Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

               
Furenes - eit maritimt miljø og base for reketrålere
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 30.04.2004

I 1922 starta Ingvald Austgulen opp med handel i ei av dei store sjøbuene på Furenes. Ingvald Austgulen var fødd i 1899 i Austgulen, gift med Bergitte Ynnesdal fødd i 1900 i Brekke. I nokre år hadde Ludvik Furnes drive salting av sild på Furenes, og hadde på kort tid bygt opp store buer, kai og plattingar for tønnesamling – tomme eller fulle av sild. Til og med lossa denne driftige mannen dei tyske lastebåtane til Furenes når det skulle skipast ut sild. Drifta tok slutt i 20-åra. 

Butikken Austgulen starta opp var innreia i andre høgda i den bua som låg på strandsida. Om dagleglivet i og omkring kaibutikken på Furenes i åra etter er det ikkje vanskeleg å få beretningar om. I alt åtte søskjen vaks opp her -og alle hadde si tid med butikken, posten og rutebåt-ekspedisjonen. 


Reketrålere på Furenes-vika. 
  

Kundane kom for det meste i sine robåtar i desse åra frå sør og frå nord i Brandangersundet. Heilt frå Sandebygda og Halsvik kom der folk for å handle. Ein del an kundane frå Fivelsdal og dalane ovanfor kom også gjerne gåande Furnesstranda. Det var skuleveien (3,5 km) for dei som budde på Furenes. 

Året 1937 vart det sett i gang storsatsing på nytt kombinert bustad- og forretningsbygg bak den store sjøbua på tomta. 

Samstundes blei det bygt ny kai med passande lagerbygg der. Med dette var eit sterkt tiltrengt behov dekka, for familien nærma seg ti i talet. Elles var tanken og trongen for større og betre butikklokale presserande. Alt blei betre for alle i familien –for kundane og for rutebåtane. 

Med så mange fiske-, reke- og spesialbåtar stasjonerte på Furenes, var det mest alltid noko som skjedde på vika, og som friska opp kvardagen. Rutebåtar kom mest kvar einaste kveld, låg gjerne til neste morgon og førde med seg gode opplevingar. 

Ingvald og Bergitte

Båtbyggeri, båtreparasjonar med slipp og lignende skapte også aktivitet og røre. Med rutebåtane følgde det alltid spenning; folk kom – folk reiste. Mannskapet på desse båtane vart godt kjende med folket i bygda. Dei fleste av båtmannskapet var frå Strilelandet, og ikkje så reint få av dei fann seg ektemakar i Brandangersundet. Dei blei kjende med kvarandre på festtilstellingar på Furenes. 

Når båten fløytte, kom forbi det skogkledde neset, var det å springe med kailyktene i full fart. Det skulle vere ei blank lykt i framkant og ei raud akter på kaia. Elles gjekk det svært enkelt for ”dampen” tilhøyrande Lindås Masfjorden Dampskipslag med å komme seg til kai, noko heilt anna enn når F.S.F-båtane la inntil, med vinsjing og stimrøyk både foran og akter. Våre båtar klabba ganske enkelt til kaia med ein spring i lengderetninga. 

Eit fint samarbeid var alltid tydeleg mellom mannskapet på båten og oss som skulle ta imot på kaia. I ruske ver var det viktig å få varene/lasta frå vinsjen inn i kaibygget. 

Men der var alltid villige hjelpesmenn både frå mannskap og frammøtte på land. Litt verre var det når vi hadde nattrute – Masfjordruta midt på natta ein gong i veka. Når ein av oss unggutane åleine skulle ta imot, gjerne den største av selskapet sine båtar, var vi nok skjelvne iblant. Spesielt i sterk nordavind (kuling) hadde fleire av båtane lett for å legge seg på tvers av vika, før fortøyningane var på plass. 


Einar Austgulen med gutane på isfiske i Brandangersundet. Furenes i bakgrunnen på bilde. 
   

For oss som var tenåringar, var det slett ikkje så lett å fange trossa som kom susande i lufta og skulle festast i ein fart. Det hende nok at det kom ein støyt frå skipsfløyta og båten bakka ut for å gå vidare i ruta. Dyr som stod i bua og skulle sendast, måtte ein ta seg av, og det blei ekstrastell fram til neste avgang. Slik var det berre. Dei levande dyra frå Brandangersundet var heldigvis ikkje så store. Okseposar vart dei gjerne kalla (dei av hankjønn då). Det vart mange turar med skyssbåten vår rundt i sundet for å hente alle desse dyra som skulle sendast til slaktehuset, eller dei dyra som oppkjøparen kom med for vidaresal. Vi fekk med det god røynsle med dyr og dyretransport, alle vi gutane i familien Austgulen. Men likevel, hadde vi ikkje hatt eigarane av dyra med i båten ”Porat”, så hadde vi stilt svakt. 

Omsorg og godt stell av eigne dyr var fantastisk å oppleve. Oppkjøparar blant dei mest kjende var namn som Njøten, Sævdal, Hatlem, Øksnes m.fl. Ombordlastinga var problematisk, men vi lærte oss teknikkar litt etter kvart. Forstod kor det beste lendet var, og retta transporten inn etter flo og fjære sjølsagt. Reingjering (spyling) av båten skal vi ikkje komme inn på (lite triveleg), men når det fall kroner på oss for jobben, tok ein dei naturlegvis med på ”kjøpet”. 

Like etter krigen slutta, kom det opp eit moderne tankanlegg, og seinare tank for parafin. Fraktebåtane på kysten og fjordane gjorde avtalar om kjøp av drivstoff etc, like eins var rutebåtane og andre flinke til å bunkre på Furenes. Ikkje minst viktig var det at båtane fekk høve til å fylle sine tankar med godt drikkevatn. 

Notlag, gjerne mange samstundes, kom ofte innom. Det var ikkje alltid så lett å borde ”nothundar” når dei skulle dele dei brøda som var igjen i kassane på lageret. Det var ikkje spørsmål om å leggje av til våre faste kundar, dei kunne kjøpe mjøl og bake brød sjølve, sa fiskarane. Vi kunne berre ikkje nekte, men heller ta ein ekstra tur til Guløy for å hente påfyll. 

 
I den siste tida rutebåtane gjekk, hadde B.N.R. mange typar båtar på ruta til Furenes. Alt frå ferjer til store fraktebåtar, - med salong plassert på dekk. Her lokalbåten "Askøy" - til vanleg byfjorden som ruteområde. 
Fiskarane frå øyane som kom for å selje fangsten sin, kunne også vere eit problem for oss unge butikksjefar. Dei kom med kassevis pale/småsei og liknende, og vi ville så gjerne handle med dei. Kjøpte ein fisken, vart det sjølvsagt handel – trekke frå – eit pluss for begge partar. Fiskesorten pale var berre ikkje det slaget som var lett å omsete fersk eller å salte for vidare salg. 
Når ”sjefen” kom heim utpå kvelden, var det lite skryt å få for handelen ein hadde utført. Då måtte alle i arbeid, sløye og salte i tønner og kar. Brosme, lange og torsk var fiskesorten som slo best an. 

Kundane for kjøp av fisk hadde vi i dalane ovanfor Fivelsdal, og sjølvsagt hadde vi eit marked i Austgulfjorden der filial-forretninga låg. 

Brandangersundet var elles eit kjent område for heime-industri, kiper, gavlar, korger og hummarstrutar – og halmsko ikkje minst. Rundt i mest alle hus sat dei med slik heimeindustri. Desse varene vart mykje brukte som bytevarer når ein gjorde innkjøp. 

Vegsambandet frå Eidsbotn og utover til Fivelsdal vart opna i 50-åra. Vi hadde ein god del kundar i dalane Svardal – Merkesdal og på Fivelsdal. Det var nå fare for å miste desse nå når vegen låg der, og det vart lettare å handle på Eidsbotn heller enn å dra til Furenes. Derfor vart det først i 50-åra etablert ein liten filial på Fivelsdal med opning nokre dagar i veka. 

Mest alle varene til denne filialen måtte gjennom forretninga på Furenes, der frå med motorbåten ”Porat” vidare til Fivelsdal. Ein veldig tung transportmåte var dette, og dei yngste i søskenflokken – både jenter og gutar – minnest dette strevet med gru. 

Om vinteren var Fivelsdalsvika til dels frosen til, og tunge tak vart det når ein måtte slå isen sund etter kvart som båten seig framover. Heldigvis var det ofte unggutar på Fivelsdals-kaia på veg for å handle, og desse var flinke til å gi ei hjelpande hand med lossinga og transporten vidare bort til utsalslokalet ved brua på Fivelsdal. 

Heilt fram til slutten av 60-åra – då veien frå Fivelsdal til Furenes låg ferdig - vart vareomsetningen til folk i søre del av Brandangersundet utført slik. Det vart store endringar etter at vegen kom. Rutebåtane slutta å gå i rutene som før, varene til forretninga kom med lastevogner, og etter kvart hadde leverandørane i Bergen sine eigne rute-opplegg med levering direkte til butikkane. Rutebilar, skuleruter m.m. kom dagleg. Vareomsetningen måtte óg leggjast om, - det vart varekøyring til dei kundane som budde lengst borte nokre dagar i veka. 

Einar Austgulen satsa vidare på oljelevering frå tankvogn – og hadde sine kundar både i Gulen, Brekke og Masfjorden. Det var nok ikkje alltid så enkelt å finne plass til tankvogna der oljen skulle leverast. Men etter kvart vart ein kjend, og mottakaren var alltid hjelpsam med drag av slange og andre tak som følgde med. 

Det vart ein del fråflytting i Brandangersundet i åra frametter, men i staden fekk dette distriktet ei rik utvikling med omsyn på hyttebygging. I åra framover til i dag har over 100 hytter blitt bygde her i sundet. Ei god kjensle er det elles at alle nedlagde gardsbruk med hus vert heldne i god stand. Mest alle desse blir nå nytta som sommarstad for utflytta familiemedlemmar. 

I Brandangersundet er det fin natur og gode fiskeplassar. Desse forholda har ført til at hyttebygginga held fram for fullt. Aktivitet med slik bygging og det som dette fører med seg i form av arbeid og materialbruk, er positivt. Det same kan seiast om solide kai- og båtanlegg som stadig er under oppføring. 

Forretningsdrifta på Furenes vart lagt ned då Einar Austgulen nærme seg pensjonsalderen. Familien vurderte vidare drift, men kom til at tida var inne for eit rolegare liv, så han og kona, Grethe, takka for seg. Einar Austgulen har etter det nytta butikklokalet til ei samling av gamalt butikkutstyr og ymse anna. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal