Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

     
Guløy - ein av dei eldste handels- og rutebåtstadane 
i Gulen
Forfatter: Einar Nordgulen
Publiseringsdato: 05.05.2004

Nyborg har truleg vore buplass frå Middelalderen av, og folk har livnært seg frå sjø, land og fjell med alt det naturen baud dei. Men der som elles i kommunen måtte brukaren – for å sitere Wergeland – "Ind at see, om Rug og Havre, tør på Fjeldets Branter klavre, uden at forkjøle sig ! 

Det blei ein gard, der budde gulingar som dyrka si karrige jord – og treivst. Vi kan for den saks skuld halde fram i poetisk form og overføre til Nyborg litt meir av Wergelands hyllest til Eivindvik : 

Der bag Roser Maagen bygger. 
Rugen i Morellens Skygger 
triner kjæk og kront paa Myr. 
Som et Solskin Bygget blinker, 
Men derover Heien synker 
lummer Velluktnat fra Fyrr. 

For det er idyllisk og frodig på Nyborg ! Under tidlegare tiders samlingar på Gulatinget såg folket på Nyborg skipa segle inn Gulafjorden på leit etter hamn i Eidsfjorden, Nordgulfjorden eller Austgulfjorden. Dei kunne sjå tingstaden, og dei kunne sogar ro eller sigle til tings og vere med der ting skjedde. Seinare slekter følte sterkt på dette i erindringar med historisk sus frå fortida. 


Bustaden på Guløy. Litt av bakeriet til venstre. 
   

I 1857 blei Elias Knutsson Furubotten fødd i Masfjorden. Han og kona, Aletta Katrina Gudmundsdotter, kom til Nyborg rundt 1880 og Elias begynte som handelsmann der, etter først å ha drive handel i Fonnevika.

Alt i 1885 sende han - med støtte frå heradsstyret - søknad til Fylkesbåtane om at Nyborg blei sett opp som stoppestad. 

Folket i Austgulen og Nordgulen søkte året etter om å få stoppestad ved Hammarnes, no kjent som Levra. Det var viktig dette med å få båtane til å komme innom. 

Nyborg blei stoppestad i 1890. Men då hadde Elias med familie flytta der ifrå til Kilstraumen, mens Ole Eriksson frå Sandnes i Masfjorden, som hadde drive handel og bakeri i Kilstraumen, kjøpte Nyborg på auksjon. Det blei på ein måte eit makeskifte. 
Ole Erikson var gift med Marta Lovisa Botolvsdotter frå Torsvik. 


Bakeriet slik det står i dag over 100 år gamalt. 
   

Ole Eriksson opna straks bakeri og handel på Nyborg. Stoppestaden blei registrert som postopneri frå 1. april 1891 under namnet Guløy. Ole bygde ny steinkai på Nyborg i 1893/94, sette opp eige bygg for bakeriet og bygde på våningshuset. Guløy blei så telefonstasjon i 1905. Den første meldinga som kom dit, gjekk ut på at Noreg hadde fått sin eigen konge, Håkon VII. 
Meldinga kom den 7. juni; dagen då unionen med Sverige blei proklamert oppheva. 

I ein periode var det livleg handel på Nyborg. Smeden Hans Hansen Sande slo seg ned der, og etter kvart blei det relativt folksamt på staden. Ole Eriksson dreiv på Nyborg til 1929. Son hans, Erik Sandnes, gift med Synneva Henriksdotter frå Lærdal, tok då over bakeriet og handelen. Erik hadde vore maskinist i utanriksfart og for vide ikring frem til 1926. 

Bakeriet hadde den gongen ein fast bakar som heitte Johannes Nygård. Han fungerte som bakar på Nyborg frå 1898 til rundt 1940, men budde i Neverdal og måtte ro 2,5 km fram og attendekvar dag. Johannes var i periodar medlem av heradsstyret, og dei dagane det var møte i styret, begynte han å bake kl 03 om natta for å kunne bli tidsnok ferdig med arbeidet og ro til møtet i Eivindvik. 

Omnen i bakeriet var oppsett av eldfast stein. Den blei fyrd med furuvéd, for furu gav den beste varmen. På eitt år gjekk det med 30 mål véd. Når omnen var skikkeleg oppvarma, kara dei ut glør og kól or steikekammeret, så brødsteikinga kunne begynne. Omnen heldt gjerne på varmen dagen ut. Dei steikte småbrød først, for dei trong sterkare varme. Varmen i omnen var svært viktig for kvaliteten på brøda. 

På den tid hadde ein ikkje elektisitet, så det var ein heil jobb å frakte den véden som trongst til Nyborg. Ein god del av véden blei kjøpt i Masfjorden, og til å transportere den til Nyborg brukte dei motorbåten ”Rapp”. 

Ofte kunne veret vere eit problem under transporten; særleg kunne Masfjorden og Fensfjorden stå i eitt rók og såleis vere ein risiko for den fullasta båten. Men når dei nådde Brandangersundet, kunne mannskapet puste ut, for då var jamnast smult farvatn heilt til Nyborg. 


Motorbåten "Rapp" var flittig brukt. Alltid på farten med brød, folk og annan transport. 
   

Båten ”Rapp” hadde ein 12 hk Wichmann dieselmotor. Dieselen var relativt billeg på den tid, kr 17,50 pr fat (180 l). Men det var torvt til, for handelsmennene på Nyborg ytte god service. Dei brukte båten til å frakte brødkassar til handelsmennene rundt omkring, - ja, mannskapet bar til og med brødkassane inn bak disken. Kundane låg spreidde rundt i kommunen – Dalsøyra, Eidsbotn, Oppdalsøyra, Haveland, Eivindvik, Nyhamar, Sygnefest, Mjømna og Byrknes, og dessutan sende dei brødkassar med Fylkesbåtane til handelsmenn utanfor kommunen. 

Fiskarar og notlag visste om bakeriet på Nyborg, og dei henta brødet sitt der i sesongen. Fiskarane jobba ofte hardt og det skapte stor matlyst. Dette gjorde at dei kjøpte mykje brød kvar gong. Så må ein ikkje gløyme at den flotte kvaliteten auka etterspurnaden. Til og med tyskarane kom til Nyborg i krigsåra for å skaffe seg brød. Men dei bakte brøda sine sjølve. Dei hadde med seg skikkeleg godt mjøl, og heldt på eit par dagar om gongen. 

Som nemnt slutta Johannes Nygård som bakar på Nyborg då krigen byrja. Han hadde då bakt brød i 42 år. Ein av sønene til Erik Sandnes, Einar, begynte som bakar i 1939 og var med til bakeriet blei nedlagt omkring 1945. Erik Sandnes dreiv som handelsmann på Nyborg like til 1963. I tillegg til at han skjøtta drifta på det vesle gardsbruket, dreiv han ein del skyssing med båten "Rapp". Eldste son hans, elektromontør Oddmund Sandnes, gift med Gudrun Kjellevold, tok over på Nyborg i 1963. Son deira, Egil, gift med Grethe Nerdal, har eigedomen og bur på Nyborg i dag. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal