berner Ellingsen og Lasse H. Brekke. Foto: Botolv Tynning. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal