Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
øre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

     
Fargerike år.... 
Forfatter: Thorbjørg Birknes
Publiseringsdato: 04.10.2004


   
I dei gode gamle dagar 
var det handelsmenn i kvar ei vik. 
Men tidene har skifta, 
det er ikkje lenger slik. 
Dei få butikkane me finn 
har vakse seg så store, 
og mange nye matprodukt 
har me no fått på bordet. 

Går me og skal handle, 
må me finne allting sjølv. 
Med handlekorg på hjul 
me leitar etter gamalost 
og sirup, brød og mjøl. 
Frå kjøleskåp og frysedisk 
me plukkar med oss smør 
og mjølk og kjøt og frosen fisk. 

Så stiller me i kassakø, 
det går ´kje alltid fort. 
Maskina finn ut prisen, 
ein treng ikkje tenkja stort. 
Alt må betalast "fix kontant" 
med pengar eller kort. 

Når du er ut att komen 
kan det vel stundom hende 
at du får ein liten prat 
med naboar og kjende. 
Men butikken som ein møteplass 
er nok "ein saga blott". 
Og den gamle handelsmannen 
er nok borte no - for godt. 

EIN BUKETT BLIDE JENTER I GULEN - BUTIKKAR 


Thorbjørg og Bergljot Kjellevoll (Dalsøyra Landhandel) 


Irma Høyland (Ola Midthun) 


Solveig Wesetvik (Oppdalsøyra - Nyhamar) 


Solveig Onarheim (Sandal - Eivindvik) 


Hildur Haveland ( Haveland Handel) 


Thorbjørg Haveland (Haveland Handel) 


 Thorbjørg Birknes 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal