Haveland Landhandel
Forfatter: Hildur Haveland Nilsen
Publiseringsdato: 25.04.2004
Haveland hadde gjennom mange tiår to forretningar.
Saman med meieriet på kaia var dette kimen til eit aktivt miljø
på kaia. Gardane Tveit og Nordgulen, som hadde store, veldrivne gardsbruk,
skapte saman med anleggsdrifta på riksvegen Rutledal-Halsvik, kundegrunnlag
for dei to brørne Henrik og Elling Haveland, som begge dreiv forretning
på kaia.
Rutebåtane til FSF (Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane),
byrja å trafikkera på Haveland i 1910, og som så mange
andre stader rundt om i fjordane våre, vart rutebåten borda
på fjorden. Men i 1918 vart det bygd dampskipskai og veg fram til
denne. Den første kaien var laga av tre; seinare vart denne erstatta
av ein 26 meter lang betongkai.
Rutebåtkaia og butikken til Elling Haveland.
Elling Haveland fekk jobben som ekspeditør for båten,
same året som han starta Haveland Landhandel i 1918.
Året etter gifta han seg med Gjertrud Undertun og
dei fekk første barnet Solveig i 1920. Etter kvart kom der fleire
barn til, åtte i alt, seks jenter og to gutar. Alle måtte hjelpa
til på butikken, på garden og med telegrafen. Eine dottera,
Hildur Haveland Nilsen, fortel:
”Mor dreiv telegrafstasjon som låg vegg i vegg med
stova vår. Derifrå formidla ho samtalar, sendte og tok imot
telegram. Desse måtte vi barna springa ut med til mottakarane. Far
var meir enn ein handelsmann, småbrukar og dampskipsekspeditør.
Han var også
smed, snikkar og hjulmakar, og skomakar for heile familien.
I tillegg til alt arbeidet med båtanløpa,
måtte han òg tenna fyrlykta på Myreneset. Båten
kom nemleg om natta to gonger i veka - fem dagar kom den om kvelden”.
Elling
og Gjertrud Haveland
”Vi opna butikken klokka 8.30 om morgonen. Då kom
bøndene med mjølk til Nordgulen meieri. Nokon kom med hest
og kjerre, andre bar mjølka på ryggen. Deretter kom dei for
å handla.
Butikken hadde alt som skulle til i den daglege hushaldninga
og ein del anna som kunstgjødsel og dyrefôr.
Nesten alle handla på bok som vart gjort opp ein
gong i månaden…..vel….nesten då! Klokka 12 stengte vi butikken.
Då var det middagstid og andre gjeremål på garden.
Klokka 19 opna butikken att for kvelden, for då
var det på nytt meieritid. Folk kom for å handla - men det
var også dei som rett og slett kom for å prata. Alt frå
politikk til daglege ting var diskutert, og det var sosialt. Klokka kunne
bli både ti og elleve før vi stengte.
Laurdagskvelden var høgdepunktet. Då kom
båten frå Bergen. Det var fullt med folk på kaia, og
alle måtte få med seg kven som kom heim med kjærasten
for første gong. Elling stod ved landgangen og ønskte alle
velkomne heim. Båten hadde også med brød frå Martens
i Bergen, mange gode kaker, skillingsbollar, franskbrød og vørterbrød.
Nokre kommentarar og uttrykk som Hildur Haveland Nilsen seier ho aldri
gløymer:
”Du Elling, kan eg få ei flaske brus og ei rue,
og så må eg ha ei øskje snus og Blue Master sigarettar”.
Nokre bad om vørterøl.
Elling gjekk på bakrommet og henta øl. Det
var veldig viktig at etiketten ikkje var synleg.
Hildur
Haveland Nilsen
Under krigen og ei stund etter var det lite varer. Rasjoneringskort
måtte alle ha til det meste.
”Det eg hugsar godt når krigen var over var dei
gode sjokoladekaramellane frå Minde for fem øre stykket. I
krigsåra hadde vi ikkje fått verken appelsinner eller bananar
- det vart berre med songen: ”Når det kommer en båt med bananer,
da……” Kan enno hugsa smaken av appelsin som vi fekk til jul etter krigen.
Då krigen var slutt, var eg åtte år
gamal. Eg var i full jobb i butikken, der eg lærte å vega og
måla, lenge før vi lærte dette på skulen.”
Det vart bygd veg frå Haveland til Rutledal under
krigen, for at tyskarane skulle ha samband til festningsanlegget i Rutledal
og vidare innover i Sogn. I 1955 overtok sonen Henrik Haveland forretninga
og dreiv den ved sida av garddrifta. Han moderniserte butikken og fekk
støypt ny kai.
Vareutvalet vart betre. Agentane kom med eigne båtar
frå Bergen og tok opp bestilling. Endå følgde mange
fine år. ”Vi merka at folk fekk betre råd, slik at også
handelen gjekk betre”, fortel Hildur Haveland Nilsen.
Så starta arbeidet med vegforbindelse sørover
mot Bergen. Då var det mange anleggsarbeidarar som budde på
Haveland og dei møttest gjerne på butikken om kveldane. Etter
kvart var vegen ferdig og folk reiste med bil til andre stader for å
handle. Det vart slutten på landhandelen på kaien på
Haveland. |