Næss Landhandel
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 05.09.2004
Ole Andersson Næss, fødd i Hyllestad i 1868,
kom til Brekke i 1903 og kjøpte seg tomt for bustad og forretningsbygg.
Han var gift med Sofie Larsdotter Førsund, fødd i 1876 i
Kyrkjebø.
Sonen. Leidulf Næss, overtok seinare forretningseigedommen
og drifta. Han var på den tid ein svært drivande handelsmann
i bygda. Han fekk bygt seg eiga bryggje for lossing og lasting av varer
han trengde i handelen. For at båtane skulle kunne legge til kai,
måtte han byggje ein lang pir utover til det var brukbar djupne for
båtane.
Sjøbua til handelsmann Næss. Framfor ser
ein litt av kaipiren. I bakgrunnen forretningsbygget frå 1980.
Foto: Odd Næss.
Båtane som kom til kaianlegget hans dei første
åra, var "Stanley", ein av dei mange private som opererte i Sogn
og Sunnfjord i konkurranse med Fylkesbaatane. Seinare overtok FSF, og då
var det hovudsakleg lastebåten "Årdal" som la til der.
Ei solid sjøbu var til god nytte når varene
skulle til og frå handelsstaden, men frå sjøbua og opp
til forretninga var det brattlendt og slitsamt å få varene
i hus.
Det blei mange tunge tak med varetransporten opp til butikken
den første tida inntil det kom bil til gards. Slit var det også
på den lange piren utover fjæra.
Ein liten rest av kaipiren.
Odd Næss, son til Leidulf, har mange minner om dette
slitet med varetransporten frå båten til sjøbua og siste
etappe opp til butikken. Han hugsar også at han slo meir enn ein
stor spikar i den lange bryggja for å halde henne i brukbar stand.
I 1980 byrja familien Næss å føre opp
eit meir moderne forretningsbygg nær hovudvegen. Harald Næss,
son til Leidulf, overtok nå drifta. Men etter nokre år blei
forretninga avvikla, og lokala leigde bort til andre føremål.
Wergeland Elektro er nå eigar av bygget. |