Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

          
Mjømna ....det nye kommunikasjonssenter i Ytre Gulen
Forfatter: Gjert Iversen
Publiseringsdato: 15.07.2004 14:03

På Mjømna og øyane i Ytre Gulen har det vore busetting i mange hundre år. Frå "jektetida" kan vi lese at det var mykje trafikk i leia frå Sogn og Nordland, og skutene la seg til vanleg i Glavær og ved Mjømna, mens dei venta på passande vind (bør) for vidare segling. 

På Mjømna som mange stader langs kysten har det starta i det små. Først med handel og dampskipsekspedisjon. 

Av dei store øyane i Ytre Gulen er Mjømna den minste. Eigen skulekrets vart oppretta i 1914. Fylkesbaatane eller "Nordre Bergenhus Amt", som det heitte den gongen, tok Mjømna opp i sine ruter alt i 1892. 

Gjert Iversen starta opp handel på Mjømna i ei sjøbu i 1886, der han på same tid dreiv tranbrenneri. 
Det har vore ei fin utvikling på handelsstaden i alle år frametter. Når handelen på Mjømna vart dreven av Gjert Iversen selde dei alle slags varer, ja til og med brennevin var å få kjøpt, ikkje på flasker, men det vart seldt frå eikedunker eller "Anker" som dei kalla det. 

På Mjømna var det ikkje kai for å ta imot rutebåten før i 1932. Båten måtte bordast i sundet, og ein kan tenkje seg det slitet det måtte vere å ro storbåten i all slags ver. Det vert fortalt at når rutebåten bakka opp vest av kyrkja i nordavind - så rak dei mest like til Migemaurskjæret før dei vart ferdig å laste og losse. Og så var det å ro med lasta båt mot vinden oppatt til handelsstaden. 

Ellers kan ein lure på kor folk fekk forsyningar, forbruksvarer frå i den tida. 

    


Handelstaden Mjømna - post og båtekspedisjon. 

På Skjerjehamn og på Blomholm var det "Kremmarleie" og etter slutt på Blomholm kom Børholmen, med både handel og gjestgiveri - så det var vel der dei rodde til for å få dekka sine behov. 

På sine småbruk produserte dei nok ein god del av trengande mat, - og så var sjøen eit godt spisskammer. 

Mjømna fekk postopneri i 1893. På same tid som det kom telefon til staden, - og Gjert Iversen var både poststyrar og telefonbestyrar. Dei tre fyrste åra som poststyrar var utan løn - ein fin service som folket sette stor pris på. 


Emma og Alf. 
   

Først på trettiåra overtok Alf Iversen, son til Gjert, handelsstaden og bygde bustadhus med butikk på kai-eigedomen. 

Alf var lite opptatt av opningstid, om folk kom seint så fekk dei det dei trengte. Det må nemnast at Alf var den som lot fiskaren få det som skulle til av proviant når dei rusta ut for langturar både sumar og vinter. Som oftast var det "krita" i slike høve, men Alf stola på dei han handla med, og det gjekk som oftast godt. 

Eg vil og få med at Shetlands-Larsen provianterte på Mjømna når han for gjennom sundet under krigen. Det er vel dei ferraste som har fått med seg. 


F.v. Bjarne Fagerbakke, Reidar Flethe (Førde postkontor), Odin Ottesen og Astrid Fagerbakke. 
   

Ny kai stod ferdig i 1933, ei av dei beste i leia etter utsagn frå dei som førde rutebåtane. Kaia vart solid murt opp frå botnen, - store mengder stein vart førd i lektere frå steinbrot nord og vest for Mjømna. 

Alf Iversen bygde seinare på eigedomen i fleire trinn. Til og med kom der opp eige rom for fødande, som jordmora - kona hans hadde å ta ansvar for i området. 

Når det fyrste tankanlegget kom på Mjømna vart det mykje lettare for fiske- og fraktebåtane. Eit stort pluss i konkurransen med Skjerjehamn og Eivindvik på den tida. 


Kaianlegg på Mjømna med båtbrygger. 
   

Alf Iversen var i tillegg til å vere handelsmann, aktivt med i styre og stell i kommunen i fleire periodar av sitt yrkesaktive liv. Han døydde i 1968 - og dotterera Astrid, som var gift med Bjarne Fagerbakke, tok over forretninga. Det var naturleg, for ho hadde det rette forretningstalentet og kjende både kundane og innkjøpsrutinane for handelen på Mjømna. 

Dei bygde om butikken, frå å ekspedere kvar kunde, til sjølvbetening i 1979. 

Etter at Skjerjehamn vart lagt ned som postkontor for øyane vart dette flytta til Mjømna med Astrid som poststyrar. Ho har sidan gått i farens fotspor med stadig utbygging og forbetringar. 

Ekspressbåtane til og frå Bergen gjer at Mjømna i aller høgste grad er eit knutepunkt for Ytre Gulen. Bussar og bilfarande rullar nå på vegane og over bruene som har knytt øyane saman. 
 


Bjarne Fagerbakke. 
  
I dag er det 4. generasjon som driv handelstaden på Mjømna. John Terje Fagerbakke, son til Astrid og Bjarne, er den som eig og driv staden nå. 

Utviklinga har vore ekstra stor dei siste åra. Det er kome tankanlegg både for bensin og diesel, med kortautomat, slik at ein til alle tider på døgnet kan få drivstoff. 

Det er i tillegg opna serveringsstad "Sjøbua Pub" - så ingen treng reisa forbi Mjømna utan å få noko i livet. 

Så ein får seia at ringen er slutta, det byrja med mat og drikke, noko det framleis er råd å få på Mjømna. 
 

  


M/K "AGTIV". Bygd i England i 1900. 60 fot lang og 14 fot brei. 25 HK Wicmann motor. 
Kjøpt til Mjømna 15/10 1920. 
Eigarar: Gustav Kversøy, Elvin Andersen, Gjert Iversen og Alf Iversen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal