Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

      
"Småmagasinet" i Midthunvågen
Forfatter: Ingolf Austgulen
 Publiseringsdato: 05.06.2004

Ola Midthun såg at det måtte vera marknad for ei forretning til ved sida av Sandal-butikken på kaien i Eivindvik. I 1927 førde han opp eit forretningsbygg nær vegen til Midtunvågen. 

Eivindvik, administrasjonsstaden i Gulen kommune, hadde allereie frå 1900-årsskiftet ei rik utvikling. I Eivindvik er det alltid eit aller anna i utvikling, som nybygg til kommuneetatane eller til dømes i bustadsektoren. I Midttunvågen, bygda innanfor sjølve Eivindvik, låg store, veldrivne gardar. 


Butikk og bustadhuset til Ola Midthun. 
   

Ola Midthun var forretningsmann. Han såg at her måtte det vera marknad for ei forretning til ved sida av Sandal-butikken på kaien i Eivindvik (Eivindvik sentrum). 

I 1927 førde han opp eit forretningsbygg nær vegen til Midtunvågen, og ved sjøen bygde han både bryggje og kaihus for mottak av varer til butikken. 

Forretninga til Ola Midthun var svært populær. Han var ein kjernekar og kom lett i prat med unge så vel som eldre. 

Han var humoristisk og alltid oppdatert om samfunnsaktuelle spørsmål. Midthun var med i kommunepolitikken i mange år, både i kommunestyre og formannskap, og representerte Det Norske Arbeidarparti. Han var òg med i forskjellige kommunale utval. Som dei fleste andre handelsmenn rundt om i kommunen, hadde han noko attåt butikkdrifta – i Gulen Sparebank var han styreleiar og revisor og han var revisor for kommunekassa. 

Det var ikkje enkelt å driva forretninga ved Midttunvegen. Alle varene som rutebåtane tok på land over den private bryggja, måtte berast til forretninga. Mange trappetrinn i sterk stigning, heilt fram til 1960. Då vart det teke i bruk handvogn etter at varene først kom i land på Sandal-kaia. I 1966 vart det skaffa bil til denne transporten til forretninga. 

Alt i 1930-åra markerte Midthun seg mellom anna med sterk ”marknadsføring” av sko. Han spesialiserte seg på området, og hadde godt utval i alt frå støvlar til fine skinnsko både for damer og herrer. Dette var populært for alle i kommunen. Ei anna vare han slo seg sterkt på var sjokolade og snopvarer generelt. Ingen andre butikkar hadde så mykje snop å velja i som han. 
Kor mange Lohengrin som gjekk ned på høgkant etter besøk i ”Småmagasinet” som butikken heitte på folkemunne, skal vera usagt. Men det dreier seg om svært mange. 

Etter kvart som tida gjekk, vart kravet til vareutval større. Ville ein vera med i galoppen om kundane, måtte ein ha større lokale, og i 1957 våga Ola Midthun å satsa. Han bygde nytt forretningsbygg, med bustad i andre høgda, eit tidsmessig kombinert bygg for den tida. Andre tiltak følgde på, som Eivindvik Smørlag og det vart mjølkemottak. 

Irma og Svein Høyland 
 
I 1968 vart forretninga leigd ut til Øystein og Gerd Haveland, som begge hadde erfaring med forretningsdrift. Dei hadde òg bustad nær forretningsbygget og dreiv fram til 1972. Då vart butikken lagt om til sjølvbetjening. 

Hall Midthun (son til Ola Midthun) tok over drifta, og han investerte i bil til varetransport og liknande. Men då han tok imot ei stilling i administrasjonen til Gulen kommune, selde han forretningseigedommen til Irma og Svein Høyland. 

Irma hadde vore tilsett i mange år som medarbeidar i butikken hjå Ola Midthun - ho kjende soleis tilhøva godt. Svein Høyland, som eigentleg kom frå Jæren, men hadde flytta til Ikjefjord, der Irma var frå, slutta som forretningsdrivande og dampskipsekspeditør i Ikjefjord for å ta over butikken i Eivindvik i staden. Høyland fortel vidare at han aldri angra på denne flyttinga. 

– Gulingane er greie å ha med å gjera og Eivindvik er ein trivleg stad å bu. Dei opningstidene som var praktisert, var ikkje alltid like lett å takla. ”Det var nok verst for oss handelsmenn som budde i same bygget som forretninga var”, seier han. 

Då Høyland gjekk over i stilling i Gulen Kraftlag, og kona fekk stilling på kommunekontoret, valde dei å innstilla forretningsdrifta og gå over på utleigebasis. Fleire meldte si interesse og fekk prøva seg. Konkurransen auka berre på og etter nokre år måtte dei gje seg. I 1991 blei forretningsdrifta avslutta for godt, lokale vart tekne i bruk til andre føremål. 

Svein Høyland er framleis busett i Eivindvik. Han har mange hobbyar, som jakt og bridge; og i den sistnemnde sporten reiser han rundt og konkurrerer. Glad i å fiska er han òg. Med svært god detaljkunnskap til kva som rører seg av fisk og sild i og nær Midttunvågen, så hentar han ofte opp mange gode fangstar, som kjempestor lyr, fin sild på garnet og rognfylte krabbar i teinene som han legg ut nede med stranda. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal