Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

     
Eivindvik - møteplass i Gulen
Forfatter: Inge Sellevåg
Publiseringsdato: 18.07.2004

Eivindvik har sidan lang tid attende vore senter og møteplass for folket i Gulen. Dit kom dei ute frå øyane og andre stader i kommunen med ymse gjeremål. 

Eivindvik hadde lekjar, lensmann, prest og andre viktige kontor og var knutepunkt for rutebåttrafikken. Frå byrjinga av førre hundreåret vart staden også ein sentral handleplass. 


Peder Rasmus Sandal og kona Gjertrud. 
   

I fargelære 
Soga om handelsstaden Eivindvik tek til med Peder Rasmus Sandal, ein driftig kar frå Breim som gjekk fargelære i Bergen og i 1881 - 26 år gammal - kjøpte eit lite fargeri i Fonnevika på den andre sida av sundet. Han budde der til 1892. Då flytte han og huslyden over til Eivindvik og sette bu i ei lita stove som var pakta frå prestegarden. 

Etter ei tid flytta han også fargeriet same vegen og frå 1897 vart han ekspeditør for Fylkesbaatane, som hadde hatt Eivindvik på rutelista sidan 1862. 


Kaien til Peder R. Sandal ein roleg dag tidleg på 1920-talet. 
   

Arbeidet som ekspeditør var dårleg betalt. Det gav berre 5-10 øre i kaipengar per kolli og den første tida var det ikkje kai i Eivindvik. Båtane som hadde Sogneruta - "Fjalir" og "Framnes" - måtte bordast med robåt ute ved ein stad som heitte Tangen, og så rodde dei godset inn til land. 

For å ha ei attåtnæring som kunne hjelpa på økonomien byrja Sandal med litt handel i kjellaren der han budde, og den 20.01.1900 fekk han handelsbrev. 

I 1900 gav direksjonen i Fylkesbaatane Sandal eit lån for å byggje kai i Eivindvik på vilkår av at han ikkje ekspederte andre dampskip ved kaia. Ein mann frå Bremanger utførte arbeidet og var særs dugande. Han henta stein på austsida av Kirkeneset og murte kaia utan dykkarhjelp. 

Anlegget var ferdig i 1901/02, og fundamentet var så godt lagt at det seinare ikkje trong vøling. Etter det kunne dei største dampskipa til Fylkesbaatane ta seg inn sundet til Eivindvik - og i 1924 vart det støpt kaidekke. Det måtte takast opp att i 1961 og seinare, opp gjennom åra, er kaia dessutan fleire gonger påbygd og utvida for å gje plass til nye verksemder. 

Bilete av Ansgar Sandal. 

Nybygd bu 
Handelen som Peder R. Sandal dreiv vart i 1905 flytta ned til ei nybygd bu på kaia, og i 1921 overtok sonen Ansgar Sandal verksemda. Han vart frå 1927 også postopnar på staden - og i 1931 bygde han ein ny, stor forretning på kaia. Han vart i 1937 forhandlar for Norsk Brendselsolje AS og sette opp ein stor lagertank som vart eit av "landemerka" i Eivindvik. 

Ansgar var ein særs driftig handelsmann. Han hadde teft for å få tak i dei rette varene som var lette å selja og utvalet i butikken var godt. 

Betjeninga var også godt likt og han hadde ei eiga evne til å knytte personlege kontaktar i den stadig veksande kundekrinsen. 

Sandalskaia var eit omgrep rundt om i kommunen, og dei som kom dit måtte sjølvsagt innom forretninga. 

Ikkje berre var der mangt spanande i hyllene, men også høve til å slå av ein prat, gjerne også bli sjarmert av dei trivelege butikkdamene til Sandal´en. 


D/S "Alden" ved kai i Eivindvik ca. 1925 med slagside fordi alle ville stå på babord side for 
å sjå på livet på Sandalskaia. 
  

Forretninga på kaien vart utvida i 1936, og i 1954 vart det ført opp eit nytt forretningsbygg i mur. 

I 1960 vart det bygd eit lagerbygg i ei høgd, og i 1964 fekk det påbygt ei ny høgd slik at det var plass til ein god bustad oppå lageret. 

Ansgar Sandal gav seg etter kvart attende som forretningsmann og leigde kaia og forretninga ut til andre, først til Øystein Haveland - og så i fem år til Einar Ellingsen, handelsmannen på Dalsøyra. 

I 1980 kom Per Sandal, son til Ansgar, attende frå eit utanlandsopphald i Danmark og Skottland, og overtok faren si verksemd. 

Per Sandal og Marta bygde nytt forretningsbygg i 1986, og Marta opna frisørsalong. I tillegg til daglegvarer starta han med jernvarehandel. Posten flytte inn i same bygget. 

I 1990 bygde han også eit marinaanlegg for småbåtar ved butikken og bidrog slik til at Eivindvik også held tritt med den nye tida, og er ein stad som sommarstid trekkjer til seg folk frå mange kantar. 

Per og Marta Sandal.
 

  


Eivindvik hamn i dag sett frå sjøsida. 
  

Handelshus 
Per og Marta Sandal har no trekt seg attende frå forretningsdrifta. I 2000 vart butikklokala og lagerbygg utleigd til Eivindvik Handelshus AS, der Sigvald Kidøy er disponent og dagleg leiar. Han var tidlegare elverksjef i Gulen Kraftlag. 

Mykje er endra sidan Peder R. Sandal kom roande frå Fonnevika for over hundre år sidan og starta handelsverksemda, men staden har gjennom skiftande tider teke vare på sitt særpreg og sin sjarm. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal