Frå Hyllestad som butikkjente til filialstyrar
på Oppdalsøyra
Forfatter: Elisa Dyregrov
Publiseringsdato: 29.09.2004
- Reisa til Oppdalsøyra minnest eg vel. Med rutebåt
frå Leirvik gjekk ferda rundt fjordane til Skjerjehamn. Dit kom eg
seint ein kveld i fælande ruskever, og tok inn på hotellet
der.
Dagen etter kom det ein liten open motorbåt framom
holmane, og turen vidare innover tok til. Då vi steig i land på
Oppdalsøyra, vart me møtte av nyfikne karar, som sjølvsagt
var spente på å sjå denne Hyllestad-jenta som dei hadde
frett skulle komme.
Elisa Dyregrov
Nye jenter - butikkdamer óg - var etterlengta i desse
noko avstengde bygdene. Det var spennande med nye andlet, nye folk på
staden. Mange av dei andre jentene som kom farande andre stader frå,
vart verande her i fjordane og på øyane lenger ute i Gulen.
Eg var ei av desse.
Eg fekk mitt "pikeværelse" i det nye forretningsbygget
på Oppdalsøyra. Isolasjonsmateriale var heller lite brukt
på den tida, men også andre ting som kunne gjere tilværet
triveleg, mangla.
Parafinlampa gav lys, oljeomnen varma, og maten kokte
me på primus. Vatn måtte me bere frå elva, som gjekk
100 m unna. Trøste og bere kor kaldt det var vinterstid.
Elles var det enkelt på alle vis i butikken. Me
hadde ei diskvekt og ei lagervekt. Oljepumpa var handdreven,og oljefata
stod utandørs. Golv og diskplater var av tre, og dei måtte
skurast til gangs, for reint skulle det vere. Det var smått med hylleplass
til varene, og arbeidsbenkar var det lite av. Trekassar og krakkar vart
tekne til hjelp.
Vareutvalet derimot var ikkje lite eller enkelt. Alt måtte
me ha av det som kundane ynskte å finna på bua. Hadde me ikkje
varene, var det å røkje etter kor dei var å få,
og så var det å få dei i hus så snart råd
var.
Det minst trivelege med arbeidet var salet av varer frå
sekkar som kunne vege 100 kg. Grynmjølet var visst bestseljaren
på den tid, men det gjekk mykje på sammalt kveite også.
Fint kveitemjøl var dyrt, men litt fint mjøl ville likevel
folk ha til finbaksten.
Så var det fórmjølet då; ei
vare som verkeleg hadde høgsesong støtt der inne. Bøndene
kom med hest og kjerre og handla.
Dei hadde med seg smør, ost og egg i byte. Og
sjølvsagt hadde dei med seg handlelappen frå kona. - Då
var det å springe med eg vann, frå butikken til lageret og
til sjøbua. Mange kom for å handle på same tid, men
det var tolmodige kundar i bygdene då.
Handelsbua på Oppdalsøyra.
Hjelpsame var dei óg. Dei gav ei hand med når
tunge ting skulle flyttast eller løftast. Dei hjelpte til med sirupsfata,
som gjerne vog opp til 300 kg.
Begge sortar skulle dei ha, både mørk og
lys sirup. Sjølve hadde kundane med seg tomsekkar til mjølet.
"Folkemjølet" gjekk det mest på, og me auste og auste - 15,
20 og 25 kg, alt etter som. Auser hadde me i fleng. Det var viktig at dei
var turre og reine. Var dei fuktige, blei det berre heft med dei.
Heller ikkje måtte dei få slag eller dunk
i framkant, for då glei dei ikkje inn i den vara som skulle ausast.
Det var ei tid med mykje slit. Men sterke var me i armar
og bein. Til sist greidde eg å flytte 100-kilosekkar. Eg lærde
meg knepet med å bruke knea som jekk, og armar og rygg vart spende
til rykk. Grimasar i fjeset under operasjonen høyrde til.
Her var ingen dreng å rope på når eg
var åleine, og åleine var eg om arbeid og ansvar, også
når natta kom og bua var tom for folk. Men eg var ikkje redd for
skrømt. Fantasien rakk ikkje lenger enn til å finne senga
for å kvile ut.
Opningstida i butikken var om lag slik: Alltid budd til
å tena kundane på beste måte. Butikken vart om kveldane
nytta som opphaldsstad for dei som skulle møte rutebåten til
eller frå byen. Og båt var det mest kvar seine kvelden. Der
sat reisande, dei som skulle sende beist eller anna, ekspeditøren,
postmannen og andre. Og her vart det underhaldning og historier. Båten
til byen var alltid sein; klokka kunne gjerne verte eitt om natta.
Unggutar var det mange av. Som før nemnt hjelpte
dei til når det trongst, men dei same karane gjorde fantestykke óg.
Stundom måtte eg ta igjen for det, tykte eg. Ein
gong bad eg ein av desse karane om hjelp til å finne fram i den rikhaldige
kannehaugen.
Her var linolje, terpentin, sprit og feitolje, og her
var salmiakk. Den siste var det inga moro å selje. Han lukta fælt
når han vart tappa på flasker. Det reiv i nasen. Her såg
eg eit høve til å gjere denne kjekkasen ei prette. - "Drag
no godt inn", sa eg, og han så gjorde.- Han synte seg ikkje på
bua på fleire veker, og vart min uvenn i lengre tid. Konkurrenten
vår, Wesetvik, var nok ikkje lei for at kunden fann vegen til butikken
hans.
Men soga slutta ikkje med det. Finskjørtet mitt,
som var hengt på snora nyvaska og fint, var ikkje å finne att
då eg skulle ta det i hus. Augo saumfor området ikring - hadde
vinden teke det, tru ? Der - i toppen på apalen utanfor handelsbua
- flagra det så fint eit skjørt i vestavinden. Hemnen var
nok søt som honning for ynglingen som vart lurt til ein salmiakkrus
av ei butikkjente. Ein annan ungdom klatra så gjerne i apalen for
mi skuld.
Smørbutter i returembalasje.
I desse buttene blei smøret sendt med "Dampen"
til Bergen, og kom tomme i retur.
Bytehandel var vanleg. Som nemnt kom folk med smør,
egg og ost - og fekk varer att for dette. Smøret kom i ambarar.
Der var store, mellomstore og små av desse. Mange var svært
fine og forseggjorde med namn innskorne.
Me vog smøret, pakka ambarane i kassar og sende
til Bergen. Egga vart pakka kvar for seg i papir og lagde i trekassar.
Før det måtte me gjerne vaske egga, som ikkje alltid var så
reine.
Men vaska egg heldt seg ikkje så godt. Difor måtte
me bruke skjønn og sjølve avgjere kva som skulle vaskast
og kor mykje.
Alle desse sendingane måtte me "tralle" til kaien
for lasting. Opp og ned, ned og opp frå butikk til sjøbu sprang
føtene mest av seg sjølve av gammal vane. På sjøbua
var alle dei tunge varene - grovsaltet, hesjestrengen, spekesilda, tjøra
og oljen. Spør om dette var slit. Slik held det fram år etter
år på Øyra for dei som dreiv handel i dei små
buene.
Handel på krita tykte eg var ufyselege greier, men
nokså vanleg på den tida. Ein kom liksom mellom borken og veden.
Det var hardt å måtte nekte varer til kundar som hadde nådd
grensa for kreditt, særleg når det var andre til stades i butikken
samstundes. Men før det vart sett strek, hadde me i velvilje strekt
oss så langt råd var. Me måtte og ha pengar for å
betale dei varene som kom frå byen, så me måtte til tider
vere strenge. Likevel, bøndene i Austgulfjorden var ikkje dei som
hadde det verst.
Så hende det meg - som så mange jenter som
tok seg arbeid i nye bygder. Eg vart glad i ein gut, kjernekar, som heitte
Guttorm Dyregrov. "Fast fisk" blei det først under ei sognestemne
i Eivindvik. Guttorm var då telefonarbeidar som så mange andre
her i fjordane. Han var stadig på reise, men det vart no tid for
oss to likevel. Vi vart busette i Dyregrov, og tok over garden der i 1929. |