Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

    
Agentbåten "Måken"
Forfatter: Alf Bogetvedt
Publiseringsdato: 17.01.2004

Båten ”Måken” var innkjøpt frå England. Den hadde vore nytta av The British Royal Navy i krigsåra 1940 – 45. Då den kom til Bergen, blei han nytta som såkalla tollkryssar i nokre år. 


Alf Bogetvedt

Haugland, busett på Nordre Haugland på Askøy, kjøpte "Måken" og bygde han om til agentbåt basert på kysten frå Bergen til Måløy. 

Alf Bogetvedt var i mange år agent for grossistar frå Bergen, og hadde sine kundar på handelsstader nordover kysten og i fjordane nord for Bergen. 

Bogetvedt har tidlegare laga ei framstilling om livet som agent, og den gode kontakten han fekk med handelsmennene langs kysten. 


Agentbåten "Måken" 

Klipp frå framstillinga 
Når vi kom til handelsmennene, var det ofte som å komme til slekt og nære venner. Stress var eit ukjent fenomen på den tid; handelsmennene kunne vanskeleg komme frå om dagen, så vi måtte vente til kvelden med vår ekspedisjon. 

Det var sjeldan handelmennene hadde berre éin kolonialgrossist å handle med. Med fleire leverandørar kunne dei trekkje kredittida ut. 

Dette hang saman med at handelsmennene såleis fekk fleire midlar i sirkulasjon - noko som fekk stor betydning sidan dei sjølve hadde mykje uteståande hos kundane sine. 

Salet til eigne kundar gjekk stort sett for det meste på bok (kreditt), og betaling kom først etter at kunden hadde fått oppgjer for leverte produkt som mjølk, smør, kjøt, - eller betaling for arbeid som dei hadde utført. Det blei fort oppdaga om det var konkurrentar i farvatnet samstundes med oss – og då måtte vi av og til leggje om reiseruta for å komme føre den andre. 

Det blei ikkje lite strev med å overtyde kjøpmennene om at det var betre å selje salt, sukker, gryn - for ikkje å snakke om sirup frå fat eller store dunkar - som ferdigpakka varer enn som varer i laus vekt. Etter kvart som det kom meir pengar blant folk, blei det lettare å selje i pakningar, sjølv om det blei litt dyrare. 

Agentbåten ”Måken” var svært populær ute i distrikta. Han blei til og med nytta som bryllupsbåt. På Stavang i Sunnfjord skulle dottera til handelsmannen gifte seg - og vi skyssa bryllupsfolket til kyrkja i Florø. Vi om bord i ”Måken” blei også inviterte til festen, som varte frå fredag til måndags morgon. 

Eg hadde dei fleste handelsmennene i Gulen som mine kundar. Vi starta som regel turen med besøk på Furenes, der vi bunkra for reisa vidare. Overnattingar tilpassa vi etter framdrifta og verforholda. På ni år hadde vi berre éin liggjedag på grunn av ruskever, og det var på Værlandet, og dagen etter at vi hadde blitt servert eit betre kveldsmåltid med hummar av Sverre Brosvik. Om sommaren opplevde vi eit tilvære som mange turistar ville ha misunt oss. Vi sa difor ofte : Vi blir betalt for noko som mange ville måtte betale for å oppleve. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal