Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

    

        
Eidsbotn Handel
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 07.09.2004

Thor Eide dreiv landhandel på Oppdalsøyra i åra 1950 - 54. På Oppdalsøyra var han også styrar av Austgulfjorden Smørlag og ved sida av dreiv han lastebiltransport. 

Etter nokre år på Oppdalsøyra drog han til Svalbard - der han var i ca. 5 år. 


Forretningseigedomen med bensinstasjon på Eidsbotn. 
Foto: Ingolf Austgulen.
    

På Eidsbotn hadde han førd opp bustadhus med lokale for butikk i første høgda - og denne vart opna i 1961. Ei større utbygging med langt større butikklokale kom i 1983. 

Bensin har vore eit viktig tilbod til kundane. Frå først av var det ei nikkepumpe til fat som vart nytta - men i 1970 kom det moderne anlegg med Statoil som leverandør. 

Forretninga har hatt aukande omsetning kvart år. Torgeir, son til Thor og Gjertrud, overtok drifta av forretninga i 1990. 


Medarbeidarar i Eidsbotn Handel (2003) 
Frå v. Gjertrud Eide, Torgeir Eide, Ove Glenjen og Bjørg Westervik. 
 

Thor Eide hadde i mange år konsesjon for drosjekøyringa i området - og dekka ein stor del av Gulen kommune. 

Gjertrud, saman med dyktige medarbeidarar, stod for handelen medan han var ute på køyringa - ofte lange turar som tok heile dagen. Alltid til teneste. 

Sonen Ivar overtok drosjekøyringa. Han, med sin familie, har bygd bustad nær forretningseigedomen på Eidsbotn.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal