Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
øre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

    

   
Handelsmann Henrik Haveland 
Forfatter: Ingolf Austgulen / Johan Haveland
Publiseringsdato: 01.10.2004

Henrik Haveland opna butikk på Haveland i 1926. Som så mange andre handelsmenn, hadde Henrik noko ved sida av. Han satsa på fraktefart og skaffa seg ei prektig skøyte, "Havblink". Den vart sett inn i rutetrafikk på Gulafjordane for Fylkesbaatane. "Havblink" vart ein kjend og kjær båt i denne trafikken. 

Eigar og førar var ein lun og triveleg mann som alle tykte om og som var sikker som fjell i ruta han trafikkerte. Han og mannskapet hadde solid røynsle bak seg på sjøen. Båten frakta også dyr, som vart heist ned i lasterommet med vinsj. 

Vi må óg ta med at Henrik Haveland var dristig nok til å setja i gang ei rute til og frå Bergen etter at krigen braut ut 9. april 1940. Han utførde opptil to ruter i veka, frakta varer og folk til stadane i Gulen. Denne farten varde nokre veker, fram til rutebåtane vart sett i fart igjen. 


Utsikt til kaiområdet på Haveland. Foto: Ingolf Austgulen. 
 

Det var svært mange som fekk hjelp av ruta som "Havblink" utførde. På byfjorden var det lagt ut minefelt, og fjorden måtte passerast på kryss og tvers etter kart ein fekk utlevert av den tyske hamnekapteinen i Bergen. 

På Håøy hadde dei tyske sjømilitære oppretta vaktstasjon for å kontrollera alle fartøy på veg mot sør og nord i skipsleia. På ein tur var det nære på at det gjekk gale med "Havblink" og alle som var ombord. 

Dei var på veg frå Bergen. Etter dei tyske påboda måtte dei gå opp til vaktstasjonen på Håøy for kontroll. Akkurat då var det ikkje vakt på kaia. 

Henrik Haveland vurderte det slik at ein fekk berre gå vidare, noko vaktstasjonen ikkje ville eller kunne akseptera. Det vart avfyrt skot etter "Havblink". Prosjektilet trefte og gjekk rett gjennom redningsbøya som var plassert på W.C ("dassen" på hekken bak), vidare gjennom styrehuset der den lagde stygge merker i benken (bestikken) - der skipparen på frivakta hadde lagt seg nedpå. 

Styrmannen Olav, bror til Henrik, var sjølvsagt skræmd av dette. 
- Kva gjer vi no ? spurde han Henrik. 
- Sløkk lanternene og kjør vidare nordover, var svaret. 

Det gjekk bra - dei kom dit dei skulle og lossa både folk og fraktegods på dei ulike stoppestadane i Gulen. 

Henrik Haveland var nok meir engasjert i fraktefart enn i butikkverksemda. Det var barna, med Håkon som den eldste og dei andre søskene som etter kvart vaks opp, som styrte med handelen. Hilda, som vart fødd i 1933, var svært dyktig i butikken, som då hadde mykje handel i samband med anleggsarbeidet på riksvegen og festningsanlegget i Rutledal i krigsåra. 


Bildet viser ein modell av den store fraktebåten "HAVELAND" 
  

Behovet for ein større fraktebåt tvinga seg raskt på. "Havblink" vart sett på beddinga til båtbyggjar Ragnvald Kalheim på Lid i Brandangersundet. Her vart båten forlenga med 15 fot og etter ombygginga kunne den frakta 90 tonn i kystfart. Båten fekk no "Haveland" som namn - og straks etter ombygginga vart den sett i trafikk på FSF si Solundrute. 

Johan Haveland, som var son til Henrik hadde sertifikat for større båtar og tok over førarjobben. 

På Solundruta er det mange historier som kunne vore fortalt - ikkje minst på og omkring stoppestadane i Ytre Solund, der havet står rett på. Det gjekk alltid bra, både med båt, kaptein og mannskap. 

Johan Haveland fortel elles om sterke minne frå oppveksten og kaimiljøet. Dei hadde ein 27 fots gavlbåt som vart brukt til skyssoppdrag, der Johan kom med i ung alder. Eit slikt oppdrag var faste ruter som det tyske vaktlaget i bygda skulle utføra med kontroll av telegrafstasjonen på Dalsøyra. Johan var ofte førar av denne båten, men var heller lite omtykt av dei tyske, både av vanlege soldatar og offiserar. Mellom anna fekk han ofte høyra han var "eine Kleine" skipper. 

Thorbjørg og Johan Haveland. 
Dei tyske soldatane lærte etter kvart både båt og motor å kjenna. Ein dag tok dei seg til rette og starta opp motoren sjølv, då dei skulle henta ved på stranda ute i fjorden. 

Han som fungerte som motormann (7,5 hk Union) overvurderte kunnskapane sine. Ved oppstart hekta svinghjulstappen seg fast i kleda på mannen. Han vart sterkt skadd og måtte i alle hast sendast til sjukehus i Bergen, der han vart operert. 

Johan Haveland fortsette føringa av båten, noko han sette pris på då det var litt pengar å tene på båtrutene. 
Den tyske vaktstyrken på Haveland budde i eit hus som dei hadde innteke, men dei fekk snart oppført barakker til kantine og liknande. Skulehuskjellaren hadde dei også til disposisjon. På Tveit og i Nordgulen var dei og installert hjå Olav Olsen og Andreas Nordgulen. 

Ingen stygge episodar oppstad mellom folket og dei tyske soldatane. Dei vart kjende med folket i bygda, og vaktsoldatane var vel glade for at dei fekk operere i eit roleg bygdesamfunn i Gulen. 

Johan Haveland hadde forretningstalent allereie i unge år. Han fann ein nisje å tena pengar på. Han skaffa seg kaniner og kaninbura plasserte han på bestefaren sine grasbakkar, der graset vaks fint og kaninane vart både feite og fine. 

Tyskarane, som han var blitt godt kjend med, kjøpte dei til mat. Kokken tok alt som Johan kunne ale opp. Prisen var fem kroner stykke levert levande. 

Litt bytehandel med tyskarane var også vanleg, for eksempel tobakk i byte med egg. Men det var ein aktivitet dei andre ungdommane i bygda satsa på; Johan heldt seg til kaninane. 

Eit minne frå kaia som Johan trekker fram var når "Gula" skulle anløpe og ikkje greidde å bakke opp. Båten køyrde seg fram i fjøra og vart ståande fast. Etter nokre timar med sterke wire makta dei å vinsje båten av grunnen og han forsette i ruta noko forseinka. 


Bustad og forretningsbygget til Johan og Thorbjørg Haveland. 
  

Butikken til Henrik Haveland var i drift fram til 1962. Heile forretningsbygget brann då ned til grunnen og det var ikkje aktuelt å byggja den opp att, fordi riksvegen frå Haveland og sør mot byen førde med seg omlegging av trafikk frå sjø til land. Då forsvann kundegrunnlaget. 

Mens vegen var under bygging budde anleggsarbeidarar i bygda - og alle møttest på butikken om kveldane. Då vegen vart ferdig byrja folk å reise med bil for å handla andre stader, og rutebåtane kom ikkje inn i fjordane lenger - og slik vart det førebels slutt på handelen. 

"Haveland" fekk nokre gode år i fraktefart på kysten mellom Trondheim og nordover til traktene kring Bodø. Etter nokre år her, vende Johan Haveland attende til heimbygda, då gift med Thorbjørg frå Steinkjer. Dei busette seg på Haveland, starta opp kioskdrift i 1968 og utvida til daglegvarer i 1973. 

I 1981 bygde dei seg nytt hus, bustad og forretning ved vegen Haveland - Rutledal. Også bensinstasjon kom i 1983. I 1992 vart butikken avvikla for godt. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal